Politiet: Har god oversikt over kva som skjedde då vaier til 17 tonn tung vogn rauk på Bømlabrua
Ein person vart skadd då ein vaier til ei arbeidsvogn rauk på Bømlabrua sist veke. Vogna gjekk langs hovudstaget på brua, og vart hengande om lag 100 meter over havet.
– Årsaksforholda er rimeleg oversiktlege som me vurderer det per no, men eg vil ikkje gå inn i detaljar, seier seksjonsleiar Amund Revheim i Nordsjø og Miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.
Vogna veg 17 tonn. Den er sikra, men det er framleis ikkje avklart kva tid den kan verta heist ned.