Hopp til innhold

Krisemøte i Rygge Høgre

Frustrasjonen i lokallaget til Høgre i Rygge er stor. Fleire vurderer å melde seg ut av partiet etter at Ryanair legg ned flybasen som følgje av innføring av flypassasjeravgifta.

Krisemøte i Rygge Høyre

SKUFFA OG FRUSTRERTE: Gruppeleiar Harald Fløgstad (t.h) seier medlema i Rygge Høgre er skuffa og frustrerte over innføringa av flypassasjeravgifta. I kveld var dei samla til krisemøte.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

På Rygge rådhus er stemninga spent. I lokalet sitt Høgre-medlem frå heile Østfold. Det er Rygge Høgre som har kalla dei hit, for å stake ut kursen vidare no som det ser ut til at om lag 1.000 arbeidsplassar forsvinn frå fylket.

– Vi har ein enorm frustrasjon i vårt eige lokallag. No må vi sette ein fot i bakken og finne ut kor vegen går vidare. Dette er tungt å skulle fronte, seier Harald Fløgstad, gruppeleiar i Rygge Høgre.

Blir lagt ned i oktober

Tidlegare i dag fortalde Ryanair-direktør David O'Brien at flyselskapet kjem til å avvikle basen på Rygge.

– Vi har triste nyheiter, triste nyheiter som vi må takke deira regjering for, sa David O'Brien.

Konsekvensen er at heile flyplassen blir lagt ned allereie 29. oktober i år. Ifølgje Rygge sjølv betyr det at rundt 1.000 arbeidsplassar i tilknyting til flyplassen går tapt.

Moss lufthavn Rygge

SNART SLUTT: 29. oktober vil det truleg vere slutt for Moss lufthamn Rygge, i alle fall som flyplassen er i dag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Håper på vidare drift

Rygge Høgre bad om ein tiltakspakke i revidert nasjonalbudsjett, men fekk ikkje ei einaste krone.

Gruppeleiar Fløgstad har ikkje gitt opp håpet for den sivile delen av flyplassen.

– Det viktigaste no er å sikre vidare drift ved at til dømes Avinor eller andre kan kome inn. Slik kan vi halde på arbeidsplassane, og på sikt avlaste flyplassen på Gardermoen.

Ryanair-direktør O'Brien lovde tidlegare i dag å droppe planane dersom flypassasjeravgifta blir skrota.

Er det eit realistisk håp at flypassasjeravgifta blir fjerna?

Ja, det er det. Det er ei avgift som vart innført som ei miljøavgift, men som det viser seg at det ikkje er. Nesten alle høyringar seier at dette er ei rein fiskal avgift, og den må vi jobbe for å få fjerna, seier Fløgstad.

Utmeldingar frå Høgre

Til no har ti Høgre-politikarar i Rygge kommune meldt seg ut av partiet i protest mot innføringa av flypassasjeravgifta.

Dei rettar hard skyts mot eigne partifellar for å ikkje ha gjort nok for å stanse den omstridde avgifta.

Når ho no er innført, er det fleire som vurderer å melde seg ut. Ein av dei er Svein Olav Bjerketvedt.

– Lokalt har vi jobba hardt for å behalde dei 1.000 arbeidsplassane på Rygge. Regjeringa høyrer ikkje på medlema her ute, og dermed er det mange som vel å melde seg ut.

– Men har ikkje flyplassen gjort seg for avhengig av eitt selskap?

– Jo, men vi har ikkje fått andre til å fly derfrå. No ventar vi at regjeringa enten droppar avgifta, eller tvangsflyttar andre lågprisselskap til Rygge slik at arbeidsplassane blir sikra, seier Bjerketvedt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger