Hopp til innhold

Smittevernbrot kan gi elevar nedsett karakter

På Nesodden har rektor trua med å sette ned karakterar og vise bort elevar for å få dei til å ta smittevernet på alvor. Elevorganisasjonen er kritisk.

Fellesområde på Nesodden videreående skole

FEKK ÅTVARING: Elevar på Nesodden vgs. risikerer å få nedsett åtferdskarakteren om dei gong på gong bryt smittevernreglane.

Foto: Annika Nordlund

Kort etter skulestart i januar gjekk rektor Annika Nordlund på Nesodden vidaregåande skule ut med ei åtvaring.

Alle elevar skal føle seg trygge på skulen, og slik er det dessverre ikkje no.

Annika Nordlund, rektor Nesodden vidaregåande skule, på oppslagstavla 6. januar

På den digitale oppslagstavla til skulen skreiv ho:

«Dei første dagane på skulen har vi dessverre sett at mange av dykk ikkje klarer å ta ansvar, og dermed må vi innføre strengare tiltak. Alle elevar skal føle seg trygge på skulen, og slik er det dessverre ikkje no. Elevar som ikkje følgjer smittevernreglane vil framover få merknad, med mogleg resultat nedsett åtferdskarakter. Føresette vil bli kontakta og det kan bli aktuelt med bortvising.»

– Dei gløymer å halde avstand

Nordlund seier til NRK at ho fekk fleire meldingar frå elevar som ikkje følte seg trygge på smittevernet i ungdomsmiljøet.

Annika Nordlund, rektor Nesodden videregående skole

MÅTTE SI FRÅ: Rektor Annika Nordlund.

Foto: Privat

Det er først og fremst avstandsreglane som ikkje blir følgde.

– Ungdom klarer ikkje ta dei på alvor heile tida. Dei gløymer seg. Nokon gjer det heller ikkje når læraren seier frå, seier rektoren.

– Kva skal til for at elevar får nedsett åtferdskarakter og eventuelt blir viste bort frå skulen?

– Det er jo ei individuell vurdering. Men viss elevar gjentatte gonger aktivt motset seg å følgje smittevernreglane, då kan vi ikkje ha dei her. Vi kan ikkje ha elevar på skulen som utset andre for fare. Vi vil då kontakte føresette for å samarbeide om å lykkast betre.

Vi kan ikkje ha elevar på skulen som utset andre for fare.

Annika Nordlund, rektor Nesodden vidaregåande skule

– Målet med informasjonen min til elevane er jo ikkje å setje ned karakterane, men å ta vare på smittevernet på skulen, understrekar Nordlund.

Elevorganisasjonen er kritisk

Elevorganisasjonen er kritisk til at skular bruker nedsett karakter og trussel om bortvising som straff for brot på smittevernreglane.

– Vi trur at det er betre å leggje til rette for godt smittevern gjennom samarbeid og dialog med elevane. Straff er ikkje den beste måten, seier nestleiar i Elevorganisasjonen, Jo Sigurd Barlien til NRK.

Han peikar òg på at dersom skulen skal straffe elevane, må det stå i ordensreglane.

Jo Sigurd Barlien

VIL HELLER HA DIALOG: Jo Sigurd Barlien i Elevorganisasjonen seier at dei ønsker at skulane satsar på dialog framfor straff.

Foto: Elev.no

Kan berre sette ned karakter ved brot på reglement

Utdanningsdirektoratet seier at skular ikkje kan sette ned karakterane i orden eller åtferd utan at det har skjedd brot på ordensreglementet til skulen. Det skriv avdelingsdirektør Hilde Austad i direktoratet i ein e-post til NRK.

Ho seier at merknad kan vere eit av fleire tiltak ved brot på reglane.

– Ved gjentatte merknader kan nedsett karakter vere ein moglegheit. Før det blir tatt ei avgjerd om tiltak, skal eleven ha fått høve til å forklare seg munnleg og fremme si side av saka, skriv ho.

Hilde Austad, direktør i Utdanningsdirektoratet.

INNANFOR: Nedsett karakter kan heimlast i skulen sitt ordensreglement, seier Hilde Austad i direktoratet.

Foto: Utdanningsdirektoratet

Austad seier at Utdanningsdirektoratet ikkje har oppmoda kommunane til å lage nye ordensreglar med utgangspunkt i smitteverntiltaka. Det er skuleeigar som har ansvaret for å fastsette reglementet ved den einskilde skulen. Dersom nye reglar skal lagast, må elevar og føresette få høve til å uttale seg, skriv Austad.

Ho strekar under at det er viktig er at både elevar og foreldre er godt kjende med ordensreglementet og at regelverket blir oppfatta som fornuftig.

– Elevane er blitt flinkare

På Nesodden strekar rektor Annika Nordlund under at skulen gjennom heile koronaperioden har hatt tett dialog med elevar og føresette om smitteverntiltak, på digitale plattformer og i timen til klassen.

Ho fortel at då elevane kom tilbake på skulen etter jul, gav mange elevar uttrykk for at dei var overraska over at nokre medelevar framleis ikkje klarte å hugse på smittevernet, sjølv om det då var innført nye, strengare nasjonale tiltak.

– Då blei det sendt ut ei ny melding til elevane der vi informerte om at det kunne bli aktuelt å kontakte føresette og eventuelt setje merknad, viss tiltaka ikkje blei følgde. Etter det er reglane tatt meir på alvor, seier Nordlund.

Rektor Nordlund seier at elevane er flinke til å vaske pultar og bruke Antibac, og at dei har blitt flinkare til å bruke munnbind på bussen.

I alle pausar er det vaksne til stades i kantine og fellesområde for å snakke med elevane og minne dei på smittevernet. Rektor seier det er viktig at smittevernreglane blir følgde slik at elevar og tilsette skal føle seg trygge.

Det er ikkje registrert koronasmitte på skulen no, men Nordlund seier dei er veldig på vakt sidan Nesodden kan ha eit større smitteutbrot i emning. Alarmen gjekk etter at rundt 200 ungdommar var samla på Tangenåsen ungdomsskule på nyttårsaftan. Det blir vurdert som ein mogleg superspreiarhending, skriv kommunen på nettsidene sine.

– Får oss til å forstå alvoret

Elevrådsleiar Daniel Holm på Nesodden vidaregåande skule seier at han har stor forståing for rektor sitt utspel.

– Eg er litt samd med rektor. Eg trur skulen seier det med åtferdskarakteren for å få oss til å forstå alvoret, seier han til NRK.

Holm strekar under at elevane prøver å følgje reglane om ekstra avstand, sjølv om det er lett å gløyme seg.

Daniel Holm

Elevrådsleiar Daniel Holm må minne medelevar på å halde avstand.

Foto: privat

Han må ofte sjølv minne medelevane på det med avstand.

– Då responderer dei som regel umiddelbart og aukar avstanden, fortel han.

Skulen har mellom anna fjerna sofaer og auka avstanden mellom sittemøbel i fellesområda.

– Det er strengt no, men det er naudsynt. Ingen av oss ønsker ei ny nedstenging med heimeskule, seier elevrådsleiaren.

– Ingen ønsker heller å ta med seg smitte heim, med fare for at familie og kanskje besteforeldre skal bli smitta og sjuke.

Holm kjenner ikkje til at nokon elevar på skulen har fått nedsett åtferdskarakter for brot på smittevernreglane.

Nesodden videregående skole

Elevar på Nesodden vidaregåande skule risikerer å få nedsett åtferdskarakteren dersom dei gong på gong bryt smittevernreglane.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

Leide inn vektarar

Nesodden er ikkje den einaste vidaregåande skulen som har slite med å få elevane til å etterleve smittevernreglane.

På Horten vidaregåande skule i Vestfold måtte rektor i haust leige inn vektarar for å få elevane til å respektere smittevernreglane. Den gong sa rektor Gisle Birkeland at han såg brot på smittevernreglane kvar einaste dag. På grunn av vektarstreiken blei det kortvarig. No klarer skulen seg utan vektarar.

– Etter det har vi som er leiarar på skulen måtta gjere jobben. I tillegg til alt det andre vi må rekke, seier Birkeland til NRK.

Dersom elevar gjentatte gonger ikkje høyrer på beskjedar som blir gitt, så kan det gå ut over åtferdskarakteren.

Gisle Birkeland, rektor Horten vidaregåande skule

Han seier elevane framleis lett kan gløyme reglane om å halde avstand.

Gisle Birkeland inne på skolen.

MÅ MINNE OM REGLANE: Gisle Birkeland er rektor på Horten vgs. Leiinga på skulen bruker mykje tid på å minne elevane på å halde avstand.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

– Det er ikkje av vond vilje, men dei gløymer seg når dei sit saman. Då bryt vi inn og minner dei på at dei må halde ein meters avstand.

– Respekterer alle det?

– Vi er ikkje heilt der enno. Dersom vi ser fleire brot, må vi bruke dei sanksjonsmoglegheitene vi har i skulereglementet. Den seier at dersom elevar gjentatte gonger ikkje høyrer på beskjedar som blir gitt, så kan det gå ut over åtferdskarakteren. Men vi er langt unna det enno. Det vi ønsker å gjere, er å rettleie, ikkje straffe, seier Birkeland.

Problem mange stadar

Fleire stadar i landet har elevar klaga over at det er vanskeleg å halde avstand på skulane.

På Sandefjord vidaregåande skole gjekk to elevar ut i steik fordi dei meinte at smittevernet var for dårleg. På Alta vidaregåande skule i Finnmark slo rektor alarm i november: – Elevane gir blaffen i smittevernet .

I Stavanger gjekk elevar på Bergeland vidaregåande skule til streik fordi dei meinte at det ikkje var mogeleg å overhalde reglane om ein meters avstand i fellesareal i den tronge skulebygninga.

I Ålesund klaga elevar over at dei måtte stå som sild i tønne på skulebussen.

AKTUELT NÅ