Hopp til innhold

Statsministeren med klart svar til Ropstad

– Det er på tide at alle kjem heim, sa Kjell Ingolf Ropstad i dag tidleg om norske barn av IS-krigarar i Syria. Kort tid etter kom på ny svara frå hans eiga regjering, som viser eit klart Krf-nederlag.

AFP_1DK45O

Desse kvinnene og barna bur i al-Hol-leiren i Syria. Noreg har henta heim fem foreldrelause, norske barn som budde i leiren. Men regjeringa er splitta i synet på om mødrene bør bli henta heim saman med sine barn.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Dei norske barna som er i flyktningleirar i Syria er ei vanskeleg sak for regjeringa. KrF vedtok på sitt landsmøte at barna ikkje skal skiljast frå sine mødrer. Frp har på si side sagt at det er uaktuelt å hjelpe mødrene.

Mange andre har også ytra seg. Mellom anna har FNs høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, bedt dei ulike landa om å hente heim sine IS-kvinner og barna deira.

Noreg har til no henta heim fem foreldrelause norske barn, men å hente dei som har mødrer har ikkje regjeringa sagt at dei vil. I dag kom usemja på innsida av regjeringa på ny til overflata.

Selfie av ny regjering

På utsida verkar det ofte som at stemninga er god i regjeringa. Men av og til vert det tydeleg at debattane innanfor regjeringa kan vere heftige. Framtida til barna av norske IS-krigarar og deira mødrer er ei slik sak.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– På tide at alle kjem heim

I Politisk Kvarter i dag tidleg fekk Krf-leiar Kjell Ingolf Ropstad spørsmål om den vanskelege saka. Der vart det tydeleg at han som Krf-leiar meiner noko anna enn regjeringa.

– Me har fullt trøkk på den saka, og som Krf-leiar har eg vore ekstremt tydeleg på at me ønskjer å få heim alle.

Syria IS Children

Nokre barn leikar i al-Hol-leiren i Syria.

Foto: Maya Alleruzzo / AP

– Det vil ikkje Frp?

– Her har me hatt gode samtalar, me har jo vist at me har klart å få heim fem.

– Men det var foreldrelause barn. Kjem også mødrene heim neste gong?

– Me valde å få heim de foreldrelause først, fordi dei er mest sårbare. Og så jobbar me vidare med at me har tydeleg mål om å få heim alle.

– Det vert rapportert om umenneskelege tilhøve i leiren. Er det ikkje på tide at dei får komme til Noreg?

– Det er ein krevjande situasjon for både barn og mødrer i dei leirane. Ja, eg meiner det er på tide at alle kjem heim, men eg kjem ikkje til å kommentere eventuelle pågåande operasjonar, sa Ropstad og viste til at det på grunn av tryggleiken til barna er viktig å halde informasjon om eventuelle returar unna offentlegheita.

Tydeleg Solberg

Berre timar etterpå inviterte statsminister Erna Solberg pressa til jordbær og is i hagen til statsministerbustaden. Der skulle det siste halvåret summerast opp, og då var IS-mødrene eit sjølvsagt tema.

– Det å hente mødrene heim har ikkje vore regjeringa sin politikk så langt, og er heller ikkje noko me planlegg for akkurat no, sa Solberg.

Ho sa vidare at det er vanskeleg å hente berre barna.

– Me har ingen autoritet til å hente barna om ikkje mødrene vil at me skal gjere det, seier Solberg.

At det er vanskeleg å splitte mor og barn har også fleire ekspertar på barnerett sagt.

– Juridisk feil og uetisk å skilje IS-mødrene frå barna, har professor Elisabeth Fording Stang sagt til NRK.

Også kurdiske styresmakter, som Noreg må samarbeide med for å hente heim barna, har sagt til NRK at det er uaktuelt å skilje mor og barn.

X01161

Ein øydelagd teltduk kan også vere morosam å leike med.

Foto: Ali Hashisho / Reuters

Endå tydelegare Jensen

Framstegspartiets leiar Siv Jensen er heilt klar på at hennar parti står på heilt motsett side av KrF i den interne regjeringsdebatten om IS-mødrene.

– Her er Framstegspartiet ueinige med Kristeleg Folkeparti. Me har sagt ja til å ta heim foreldrelause norske barn, men meiner ikkje norske styresmakter skal gjere noko for å hjelpe norske, vaksne, kvinnelege IS-krigarar, sjølv om dei har barn.

Jensen understrekar at kvinnene frivillig har slutta seg til IS-kalifatet, og at barna deira har ein vaksen som kan ta vare på dei.

– Kor vanskeleg er denne spliden?

– Framstegspartiet sitt utgangspunkt er veldig klart. Me sa ja til å ta heim dei foreldrelause norske barna, og me har sagt at det stoppar der.

– Men KrF er ikkje einig i det?

– Nei, og det er ein ærleg sak.

AKTUELT NÅ