SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Fylkestannlegen i Sogn og Fjordane

I 1950 kom lova om folketannrøkt som gav born og unge opp til 18 år rett til fri tannpleie.

Publisert 06.02.2006 10:39. Oppdatert 28.02.2006 11:40.


Lova påla norske bykommunar å byggje ut fullverdig folketannrøkt straks, medan landkommunar vart stilte noko friare dei første åra. Ein viktig grunn for dette var den store mangelen på tannlegar kringom i landdistrikta. Florø var på den tida den einaste bykommunen i fylket, og vart dermed den første kommunen som bygde ut fullverdig skuletannrøkt. Elles varierte det mykje kva som vart gjort i dei andre kommunane i Sogn og Fjordane, alt etter økonomi og dekning av tannlegar. Lokale helse- og sanitetslag var ofte sterke pådrivarar for å få skipa folketannklinikkar kringom i bygdene.

Reidar Tveit

Tannlegemangel

I 1959 fekk Sogn og Fjordane eigen fylkestannlege som skulle ha det overordna ansvaret for utbygging av folketannrøkta. Dette var heilt fram til 1983 eit statleg embete som sorterte under Helsedirektoratet. Reidar Tveit vart tilsett som den første fylkestannlegen i Sogn og Fjordane og fekk kontorstad i Førde. I 1965 var folketannrøkta med eigne distriktstannklinikkar utbygd for alle dei 26 kommunane i fylket, men mangel på tannlegar gjorde at mange tannklinikkar stod ubemanna i lange periodar. Ved yrkesskulen i Førde vart det starta utdanning av klinikkassistentar, og seinare fekk ein også i gang utdanning av tannpleiarar. Frå 1983 vart fylkestannlegeordninga overført frå Staten til fylkeskommunen. I 1994 vart fylkestannlegekontoret flytta frå Førde til Leikanger.

Gratis under 18 år

I tillegg til å gje gratis tannbehandling til alle under 18 år, har tannhelsetenesta vorte utbygd til å gjelde fri tannrøkt til psykisk utviklingshemma og til eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. Ungdom 19-20 år betaler 25% av behandlingskostnadane. Også andre kan mot betaling få tannbehandling på distriktstannklinikkane dersom det er kapasitet.

Sogn og Fjordane er i 2005 delt inn i fire tannhelsedistrikt med i alt 35 tannklinikkar i den offentlege tannhelsetenesta, av desse seks ambulerande klinikkar.

Fylkestannlegar i Sogn og Fjordane:

Reidar Tveit 1959-1989
Guttorm Sørland 1990-1994
Halvor Solheim kst. 1994-1996
Tor Hildre 1996–1999
Gjertrud Marie Bøe 1999-2004
Erik Orten 2004-

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no