Erna Solberg om bom- og klimavåren

Statsminister Erna Solberg nådde målet om å få Frp, Venstre og KrF med i regjering. Men alle regjeringspartia slit på målingane. Sjå Solberg summere opp det siste halvåret.

Sjå Erna Solberg summere opp første halvdel av 2019.

På det siste kommunebarometeret til NRK fekk dei fire regjeringspartia til saman 35,6 prosentpoeng. Noko som er eit godt stykke unna målet dei har for valet i september. Når Erna Solberg no startar på sommaren veit ho godt at det ventar mykje jobb på andre sida av ferien.

– Eg tenker det går litt dårleg for alle dei fire partia i regjeringa. Eg trur det har litt å gjere med måten regjeringa vart fødd. Det var stor splid i KrF med fleire vanskeleg saker. Også har ikkje me vore gode nok til å snakke om dei offensive sakene. Me har ikkje vore gode nok til å vise kva me får til, sa Solberg om dei dårlege målingane.

Ho sa også at det er viktig å ta på alvor misnøya blant dei som demonstrerer mot bompengar og for klima.

– Eg trur me må ta signalet om at skattar og avgifter har blitt høge på alvor. Særskild når det gjeld det å reise i kvardagen. Dette er ting som er så nær på folk. Det betyr at me er nøydde til å jobbe med løysingar som fører til at me kan nå klimamåla våre, men samstundes ha eit nivå på reisekostnadar som ikkje gjer det for dyrt, sa Solberg.

Når det gjeld samarbeid med Miljøpartiet dei grøne og Folkeaksjonen Nei til bompengar utelukka ikkje Solberg lokale samarbeid mellom desse partia og Høgre på kommunenivå.

Solberg, Jensen, Grande og Ropstad

Erna Solberg klarte å samle dei fire partia lengst til høgre i norsk politikk. Saman med Siv Jensen, Trine Skei Grande og Kjell Ingolf Ropstad har ho no danna fleirtalsregjering.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Ring Nav før utlandet

– Det går bra i landet vårt, sa Solberg i opninga av sin tale.

– Eg er stolt av at me også ved inngangen av denne sommaren der at norske bedrifter melder om den høgaste veksten sidan 2012, at arbeidsløysa er lågare på same tid i fjor, og at det vert skapt fleire jobbar.

Solberg sa vidare at mange bedrifter ho besøker seier at det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, og at det difor er viktig å få fleire av dei som framleis står utanfor arbeidslivet tilbake i jobb.

– Eg seier til bedrifter at dei må ringe Nav før dei ringer utlandet, sa Solberg.

– Tøffe diskusjonar i regjering

Etter kvart kom statsministeren over på samarbeidet mellom dei fire partia i regjering.

– Me skal erkjenne at det har vore saker som er vanskelege oss i mellom. Tidlegare har me jo sett tøffe forhandlingar mellom partia på Stortinget. Diskusjonane er sjølvsagt tøffe i regjering også. Men dei føregår innanfor regjeringa. Men det er ærlege og naturlege tautrekkingar mellom fire parti som har mykje til felles, men som også er ulike på fleire område, sa Solberg.

Meiner bompengepartiet er teikn på fungerande demokrati

Erna Solberg har dei siste åra opplevd at fleire grupper i folket har protestert mot regjeringa sin politikk. Dette fekk mykje plass i hennar oppsummering.

– Det siste halvåret har me sett eit sterkt folkeleg engasjement. Me har sett barn og unge som krev klimahandling, og me ser veljarar som meiner grensa for bompengar er nådd. Slike tilbakemeldingar frå folk pregar, og bør prege, regjeringa sine diskusjonar og avgjersler, sa Solberg.

Ho meiner det at bompengemotstandarane stiller til val viser at demokratiet fungerer. Og ho åtvarar mot å ikkje ta demonstrasjonane på alvor.

– Om dei som protesterer opplever at me som representerer etablerte parti ikkje tek protestane på alvor, risikerer me at den sterke polariseringa og fragmenteringa me ser i andre land også kjem til Noreg.

– Me høyrer klimaungdommen

Solberg heldt fram med å seie at regjeringa tek klimautfordringane på alvor, sjølv om dei ikkje er einige i alle tiltaka som klimaungdommen har kome med.

Ho viste deretter til ti punkt regjeringa hever fram. Dei punkta omhandla mellom anna Paris-avtalen, klimabistand, biodrivstoff, satsing på kollektivtransport, elbil og el-ferjer.

– Me høyrer dykk. Me jobbar med det, og me kjem til å jobbe endå meir med det, sa Solberg til dei klimademonstrerande ungdommane.

SISTE NYTT

Siste meldinger