Hopp til innhold

Nytt vedlikehaldsdepot gir 100 arbeidsplassar til Rygge

Eit vedlikehaldsdepot for kampflytypen F-35 skal bli sett opp på Rygge. Det vil ha med seg 100 nye arbeidsplassar for regionen.

Norske F-35 på vei til Island

500 MILLIONAR: Det nye depotet vil koste 500 millionar kroner og vere operativt frå 2026.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

– Eg trur det kan få ein stor påverknad ikkje berre for Moss, men for heile regionen. Me snakkar om cirka 100 nye arbeidsplassar, seier ordførar Hanne Tollerud (Ap) i Moss.

Tollerud trur depotet kan auke interessa for å bu i regionen.

– Eg håpar at dei som får arbeidsstaden sin her, også vel å busetje seg i den flotte kommunen vår.

Operativt frå 2026

Det er Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAMS) som vil setje opp og drifte depotet. Bygget vil ha ein storleik på 5000 kvadratmeter, og vil ta to år å setje opp.

Investeringa er på omtrent 500 millionar kroner.

Eirik Lie sjef, Kongsberg Defence & Aerospace

Eirik Lie er administrerande direktør i Kongsberg Defence & Aerospace.

Foto: Margret Helland / NRK

– Frå og med 2026 vil dette vere i operativ drift. I løpet av den tida skal vi ha bygd opp den kompetansen som er nødvendig for å gjere dette, seier administrerande direktør Eirik Lie i Kongsberg Defence & Aerospace.

Depotet skal auke den operative evna til Noreg når det kjem til F-35, og auke kompetansen innanfor teknikarsida.

Lie seier at dei vil halde fram med å gjere vedlikehald på Ørlandet.

– Dette vil vere eit supplement på noko tyngre vedlikehald som også er nødvendig på F-35.

Brukt 80 milliardar på forsvar

Lie understrekar at det depotet primært er for det norske behovet for vedlikehaldskapasitet.

– Men det er samtidig sånn at dette depotet vil også vere tilgjengeleg globalt sett for F35-nasjonane.

Trygve Slagsvold Vedum.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier regjeringa har brukt 80 milliardar kroner på forsvar i år.

Foto: Håkon Hov Martinsen / NRK

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sa under pressekonferansen at det siste året har vist kor viktig forsvaret er.

– Vi kjem til å bruke meir pengar på forsvaret i året som kjem. I år bruker vi nesten 80 milliardar kroner. Dette er ei stor samfunnsinvestering.

Amerikansk avtale

Tidlegare i år blei det kjend at USA investerer 2 milliardar kroner på Rygge flystasjon.

Dei to amerikanske milliardane skal blant anna bli brukt til å byggje fire hangarar for kampfly, lagerhallar, auke i kapasitet for ammunisjonslagring og betre tryggleik rundt flystasjonen.

Prosjektet blei mogleg på grunn av ein tilleggsavtale om forsvarssamarbeid mellom Noreg og USA. Avtala legg til rette for amerikanske investeringar i infrastruktur på avtalte område.

Desse områda er Rygge, Sola og Evenes flystasjonar, og Ramsund orlogsstasjon.

Les også Fikk feilmelding på missil: Stengte E6 og flystasjon

Politi og bombegruppe på plass ved Rygge flystasjon

Les også USA investerer 2 milliarder kroner på Rygge flystasjon

Bevoktet F-35 Rygge flystasjon