Hopp til innhold

Høie ber ungdom ta koronaansvar, men slik ser skulebussen ut

Elevar reagerer på at dei skal halde ein meter avstand på skulen og begrense nærkontaktar, når dei står samantrykte på skulebussen.

Trengsel på skulebuss mellom Ålesund og Borgund.

På bussen frå Ålesund sentrum til Borgund vidaregående skole er det trangt om plassen. I Ålesund er det ikkje krav om munnbind.

Foto: Remi Sagen / NRK

Elevrådsleiar Håkon Seljen ved Borgund videregående skole.

Elevrådsleiar Håkon R. Seljen ber fylkeskommunen om å sette inn fleire bussar for å unggå trengsel.

Foto: Remi Sagen / NRK

For kvart stopp blir skulebussen i Ålesund fullare og fullare. Elevane som går på sist, må stå. Å overhalde smittevernreglane på bussen er uråd. Elevrådet er kritisk og meiner det må bli sett inn fleire bussar.

– Folk føler at smittevernreglane blir ein vits. Du skal fylgje reglane på skulen, men på bussen er det umogleg, seier Håkon R. Seljen. Han er elevrådsleiar ved Borgund vidaregåande skole.

Regjeringa har innført nye smittevernreglar og ber alle om å møte færre folk. Spesielt har helseminister Bent Høie oppmoda ungdom om å vere flinkare med smittevern. Seljen forstår ikkje korleis dei skal få det til på bussen og har sendt klagebrev.

Jesper Wiig i Fram

Jesper Wiig er seksjonsleiar i fylkeskommunen. Han seier at det ikkje finst fleire bussar å sette inn.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan gå eller sykle

Det er fylkeskommunen som har ansvar for skuleskyss. Dei viser til at råda om å halde ein meters avstand kan fråvikast dersom reisa varer under ein time. Seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, seier at dei ikkje har fleire bussar å sette inn.

– Bussdrifta er dimensjonert for ein normalsituasjon. Så lengde det er full drift på skular og arbeidsplassar vil det vere krevjande å sikre ein meters avstand på bussane i rushtida, seier Wiig.

Dei oppmodar alle elevar som kan om å ikkje bruke kollektivtrafikk, men heller gå eller sykle.

Pedagogisk forklaringsproblem

Jessie Strand Fagervoll

Rektor Jessie Strand Fagervoll slit med å forklare elevane kvifor det er så viktig å halde avstand på skulen, sjølv om avstanden ikkje blir halden på skulebussen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er 900 elevar på Borgund vidaregåande skole og rektor Jessie Strand Fagervoll fylgjer sju A4-sider med smittevernråd. Blant anna unngår klassene kontakt med kvarandre. Rektoren slit med å forklare elevane kvifor reglane skal fylgjast, når dei sit som sild i tønner på bussen.

– Det er ei pedagogisk utfordring og eg forstår at elevane synest dette er vanskeleg, seier Fagervoll.

Også ho skulle ynskje at det blei sett inn fleire bussar. Mange av elevane reiser både med ferje og buss for å kome seg til skulen. Å sykle eller gå er difor ikkje eit alternativ.

Haikar med venninna

Ida Kristin Hanssen bur i Langevågen og fryktar å bli smitta på bussen.

Ida Kristin Hanssen bur i Langevåg og frykter å bli smitta på skulebussen.

Foto: Privat

Ida Kristin Hansen brukar 45 minutt med buss til skulen. Ho vil ikkje risikere å bli smitta av korona og har difor funne alternativ skyss.

– Bussen er så full at folk sitt oppå kvarandre. Eg har starta å sitte på med venninna mi i staden, seier Ida Kristin Hansen.

Elevrådsleiar Håkon R. Seljen håper at fylkeskommunen kan høyre på ungdomane og finne ei løysing. Han er klar på at ungdomane vil lytte til helseminister Bent Høie, sjølv om mange synest det er strenge råd.

– Vi skal gjere så godt vi kan, seier Seljen.