Hopp til innhold

Listhaug: – Det er ingen tilgjeving for IS-krigarar

Frp vil ikkje hjelpe norske barn av IS-krigarar om det også betyr at mødrene får kome til Noreg. – Det finst ikkje tilgjeving til dei som frivillig har blitt med i IS, seier Sylvi Listhaug.

Fremskrittspartiet arrangerer landsmøte

Konstituert 1. nestleiar Sylvi Listhaug og partileiar Siv Jensen i Frp på pressekonferanse i forkant av partiets landsmøtet til helga.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Dei har støtta bestialske handlingar. Med viten og vilje reiste dei ned. Då meiner eg det ikkje finst tilgjeving for noko slikt, seier Sylvi Listhaug, konstituert 1. nestleiar i Framstegspartiet.

– Så langt strekk ikkje min nestekjærleik og tilgjeving seg.

Ho snakkar om kvinnene som dei siste åra har reist til Syria og Irak for å slutte seg til IS. No sit fleire av dei i flyktningleiren Al Hawl i Syria.

– Dei har ingenting i Noreg å gjere, seier Listhaug.

Men nokre av kvinnene sit der med opptil fleire barn.

Sprikande standpunkt

Statsminister Erna Solberg har lova å hente heim dei foreldrelause norske barna, men å ta det fulle ansvaret for norske barn med foreldre, vil ho ikkje.

– Eit barn er foreldra sitt ansvar, derfor prioriterer vi å sjå på foreldrelause barn med norske foreldre eller norsk statsborgarskap, sa Solberg førre veke, og ho gjentek det overfor NRK tysdag.

Det same seier partileiar Siv Jensen i forkant av Framstegspartiets landsmøte førstkomande helg.

– Barna er først og fremst foreldra sitt ansvar, ikkje styresmaktene, sa ho på ein pressekonferanse tysdag.

– Foreldrelause norske barn har ingen omsorgspersonar. Barn som er ilag med foreldra sine, har omsorgspersonar. Det er to heilt forskjellige ting, utdjupar partileiaren overfor NRK.

Norsk IS-kvinne med to barn i leiren Al Hol

Ei norsk IS-kvinne (28) og dei to barna hennar i interneringsleiren Al Hawl.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Usamd med KrF

Barneombodet har slått fast at å skilje foreldre og barn er i strid med barnekonvensjonen.

Kurdiske styresmakter seier at det er uaktuelt å sende barn til Noreg utan foreldra.

Og i helga vedtok landsmøtet til Kristeleg Folkeparti å hente både barn og foreldra heim til Noreg - og at dei ikkje skal skiljast.

– Det er klart det er sprikande standpunkt. Men eg har ikkje høyrd nokon seie at det er greit å stå med opne armar, seier partileiar Siv Jensen.

Jensen avviser at ho vil skilje barn frå foreldra sine.

– Det er det eg ikkje vil. Vi meiner at barn som har foreldre, er ansvaret til foreldra, ikkje staten. No må Frp få lov til å ta sin debatt om kvar vi skal trekke våre grenser, seier ho.

Siv Jensen i Frp

Siv Jensen er partileiar i Frp.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Kvinnene er ikkje uskuldige

Jensen viser til at det vil kome opp nyansar i diskusjonane på landsmøtet. Ho spår at partiet vil samle seg om følgjande:

  • at IS-kvinnene og IS-krigarar ikkje skal hentast til Noreg med hjelp av norske styresmakter.
  • å hindre familiegjenforeining eller opphaldsløyve for folk tilknytt IS.
  • å trekke tilbake opphaldsløyvet til dei med IS-tilknytning som har fått det.

Partileiaren er oppteken av at kvinnene som har tilslutta seg IS ikkje blir framstilt som offer.

– Det pågår ein underleg debatt om IS-kvinnene. Dei blir framstilt som uskuldige. Det er eg heilt usamd i, seier Jensen.

Ho understrekar at kvinnene har valt å reise til IS sine område heilt frivillig. Partileiaren vil ikkje gå nærare inn på kven som framstiller kvinnene som uskuldige, men seier at «samfunnsdebatten i stort blir prega av dette».

AKTUELT NÅ