Tre personar lauslatne etter væpna aksjon
Dei tre personane som blei pågripne i ein væpna politiaksjon på E18 i Oslo torsdag kveld, er lauslatne. Dei er sikta for å ha trua og rana ein mann, skriv NTB.
Den fornærma er ein mann i 20-åra som er busett i Lier. Mannen blei ikkje alvorleg skada, men skal ha blitt trua og moglegvis utsett for vald, ifølgje VG.
Politiet meiner den fornærma ikkje skal vere eit tilfeldig offer.