Hopp til innhold

No er du råda til å unngå besøk. Regjeringa med fleire omfattande tiltak.

Regjeringa anbefaler også null fysisk undervising for studentar og innfører nasjonal skjenkestopp. Framstegspartiet meiner studentane burde fått beskjed tidlegare, og Arbeidarpartiet etterlyser økonomiske tiltak for utelivet.

Følg regjeringa sin pressekonferanse frå klokka 18.

Det er aukande smittetrend i meir enn 40 kommunar. Juleselskapa er avslutta, kvardagen er på veg tilbake, og folk skal flytte på seg.

Regjeringa er førebudde på veker med aukande smitte, og kom med fleire nasjonale tiltak på ein pressekonferanse klokka 18 i kveld.

– Me er urolege for utviklinga i smittetala, sa Erna Solberg då ho opna pressekonferansen.

Ho viste til at mange flytter på seg etter juleferien, at mange arbeidsinnvandrarar skal kome tilbake att til Noreg, og at det er eit nytt mutert koronavirus påvist i Noreg.

– Saman må me ta eit krafttak for å hindre at smitta spreiar seg, sa Solberg, før ho kom med informasjon om nye tiltak.

Dette er tiltaka og anbefalinga regjeringa innfører, gjeldande frå 4. januar til 18. januar:

  • Ikkje ha besøk heime. Vent 14 dagar før du har besøk eller besøker andre. Dette gjeld ikkje dei som har nære i livets siste fase. Dei som bur åleine kan ha besøk av ein til to faste personar dei neste 14 dagane. Alternativt kan dei som bur åleine ha ein fast familie som dei besøker. Barn kan også ha besøk av barn frå same kohort i barnehage og skule.

Pålegg som kjem, og ein kan risikere bot om ein bryt desse reglane:

  • Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope.
  • Maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd.
  • Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs. Men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Nasjonale råd og anbefalingar:

  • All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert gjort digitale fram til 18. januar. Folkehøgskular og bibelskular skal følge råd frå lokale helsestyresmakter.
  • Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular skal gå over til raudt nivå.
  • Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Men du kan dra på hytta med folk du bur saman med.
  • Alle som kan ha heimekontor bør ha det.
  • Kjøpesenter og butikkar bør ha åtgangskontroll og avgrensingar på kor mange personar som kan kome inn i lokalet. Dette er for at det skal vere mogleg å halde avstand.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar, men ikkje gravferder.
  • Utandørsaktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre.
  • Toppidretten har eit særskild unntak, og vert ikkje omfatta av anbefalingane.

Særskild anbefalingar for regionar med høgt smittepress:

  • Vurdere om barnehagar og barneskular skal følge rettleiaren for «raudt nivå».
  • Vurdere påbod om munnbind på offentlege stader kor det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til andre.
  • Vurdere påbod om heimekontor for dei som kan.
  • Vurdere påbod om stenging av treningssenter, bingo og svømmehaller.

– Samla sett håper me at denne pakka med tiltak er nok for å unngå ei ny smittebølgje, sa Erna Solberg, som sa at reglane skal vurderast på ny i midten av januar.

Statsministeren kom søndag med nye tiltak for å hindre at viruset kommer ut av kontroll.

Statsministeren kom søndag med nye tiltak for å hindre at viruset kjem ut av kontroll.

Det vart ikkje innført nye reglar for innreisekarantene, men regjeringa har innført testplikt for alle reisande til Noreg, noko som i går førte til lange køar på Oslo Lufthavn på Gardermoen.

Reaksjonar frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet

– Framstegspartiet reagerer på at regjeringa gjev så omsynslaus kort varsel til studentar, seier Åshild Bruun-Gundersen til NTB.

Ho er partiets helsepolitiske talsperson. Ho viser til at mange studentar er på veg mot studiestaden i kveld, og meiner regjeringa burde kome med retningslinjene tidlegare.

Arbeidarpartiets Terje Lien Aasland meiner på si side at det no må kome økonomiske tiltak for å støtte bedrifter som vert ramma av dei nye retningslinjene.

– Dette er ein situasjon der smitteverntiltak og økonomiske tiltak må gå hand i hand, seier Aasland til NTB.

Han viser til at utestader, restaurantar og hotell vart hardt ramma av tiltaka som regjeringa innfører, og etterlyser ei utvida kompensasjonsordning.

Fekk innspel frå helsestyresmaktene

Regjeringa hadde på førehand fått følgande råd og innspel frå helsestyresmaktene. Her kan du lese anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Ein del av anbefalingane vart følgde, men ikkje alle.

Erna Solberg svarte på kvifor regjeringa ikkje følgde råd om å stenge kjøpesenter og serveringsstader.

– Me meiner det er mogleg å fungere om kjøpesentera gjer det som dei seier. Alle butikkane må vite kor mange dei kan ha inne om gongen, og ha kontroll på kor mange dei slepper inn. Det har me sett fungerer, sa statsministeren.

Ho sa at det er teke omsyn til at dette også handlar om arbeidsplassar, og at det finst måtar å tilpasse seg smittevernet utan å stenge ned desse butikkane.

– Når det gjeld forbodet mot alkoholservering dei neste 14 dagane, så er det nok ein del som då vil seie at dei ikkje har omsettingsgrunnlag til å halde oppe. Men det er framleis slik at dette er arbeidsplassar, og at det går an å ete. Me ser jo at serveringsstader med mat er relativt flinke til å halde avstanden, sa Solberg.

Reknar med god framdrift i vaksineringa

Solberg vart spurt om anbefalingane burde ha kome tidlegare enn siste dag av juleferien. Ho svarte at regjeringa gjorde ei vurdering før jul om å stenge ned landet, men at dei landa på at smittetala på det tidspunktet ikkje forsvarte eit såpass omfattande tiltak.

– Inni mellom må ein ha eit pusterom. Og eg synest jula har vore eit viktig pusterom for mange. Å kunne sjå familie, folk som elles ville vore einsame har kunne ha kontakt med kvarandre. Også veit me at det er utfordringar med smittevernet, sa Solberg.

Direktør i Folkehelseinstituttet (FHI), Camilla Stoltenberg, kommenterte arbeidet med å vaksinere folk.

– Me har hatt ei langsam opning i romjula. Dei første vaksinane kom 2. juledag, og då var det i underkant av 10.000 dosar som kom og som vart fordelt på sju kommunar. Så kom det meir 28. desember som vart sendt ut i kommunane. Og me har vore opptekne av at kommunane skal ha tid til å rigge seg til å gjennomføre vaksinasjon effektivt, godt og trygt frå i morgon av, sa Stoltenberg.

Ho la til at FHI reknar med at det vil bli ein effektiv framdrift i vaksineringa i vekene som kjem. Ho sa også at ei ny vaksine frå legemiddelfirmaet Moderna ser ut til å komme raskare enn tidlegare antatt.

Kom med beskjed til studentar

I går kveld vart det kjent at eit av tiltaka blir å stanse all fysisk undervising på høgskular og universitet. Dette gjer det mogleg for studentar å halde seg der dei er, i staden for å reise tilbake til studiestaden.

Dette tiltaket får kritikk frå ein del studentar som synest regjeringa kjem altfor seint på banen. Les meir om det her.

Kunnskapsminister Guri Melby svarte på kritikken.

– Det er ikkje riktig, meiner me, å gje anbefalingar før me faktisk har den kunnskapen som tilseier at tiltaka er riktig, sa Melby.

Gjennom romjula har det blitt tatt færre koronatestar enn før jul, men andelen positive prøvesvar har gått opp. Og talet på smitta kryp sakte, men sikkert oppover. R-talet er på 1,3, noko som betyr at situasjonen er slik at 100 smitta personar smittar 130 andre personar.

Stavanger og Trondheim er to av byane som lenge har hatt lite smitte, og som dei siste vekene har opplevd at smitta kan auke raskt. FHI sa i går at smitta no kan vere på nivå med toppen frå i fjor haust.

Det er i desse dagar venta at mange arbeidsinnvandrarar vender tilbake til Noreg etter juleferie, og at mange studentar også kjem til å flytte på seg etter at juleferien er over.

Utvikling av smitte

Grafar frå Helsedirektoratets vurdering av den noverande situasjonen viser utviklinga i smitte på ulike stader i landet.

Grafikk: Helsedirektoratet

AKTUELT NÅ