Hopp til innhold

Politiet blei varsla først 41 minutt etter gasseksplosjonen

STORD (NRK): Arbeidstilsynet er varsla om ulukka ved Aker Solutions-verftet, der brann i ei grøft med gassrøyr førte til ein eksplosjon.

Aker Solutions-verftet på Stord

ULUKKE: Gasslekkasjen ved Aker Solutions på Stord i Vestland oppstod før klokka 12.30 fredag.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det er ei alvorleg hending, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Aker Solutions til NRK.

Folk i området blei umiddelbart evakuerte då gasseksplosjonen skjedde ved verftet på Stord klokka 11.47.

Totalt 12 personar har vore til helsesjekk. Seks av blei sett til av ambulanse på staden, ein av desse blei frakta til legevakt.

Resten blei sjekka hjå bedriftshelsetenesta. Førebels skal det berre vere snakk om lettare skader.

Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Aker Solutions

Odd Naustdal er kommunikasjonssjef i Aker Solutions.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Brukte 41 minutt på å varsle politiet

Aker Solutions vil gjennomføre ei intern gransking av hendinga.

Arbeidstilsynet er varsla om ulukka, og politiet har gjort sine undersøkingar for å finne ut kva som skjedde.

– Vi har avhøyrd ein del vitne, og sikra ein del bevis i form av bilete, seier innsatsleiar i politiet, Stian Dahl, til NRK.

Politiførstebetjent Stian Dahl

INNSATSLEIAR: Politiførstebetjent Stian Dahl ved Stord lensmannskontor.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Politiet fekk melding om hendinga først klokka 12.29, sjølv om hendinga skjedde klokka 11.47.

Fredag kveld forklarar Naustdal til NRK at deira eige industrivern rykka først og så tok kontakt med brannvesenet.

Det tok tid før politiet fekk beskjed, då dei ikkje observerte nokon som var fysisk skadd, opplyser han.

– Det kan vere vi har eit forbetringspotensial på det punktet. Det vil vere del av kva den interne granskinga avdekker, i så fall, seier kommunikasjonssjefen.

Vil bli varsla raskt

Jøran Solheim, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, seier på generell basis at politiet bør varslast så raskt som mogleg ved arbeidsulukker.

– Når det skjer ei ulukke eller uhell som fører til at personar blir skadd, eller det er mistanke om skade, er løysinga å sende melding umiddelbart til naudetatar. Arbeidsulukker er også noko politiet skal undersøke saman med Arbeidstilsynet, seier Solheim.

Han påpeiker at sjølv om ein ikkje ser fysisk skadde menneske umiddelbart etter ein såpass kraftig eksplosjon, bør ein vere obs på at det kan vere psykisk skadde personar i området.

– Når slikt skjer, må det bli varsla raskt til politiet. Så får heller naudetatane ta det ned basert på eigen vurdering, seier Solheim.

Han vil ikkje kommentere kor vidt Aker Solutions varsla politiet raskt nok etter hendinga fredag.

– Det må bli funne ut av i ettertid, seier operasjonsleiaren.

Brann i grøft med gassrøyr

Eksplosjonen skjedde etter at gass i ein kulvert antende, opplyser Naustdal.

– Kva som er årsaka vil undersøkingane gi svar på seinare, seier han.

Ein kulvert er ei grøft der det går diverse røyr det går gass gjennom, ifølgje politiet.

– Eksplosjonen har ført til at stålluker har gått opp i lufta. Desse er det ein del vekt i, så det har vore eit farepotensiale for dei som var på jobb i dette tidsrommet. Det ser vi alvorleg på, seier innsatsleiar Dahl.

Må stanse delar av arbeidet

No skal politiet undersøke kva arbeid som er gjort, om rutiner er følgde og sjå nærare på sjølve gassleidningane.

– Kva konsekvensar får dette?

– Umiddelbart må verftet stanse ein del arbeid på grunn av sikkerheita. Dei har gjort ein god jobb med å sperre av området sjølv og halde arbeidarar vekke. På sikt oppretter vi sak og vi må sjå om det får nokon konsekvensar, seier Dahl.

Naustdal opplyser at verftet har fleire store prosjekt på gang, mellom anna oppgradering av Njord A-plattforma, arbeid med Johan Sverdrup og Johan Casberg, og vindmølleprosjektet Highwind.

– Det er i samband med den aktiviteten vi har hatt på verftet no at denne hendinga har skjedd, seier kommunikasjonssjefen.