Hopp til innhold

Marcus drog ytst i havgapet for å få læreplass

Mangel på læreplassar og fagarbeidarar vert kalla ei varsla krise. Løysinga kan vere «meir mobile» ungdommar. – Dei kjem til å tene på det, seier kunnskapsministeren.

Energimontøren heng i stolpen på øya Ospa i Sollund

LÆRLING I ØYRIKET: Marcus er godt nøgd med å ta læretida i ei av Noregs vestlegaste kommunar.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

I fjor var Marcus Hansen ferdig med yrkeslinja og klar for ein læreplass som energimontør.

Han byrja å søke rundt i Bergen, der han budde. Men der var det trongt om plassen og snart såg han seg nøydd til å utvide søket.

Slik hamna ein søknad på pulten til kraftlaget BKK i gamle Sogn og Fjordane.

– Då tok det ikkje lange tida før telefonen ringde, seier Marcus.

For i Solund var det behov for han. Kommunen ligg ute i havgapet og er rekna som den vestlegaste i landet.

Marcus slenger verktøyet i bagen og tuslar innover i lyngen på øya Ospa der han og kollegaene Torbjørn Flatjord og Odin Moe gjer vedlikehald på kraftlinjene.

– Vi må ganske langt tilbake i tid sidan sist vi hadde ein lærling her ute, seier Torbjørn Flatjord, og skottar bort på lærlingen.

Han legg til:

– Vi trengde eit slikt tilskot hjå oss, vi har slite med å få tak i folk.

Gode kollegaer på Ospa

KOLLEGAER I HAVGAPET: Marcus (til høgre) er i godt selskap når han driv øyhopping i vedlikehaldets namn med kollega Torbjørn.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Ungdommen må bli meir mobile

Ein av fire elevar går utan læreplass, melde NRK i vår. Av 28.800 elevar som søkte om å få læreplass i fjor, var det 76 prosent som fekk det.

Oppskrifta på ei «varsla krise», ifylgje Mats Monsen, leiar i Fagforbundet ung. Han viser til utrekningar som viser at Noreg vil mangle rundt 100.000 fagarbeidarar innan 2035.

Regjeringa vil likevel ikkje lovfeste retten til læreplass, berre «eit likeverdig tilbod».

Det vart klart i den såkalla fullføringsreforma, som vart lagt fram i mars.

– Opplæring i bedrift er den absolutt beste måten å lære eit yrke på, seier Øivind Høines.

Han er seksjonsleiar for inntak, forvaltning og sluttkompetanse i Vestland fylkeskommune.

Tidlegare i år fekk fylkeskommunane 200 millionar kroner til å ruste opp tilbodet til dei som ikkje får lærlingplass.

Høines meiner mykje av løysinga på manglande læreplassar er at ungdommen må bli meir mobile.

– Elles kan jobben med å skaffe seg læreplass vere vanskeleg, seier han.

Indrevær i Solund

LENGST VEST: Med sine mange øyer, holmar og skjær er Solund den vestlegaste kommunen i landet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Best gå i lære hos bedrifter

Kunnskapsminister Guri Melby (V) var den som la fram fullføringsreforma. Også ho understrekar at den beste fagutdanninga er å gå i lære hos bedrifter.

Ho er difor glad for alle som vel å flytte på seg:

– Det er fint å høyre at ungdom faktisk gjer det og at dei tek sjansar og store steg for å faktisk få den læreplassen dei vil ha.

– Dei kjem heilt sikkert til å tene på det; det skal eg love dei, seier ho.

Ap og SV har programfesta at dei vil innføre ein lovfesta rett til lærlingplass. Medan NHO har åtvara mot det.

– Løysinga er heller å auke tilskotet til å ta inn lærlingar, og samstundes stille krav gjennom offentlege anbod at bedriftene tek inn lærlingar, sa skolepolitisk talsperson i Høyre, Mathilde Tybring-​Gjedde då fullføringsreforma vart lagt fram i mars.

Guri Melby

VIL TENE PÅ DET: Kunnskapsminister Guri Melby (V) er glad for alle som vel å flytte på seg: – Dei kjem heilt sikkert til å tene på det; det skal eg love dei, seier ho.

Foto: Jil Yngland / NTB

– Vert godt kjent her ute

Attende i Solund sørger Marcus for at øybebuarane har straumen i behald.

– Det blir flotte naturopplevingar. Vi er jo ute på dei fleste øyane og holmane, så du vert godt kjent her ute, seier han.

Energimontøren med stolpesko på veg oppover stolpen.

GODT SKODD: – Det bruka å vere litt vêrhardt her ute, då er det ikkje anna å gjere enn å ha på seg gode kle, seier Marcus medan han hektar på seg stolpeskoa og trakkar i veg loddrett oppover stolpen.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK
Lærlingen i arbeid på Ospa med briller for ei kvar anledning.

BRILLEFIN: Det hjelp ikkje å legge at verktøyet eller vernebriller heime når det er ein time med båt til arbeidsstaden.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK