Pressa har skrive mykje om kva KrF og Frp kan vinne og tape, men også eit Venstre i krise på meiningsmålingane treng sårt viktige sigrar i den nye regjeringserklæringa.
Og ein av dei kan ligge i myra.
I fjor foreslo Høgre-Frp-Venstre-regjeringa for Stortinget å forby nydyrking av myr. I Venstre vert saka omtalt som ein svært viktig miljøsiger.
Klimaeffekten av utslepp frå dyrking av myr og organisk jord var på nær 2 millionar tonn CO2 i 2015.
I forhandlingsrommet på Granavollen kjempar Venstre for at ei ny fleirtallsregjering også skal ha som politikk at all myr skal vernast, av omsyn til klimaet.
KrF på si side strir i mot. Sterke krefter i partiet er motstandarar av eit slikt vern, av omsyn til bønder som ønskjer seg meir mark å dyrke.
KrF meiner Venstre sitt ønskje rammer landbruket og kommunane sin fridom for hardt. Med Senterpartiet i opposisjon, er KrF som einaste parti på borgarleg side også under stort press frå bondeorganisasjonane.
GULL, RØKELSE OG MYRA: Enn så lenge KrF-leiar Knut Arild Hareide har sagt at Senterpartiet er partiet som ligg KrF nærast. No må han sette sin lit til at overmann og forhandlingsleiar for KrF, Kjell Ingolf Ropstad, taler bøndenes sak i møte med Venstre, Høgre og Frp.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix– Myrvern har vore oppe som tema. Det er ei sak vi er ueinige om, og som vi meiner er svært viktig. Både for Venstre, men først og fremst for klimaet. Venstre er heilt avhengige av relle gjennomslag på klima og miljø, men når det er sagt er ikkje myrvern det einaste forslaget Venstre har som vil monne på klimagassutsleppa, seier ei sentral kjelde i Venstre.
I forkant av at regjeringsforhandlingane starta på nyåret vedtok Venstres landsstyre denne ønskelista.
Skrytesaker under press
Då Venstre gjekk inn i Erna Solbergs regjering i januar i fjor lukkast Trine Skei Grande med å forhandle fram ei rekkje store Venstre-sigrar: Ein rusreform som inneber inkludering av metadon i legemiddelassistert rusbehandling og prøveprosjekt med heroinassistert behandling, liberalisering av salsregimet for alkohol, styrt avvikling av pelsdyrnæringa og eit punkt om at Norge skal auke talet på kvoteflyktningar vi tek i mot i år kor det kjem få asylsøkjarar.
Dei tre første av desse Venstre-gjennomslaga jobbar KrF for å reversere i forhandlingane som pågår på Gran akkurat no. Det siste, om flyktningar, jobbar Frp for å få gjort om på.
- LES OGSÅ: KrF slit med alkohol og heroin
I tillegg er som kjent Venstre og KrF rykande usamde om det meste som luktar av bioteknologi og paragraf 2C i abortlova.
– Med alt fokus på å tilfredsstille KrF og Frp og at det er i dei partia ein avtale kan havarere er det klart at Venstre til ein viss grad risikerer å bli tekne for gitt. Men eg føler meg trygg på at vi ikkje kjem ut av dette meir profillaust enn dei tre andre partia, for å bruke det uttrykket, skriv ei anna Venstre-kjelde til NRK.
Partileiar Trine Skei Grande er også trygg på at Venstre skal finne ein veg ut av hengemyra.
– Kor vanskelege er dei konfliktsakene som ligg mellom KrF og Venstre?
– Dei trur eg nok vi skal klare å finne gode løysingar på oss i mellom. Det å lage ein heilskap som både skal stå seg økonomisk og vere avvegd mellom partia er det som er utfordringa no, seier ho til NRK.
Er i innspurten
Regjeringsforhandlingane på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland har pågått sidan 2. januar, og er venta avslutta denne veka. Statsminister Erna Solberg (H) har utad ikkje sagt noko konkret om forhandlingane sidan dei starta.
Dersom den framforhandla regjeringsplattformen får tilslutning frå landsstyra og stortingsgruppene i dei fire partia, kjem Solberg eit par dagar deretter til å spasere ut på Slottsplassen med Norges første borgarlege fleirtalsregjering sidan 1985.