Hopp til innhold

Regjeringa vil hjelpe flybransjen, SV nektar

Regjeringa varslar hjelp til flyselskapa fordi nye koronatiltak nok ein gong skaper trøbbel for luftfarten. Men SV har ikkje tenkt å skaffe regjeringa fleirtal for det.

Juletrafikk på OSL Gardermoen 22. desember 2021.

TRAFIKKNEDGANG: Det er travelt på Gardermoen 22. desember, men ingenting mot tidlegare. Blir det ny krisevår for luftfarten?

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Det er onsdag morgon 22. desember på Oslo Lufthavn Gardermoen.

Folksamt. Men ikkje som før.

Dagen før dagen før dagen brukar vere den travlaste reisedagen i luftfarten her i landet. Men pandemien og tiltaka gjer at det i år er om lag 30 prosent færre reisande enn tidlegare, opplyser Oslo Lufthavn til NRK.

Og det illustrerer problemet som no blir politisk.

Luftfarthjelp

For eitt av grepa som har hjelpt flyselskapa til å overleve passasjersvikten i pandemien, har vore å droppe flypassasjeravgifta dei tidlegare måtte betale til staten.

SAS, Norwegian og andre flyselskap har ikkje måtta betale denne avgifta sidan mars 2020.

Men no skulle jo alt bli normalt. Det var iallfall håpet. Og i statsbudsjettet for 2022 er det vedteke at avgifta igjen blir innført og skal sørge for 1,6 milliardar kroner i inntekter til staten. Dermed må flyselskapa betale 80 kroner per passasjer på flygingar som går frå norske flyplassar til destinasjonar innanlands eller i Europa.

Eller må dei det?

I går kveld kom ei pressemelding frå samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Der foreslår regjeringa å droppe innføringa 1. januar som regjeringspartia og fleirtalet på Stortinget vedtok så seint som 14. desember i år:

«Regjeringen vil imidlertid foreslå for Stortinget at avgiften midlertidig skal oppheves fra 1. januar til 1. juli 2022. Forslaget vil få tilbakevirkning. Det vil si at flyselskapene ikke trenger å innbetale avgift lagt på reiser som er utført fram til Stortingets vedtak.»

SV: – Avgiftslette er ikkje prioritert

Lars Haltbrekken

NEI: SVs Lars Haltbrekken vil ikkje gje flybransjen avgiftslette.

Foto: Ketil Kern / NRK

Men som kjent må ein ha fleirtal for slike vedtak i Stortinget. I budsjettsaker har den nye regjeringa så langt forhandla og funne fleirtal med SV. Men denne gongen har ikkje SV tenkt å hjelpe. For dei handlar dette om miljøpolitikk.

– Det er ikkje ei prioritert sak for oss å gje avgiftslette til forureinande flytrafikk, seier SVs miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken som heller ville hatt ei betra krisepakke til kollektivtrafikken som folk brukar til daglege jobbreiser.

– Korleis kan regjeringa love å utsette flypassasjeravgifta utan å ha SVs støtte?

– Nei, det får du nesten spørre regjeringa om, men dette må dei forhandle med SV om i Stortinget.

– Kva om dei går til andre parti då?

– Det kan dei ikkje, dei er forplikta gjennom budsjettavtalen med oss til å finne semje med oss.

Uroa for framtida og arbeidsplassane

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) mener det er åpenbare fordeler med å velge kollektivt over el-biler.

TRUR: Samferdsleminister Nygård (Ap) trur regjeringa og SV kan bli einige.

Foto: Pål Hansen / NRK

Vi gjer dette fordi luftfarten er i ein vanskeleg situasjon no med dramatisk fall i etterspurnaden. Vi er uroa for framtida til bransjen og for dei tilsette der, forklarer samferdsleminister Jon-Ivar Nygård til NRK.

Om floka med SV seier ministeren dette:

– Vi foreslår for Stortinget det vi meiner er riktig, så må våre parti og SV finne gode løysingar saman.

Han er einig i at regjeringa først må prøve å bli einig med SV sjølv om partiet er avvisande no.

– Eg trur også SV er opptekne av løysingar som gjer at vi ikkje får stor arbeidsløyse.

Den svært smittsame omikronvarianten av koronaviruset har skapt utfordringar for fleire delar av samfunnet.

Den offentlege stadfestinga på at omikron var i Noreg kom 1. desember. Finanskomiteen kom med si innstilling om gjeninnføring av flypassasjeravgift 7. desember. Stortinget gjorde vedtaket 14. desember. Regjeringa sin snuoperasjon kom altså i går, ei veke etter stortingsvedtaket.

– Det er jo berre nokre dagar sidan Stortinget vedtok å gjeninnføre avgifta frå nyttår?

– Ja, det stemmer. Men det var ein framforhandla avtale med utgangspunkt i slik situasjonen var då, seier Nygård.

NHO: – Feil medisin

Administrerande direktør i NHO Luftfart, Torbjørn Lothe seier næringa har hatt fleire samtalar med regjeringa i det siste for å betre vilkåra for dei norske flyselskapa. Dei har bede om at det ikkje skal vere flypassasjeravgift for heile 2022. Regjeringa sitt forslag er å droppe den fram til juli 2022.

– Auka skattar og avgifter på ei næring som står i kneståande er feil medisin, seier Lothe til NRK.

– Den øydelegger flytilbodet og raserer arbeidsplassar i 2022, det kan ikkje vere hensikta med avgifta, argumenterer han.

– Men no er ikkje regjeringspartia og samarbeidspartiet SV einige. I kva grad føler du deg trygg på at selskapa slepp avgifta frå nyttår?

Vi har ikkje kontroll på det politiske bildet, men eg innbiller meg at også SV er opptekne av norske arbeidsplassar og eit flytilbod i heile landet.

Frp ønskjer regjeringa velkomen

Sylvi Listhaug

STØTTAR: Frp-leiar Listhaug støttar gjerne regjeringa.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Då saka var oppe i Stortinget, var Frp det einaste partiet som stemte mot gjeninnføringa av avgifta. No kan det altså bli ein ekstrarunde i januar.

– Vil Frp støtte regjeringa sitt forslag om å utsette flypassasjeravgifta?

– Definitivt, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

– Vi ville jo aldri gjeninnføre den. Vi meiner det er heilt feil å ha ei flypassasjeravgift i Noreg. Det spesielle er at regjeringa gir beskjed om dette utan å ha lagt fram ei sak i Stortinget og har fått det vedtatt der.

AKTUELT NÅ