Nakstad fryktar smitten blant unge skal smitte over på eldre uvaksinerte

Den neste månaden blir avgjerande for korleis vi kjem oss gjennom pandemien, trur Espen Rostrup Nakstad. Men han er uroa for smitten blant dei unge skal smitte over på eldre som er uvaksinert.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad håper flest mogelege lar seg vaksinere dei neste vekene.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Smittetala held fram med å auke. Det siste døgnet er det registrert 1552 smitta i Noreg. Det er tredje dag på rad med smittetopp under pandemien.

Men sjølv om smitten stig, er det relativt få som blir lagde inn på sjukehus. Fredag var det 60 pasientar ved norske sjukehus, fem færre enn dagen før.

Det er særleg blant barn og unge, som ikkje har fått tilbod om vaksine, at smitten aukar no. Det kan vere kritisk, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NRK.

– Det som uroar oss mest er at ei stor smittebølge blant dei yngre skal smitte over på eldre som ikkje er vaksinert. Då vil vi kunne få fleire som blir lagde inn på sjukehus, seier han.

Lågare skuldrer

Vi er inne i ei fjerde smittebølge. Nakstad trur dei låge smittetala i sommar har gjort at mange har senka skuldrene og gløymd at det framleis er mange som ikkje er vaksinerte.

– Det er nok ein del som har fått det andre stikket som tenker at no er dei ferdige og skal ta igjen det tapte. Og med lågare smittetal i sommar var det nok ein del som tenkte mindre på pandemien og levde meir som normalt.

Massetesting ved skoler

Kommunar med høgt smittenivå kan bruke massetesting av elevar for å halde skulane opne på grønt nivå.

Foto: Lise Åserud / NTB

Les også: Lever fortsatt isolert: – Kan ikke risikere smak- og luktesansen

Auken dei siste dagane gjer at fleire kommunar melder om pressa kapasitet. Difor har helsestyresmaktene gjort om på prioriteringane slik at kommunane kan bruke mindre ressursar på smittesporing, og meir på vaksinering og testing.

Dei nye retningslinjene opnar også for meir intensiv testing i skulen i kommunar med høg smitte, seier Nakstad.

– Ved å teste alle elevar ein eller to gongar i veka vil ein kunne luke ut dei som er smitta, og så kan dei andre gå på skulen. Det har vist seg meir effektivt enn å smittespire kvar enkelt elev.

Les også: Høstferie frister, men karantene for barn bremser reiselysten

Må sjå på dei uvaksinerte

Noreg er no i sluttspurten av massevaksineringa. I slutten av september skal alle over 18 år ha fått tilbod om den første vaksinedosen. Då veit vi meir om kor mange nordmenn som er beskytta.

Samtidig er det mange som av ulike grunnar ikkje er vaksinerte.

– Flokkimmuniteten vil ikkje vere god nok til å beskytte desse fullt ut. Det vil vere ein risiko for dei, og samfunnet må finne ein måte å ta vare på dei. Dette er ei problemstilling vi er klar over, og som vi må ta stilling til når vi er ferdige med vaksinasjonsprogrammet, seier han.

Den danske regjeringa varsla fredag at dei vil fjerne alle koronatiltak frå 10. september, og seier at dei ikkje lenger ser på covid-19 som ein samfunnskritisk sjukdom.

To personer sitter på et venterom etter å ha mottatt koronavaksinen.

Noreg er i sluttspurten av vaksinasjonsprogrammet.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Les også: Frykter gjenåpningen går ut over unges helse: – Går åpenbart litt for fort i svingene

Målet til norske styresmakter er å kunne gå vidare i gjenopninga når alle over 18 år er beskytta. Det vil seie tre veker etter at alle som ønsker det har fått minst ein dose. Nakstad oppmodar difor alle om å følge smittevernreglane og vaksinere seg.

– Vi har mykje å tene på at alle lar seg vaksinere og følger råda. Då kan vi klare å kome oss gjennom dei neste fem-seks vekene på ein best mogleg måte.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 07.12.2021
23 383
Smittede siste 7 dager
320
Innlagte
1 096
Døde
4 229 770
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger