SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Sogn og Fjordane fylke

Leikanger og Hermansverk er administrasjonsstad i Sogn og Fjordane fylke. (Grunnlagskart © Statens Kartverk)
Leikanger og Hermansverk er administrasjonsstad i Sogn og Fjordane fylke. (Grunnlagskart © Statens Kartverk)
Sogn og Fjordane fylke vart skipa i 1763 og omfattar landskapa Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Fylkesstyringa er delt mellom eit statleg forvaltningsapparat med fylkesmannen som fremste leiar og Statens representant, og eit fylkeskommunalt forvaltningsnivå, der fylkestinget er øvste folkevalde organ og fylkesrådmannen øvste administrative leiar.

Publisert 02.12.2002 13:47. Oppdatert 13.03.2006 14:57.
Både fylkeskommunens sentralleiing og dei fleste statlege administrasjonskontora ligg i Leikanger kommune. På desse sidene kan du lese den fargerike historia til Sogn og Fjordane fylke fram til i dag.

Fakta om Sogn og Fjordane

- punktvis oversikt.

Historia til Sogn og Fjordane fylke

· Dei første styreformene og fogderia
· Sogn og Fjordane fylke - eit resultat av heimlengt?
· Leikanger vert fylkesmannssete
· Eineveldig amtmann
· Folkestyre og fylkesting
· Utvikling av folkevalde organ og administrasjon
· Politiske parti og rørsler i Sogn og Fj.
. Jordbrukshistoria og landbruksorg.

. Fiskerihistorie og fiskeriorg. i Sogn og Fj.
. Nærings- og arbeidslivsorg. i Sogn og Fj.
. Organisasjonar i Sogn og Fjordane
. Det norske forsvaret

· Sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane
· Skuleutbygginga i Sogn og Fjordane
· Fylket som skipsreiar og vegbyggjar

· Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane
· Fylkeskommunen som kraftprodusent
· Fylkeskulturkontoret
· Fylkeskulturprisen

Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

· Fylkesordførarar og fylkesrådmenn

Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

· Amtmenn og fylkesmenn i Sogn og Fjordane
· Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i dag

Største arbeidsgjevaren

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i 2002 den største arbeidsgjevaren i eige fylke utanom Helse Førde: Totalt arbeider det 1.450 personar i administrasjon og ved fylkeseigde skular og andre institusjonar. Men fram til årsskiftet 2001/2002, då Staten tok over dei fylkeseigde helseinstitusjonane, var talet langt over det dobbelte. I helseinstitusjonane under Helse Førde arbeider det kring 1.800 personar – sjå Helse Vest.

Amtmann på eige initiativ

Nordre Bergenhus Amt vart skipa i 1763 fordi ein sogning så inderleg gjerne ville verte amtmann! I lang tid styrde amtmannen "nordfylket" frå Bergen. Sidan 1864 har fylkesadministrasjonen hatt tilhald i Leikanger.
Men Sogn og Fjordane har ikkje vore like eins heilt sidan 1763: Les meir om tida då Nordfjord og Sunnmøre var eige fylke, og om folket i Gulen som lenge var hordalendingar!

Fylkeskommunen kom på bana

Fylkesmannen hadde ei svært sterk stilling i fylkesstyringa fram til det vart innført direkte val til fylkesting i 1975, og ein fekk eigen fylkesrådmann og heiltids fylkesordførar.
Les meir om utviklinga av fylkeskommunen, viktige arbeidsoppgåver og milestolpar - og ikkje minst om harde stridar og distriktsmotsetningar fram gjennom tida.

· Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
· Video frå Sogn og Fjordane fylke



SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no