KrF vil tvinge regjeringa til å snu om IS-mødrene

KrFs landsmøte krev at Noreg ikkje skal skilje IS-mødrene frå barna sine, og at dei snarast skal bli henta til Noreg.

Trude Brosvik i Vestland KrF

Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for Vestland KrF, tok initiativ til uttalen.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Eg er stolt over KrFs landsmøte, seier fylkesordførarkandidat i Vestland KrF, Trude Brosvik.

Under Kristeleg Folkepartis landsmøte i helga tok ho initiativ til ein resolusjonen om ikkje å skilje IS-foreldre frå barna sine. Denne blei vedteken laurdag.

Det tyder at partiet ønskjer å hente IS-mødrene heim til Noreg saman med barna deira, der foreldra blir «straffeførfølgd på vanleg måte».

Kan nekte familiegjenforeining

Fersk partileiar Kjell Ingolf Ropstad understreka frå talarstolen at det i dagens regelverk er høve for å nekte utanlandske foreldre familiegjenforeining med barna sine, dersom ein ser på dei som ein trussel mot sikkerheita til riket.

– Eg er tilhenger av å bruke regelverket slik. Vi skal stille opp for ungane, men også verne om rikets sikkerheit, sa Ropstad, som også er barne- og familieminister.

Han seier det ikkje er aktuelt for KrF å stramme inn regelverket ytterlegare.

– Men det er ikkje riktig bare å gi enkle svar på kompliserte spørsmål. KrFs utgangspunkt er at vi ikkje vil stille krav til å skilje barn og foreldre, sa partileiaren.

I strid med familiepolitikken

For Brosvik var det viktig at partiet slo fast at det er i strid med KrFs familiepolitikk å skilje foreldre og barn i leirane i Syria, slik ho meiner at regjeringa til no har lagt opp til.

– Det er viktig at landsmøtet gir eit klart signal til partiet og dei vi samarbeider med, om kor viktig denne saka er for oss, seier Brosvik til NRK.

– Det hastar å handle.

Forslaget hennar blei sendt inn fredag og støtta av Ingunn Ulfsten i Akershus KrF, innstilt som 3. vara til sentralstyret, sentralstyremedlem Dag Sele og Geirmund Lykke, gruppeleiar for Trondheim KrF.

Ulfsten understrekar overfor NRK at dei meiner det er mogleg å ta vare på både barnas beste og sikkerheita til norske borgarar i denne saka.

Resolusjonskomiteen la så fram eit nytt utkast, som blei handsama og vedteke av landsmøtet laurdag ettermiddag.

Dette er hovudpunkta i KrFs vedtak:

  • Noreg må snarast hjelpe norske barn heim fra flyktningleire i Syria og Irak uavhengig av om dei er foreldrelause eller ikkje. Det kan ikkje vere ei forutsetning at de må bli skilde frå foreldra sine.
  • Noreg må auke den humanitære bistanden til desse flyktningleirane, særleg retta inn mot barna som lever der.
  • Foreldra må bli straffeforfølgd på vanleg måte.

Misnøgd med partileiinga

Fredag var Brosvik misnøgd med at Olaug Bollestad, som fram til då var fungerande partileiar, i sin tale i starten av landsmøtet ikkje nemnde kva ein skal gjere med IS-mødrene.

– Det er ikkje tilfeldig. Og eg likar det ikkje, seier ho.

Fylkesordførarkandidaten meiner det er problematisk at ein KrF-leiar ikkje understrekar kor viktig familiane er, også når det gjeld IS-medlemar.

– Her har vi tilpassa oss noko ein har forhandla fram i regjering, meir enn at vi tilpassar oss DNA-et til KrF når det gjeld menneskeverd, sa Brosvik til NRK.

Bollestad vil hjelpe ikkje-norske barn

Statsminister Erna Solberg (H) har opna for å hente heim foreldrelause, norske barn av IS-medlemar. I tillegg er ho open for å hente heim barn dersom foreldra vil la seg skilje frå dei.

Olaug Bollestad understreka i sin tale på fredag at det er med dei foreldrelause barna innsatsen må bli lagt inn først no

Men ho tek også til orde for å hjelpe barn som ikkje er norske – med humanitær hjelp.

– Vi kan ikkje fråskrive oss det ansvaret å gi humanitær hjelp og bistandsmiddel for å hjelpe ungar som er i naud. Det ansvaret må vi ta sjølv om dei ikkje er norske.

Dette blei også inkludert i resolusjonen som blei vedteken laurdag.

Eit splitta parti

Partiet vart splitta i to under haustens val av politisk retning, men søker no å samle seg om eit felles politisk prosjekt.

– I dag er vi alle gule, sa fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, då ho ønska landsmøtet velkommen fredag føremiddag.

Bollestad heldt deretter partileiars tale. Ho opna personleg med å fortelje om utfordringane ho og mannen møtte då han var sjuk. Ho trakk parallellar til menneskeverd og KrFs likeverdsreform, om å sjå menneska, jobbe mot sorteringssamfunnet og for inkludering.

Vidare var ho oppteken av eldrepolitikk, forvaltaransvar og å verne om familiebedrifter. Og familiepolitikk.

– Vi vil styrke, og ikkje styre familien. KrF set alltid ungane først, sa ho.

Sjå heile talen her:

SISTE NYTT

Siste meldinger