Lokalpolitikarar slår alarm om situasjonen i Venstre i interne brev: – Ikkje ein partileiar verdig

Ein tidlegare ordførar roper varsku på vegner av Distrikts-Venstre. Ein annan gir seg etter 20 år med lokale tillitsverv i partiet, og meiner Trine Skei Grande har mista fotfestet.

Trinefrukt

SPISELEG: Trine Skei Grande inntok klementinar på bakrommet før Debatten på NRK1 6. desember, der ho og Abid Raja tilsynelatande skværa opp etter høgtalar-episoden.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vi er nøydde til å rope varsku og setje den utviklinga som er i partiet på dagsorden, seier Bjørn Hegstad til NRK.

– Medlemsmassen minkar, lokallag vert lagde ned og det blir færre og færre folk tilknytt Venstre, særleg i Distrikts-Noreg. Og så desse utruleg negative personsakene i tillegg, held han fram.

Hegstad er tidlegare ordførar i Lødingen i Nordland og nestleiar i lokallaget i eit fylke der Venstre er på vikande front. For halvanna veke sidan sende han, på vegner av lokallagsstyret, eit brev til partitoppane i Oslo i håp om å bli lytta til.

BjørnHegstad

KRITISK: Lokal Venstre-leiar og tidlegare ordførar Bjørn Hegstad.

Foto: Berit F. Marthinussen / Venstre

– Eg føler at mitt eige parti er med på å byggje ned Distrikts-Noreg, og spesielt etter at vi gjekk inn i regjering. Vi føler at politikken Venstre fører ikkje er positiv for distrikta. Overføringane og rammene til kommunar og fylkeskommunar blir stramma inn og får konsekvensar for båtruter, bussruter, ja heile dagleglivet i distrikta. Det er berre trist.

NRK veit at dette berre er eitt av fleire kritiske brev Venstre sentralt har motteke frå lokalpolitikarar i ulike deler av landet den siste tida.

Eit av dei sende mangeårig lokallagsleiar og kommunestyrepolitikar i Kvæfjord, Bjørn Mathisen, like over nyttår.

BMKvæfjord

GIR SEG: Lokalpolitikar for Venstre i Troms gjennom 20 år, Bjørn Mathisen.

Foto: Privat

– Eg føler at alt Venstre gjer er veldig fokusert på kva som er bra for Oslo. Her i mitt område møter eg veljarar som lurer på om Venstre i det heile tatt er opptatt av situasjonen deira og deira liv her, seier Mathisen til NRK.

– Ein leiar som har mista fotfestet

Lokalpolitikarane i nord er også opprørte over dei mange negative oppslaga knytte til oppsiktsvekkjande ting Trine Skei Grande skal ha sagt og gjort. I brevet til partileiinga frå Lødingen Venstre heiter det:

«Lederen i Venstres karakteristikk av partiets fremste distriktspolitiske talsmann, ordfører Alfred Bjørlo, er ikke en partileder verdig. Vi har heller ikke sans for andre utsagn om personer».

– Det er slett ikkje bra dersom vår fremste distriktsforkjempar blir karakterisert som psykopat av partileiaren. Ho har heller ikkje nekta for at dette er sant, at ho faktisk har sagt det, og då vert ein vonbroten rett og slett, seier Hegstad til NRK.

– Alfred Bjørlo er ein stor ressurs for Venstre og enormt populær i sitt område. Det er akkurat slike folk ein treng, og så driv partileiaren og byggjer han ned på ein slik måte, sukkar Mathisen i Troms.

– Trump og Putin kan kanskje komme frå slik oppførsel, men ikkje ein leiar for eit liberalt og demokratisk parti som Venstre. Eg synest vel særleg høgtalar-utskjellinga av Abid Raja er eit grovt overtramp, og vitnar om ein leiar som har mista fotfestet. Trine har gjort mykje bra for Venstre, men det er ei tid for alt og no trur eg det er tid for eit skifte, utdjupar Mathisen.

I brevet varsla han også at han etter 20 år i ulike lokalpolitiske verv for Venstre gir seg med politikk. Til NRK seier han det er fordi han er så frustrert og misnøgd over partileiinga si manglande evne til å ta innover seg signal frå grasrota, at han ikkje orkar meir.

– Har du fått svar?

– Nei. Eg antar dei ser på meg som ein surpomp ifrå Nord-Noreg. Som dei berre ristar av seg, seier Mathisen og ler oppgitt.

Etter at denne saka stod på trykk i NRK torsdag morgon, har leiaren av Trøndelag Venstre, Torgeir Anda, satt i gang eit opprop til støtte for Skei Grande. Ifølgje TV2 skal han ha klart å samle nær hundre underskriftar i løpet av to timer.

– Blir eit ei-saksparti for storbyen

Den største uroa hos dei to brevsendarane NRK har snakka med og som vil stå ope fram er likevel at Venstre er i ferd med å utslette seg sjølv i distrikta.

– Eg trur vi er mange som føler Venstre er i ferd med å bli eit reint miljøparti for folk i storbyane. Ta denne myr-saka som dukka opp under regjeringsforhandlingane. Eg forstår miljøomsynet, men her i Nord-Noreg har vi ei smal stripe mellom hav og fjell vi dyrkar jord på. Då kan vi ikkje verne alle område som potensielt kan dyrkast seinare. Det er distriktsfiendtleg, seier Hegstad i Lødingen Venstre.

– Venstre har gløymt alt nord for Namdalen. Dei har ikkje rekruttert eit einaste menneske frå Nord-Noreg til apparatet rundt verken regjeringa eller Stortinget så vidt eg veit, og då blir kanskje perspektivet deretter, seier Mathisen.

Også Venstres mest populære ordførar, Alfred Bjørlo i Eid i Sogn og Fjordane, skreiv i august i fjor ein kronikk kor han gav tydeleg uttrykk for misnøye med distriktsprofilen til eige parti og eiga regjering.

«Psykopat», «homoen», baksnakking og gråting

Ifølgje VG skal denne kronikken ha irritert Trine Skei Grande kraftig, og vere eit eksempel på ein grunn til at Grande har omtalt Bjørlo som psykopat. Også NRK har fått bekrefta at Grande har brukt dette omgrepet om Venstre-ordføraren i intern samanheng.

Alfred Bjørlo med distriktspsykopat-genser

«PSYKOPAT-ORDFØRAR:» Alfred Bjørlo er ordførar for Venstre i Eid og partiets ordførarkandidat i nye Stad kommune i Nordfjord. Etter oppslaget i VG har han tatt merkelappen med humor og fått trykt opp denne t-skjorta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I den same VG-saka kom det fram at Grande jamleg kallar stortingsrepresentant Ketil Kjenseth, som er homofil, for «han homoen». Både Kjenseth og Alfred Bjørlo har sjølv avdramatisert merkelappane.

Før jul måtte Grande seie unnskyld etter at Dagens Næringsliv avslørte at Venstres finanspolitiske talsperson Abid Raja var sjukmeld, etter å ha blitt baksnakka av Trine Skei Grande. I det ho trudde var en fortruleg telefonsamtale med Høgres Henrik Asheim, langa Grande ut mot sin eigen partifelle. Ho visste ikkje at Asheims telefon var på høgtalar, og at han sat rundt eit møtebord i lag med mellom andre Abid Raja sjølv.

I desember publiserte DN også ei sak om at Grande har grått i ei rekkje viktige møter og forhandlingar.

– Eg er politikar, partileiar og kulturminister. Men eg er også eit kjenslemenneske. Det fører av og til til tårer, men også ganske ofte mykje latter. Mest det siste, heldigvis. Dette er ikkje bevisst. Det er slik eg er som menneske, sa Grande til DN.

Grande vil ikkje kommentere

Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande ønskjer ikkje å kommentere denne saka, ifølgje statssekretær Jan-Christian Kolstø.

Venstres generalsekretær Marit H. Meyer har sendt NRK følgjande e-post etter at vi forsøkte å innhente kommentar frå Grande:

– Det er heile tida debattar og diskusjonar rundt ulike politiske tema i eit parti. I Venstre har vi også debatt om distriktspolitikk og distriktsprofil. Vi har sett ned eit breitt samansett distriktspolitisk utval kor heile landet er representert. Utvalet vert leidd av statssekretær og ordførarkandidat i Sunnfjord, Atle Hamar. Distriktspolitikk blir også løfta inn som eit eige tema på landsmøtet vårt i mars. Alle brev partikontoret har motteke kjem elles til å bli svara på.

– Trine Skei Grande har, sidan ho overtok i 2010, leidd partiet gjennom fire val med gode resultat. Alle desse vala har gitt resultat over, til dels godt over sperregrensa. Heile Venstres leiartrio vart attvald i fjor og er valt for to år om gongen, skriv Meyer.

I samband med regjeringsutvidinga for to veker sidan svarte Grande at «vi må jobbe med partikulturen vår», då NRK stilte henne spørsmål om dei negative sakene om ho sjølv.

Trine Skei Grande ønsker å fokusere på de politiske sakene etter at det har vært mange, negative saker om partilederen.

SJÅ VIDEO: Trine Skei Grande svarte tysdag 22. januar på spørsmål frå NRK om dei mange negative sakene om ho sjølv.

SISTE NYTT

Siste meldinger