Hopp til innhold

Kjende skam då ho brukte 103.000 på redde livet til Molly (6)

Line kjende på skam då ho valde å bruke familien sine sparepenga for å få gjennomført ein operasjon på hunden Molly. Rekninga kom på 103.000 kroner.

Line Hødnebø og hunden Molly

LINE OG MOLLY: – Det kan bli veldig dyrt med hund, trass forsikring, som berre dekkjer eit avgrensa beløp, fortel eigar til hunden Molly, Line Hødnebø.

Foto: Privat

– Det var heilt forferdeleg. Eg fekk ei akutt kjærleikssorg. Samtidig kjende eg på ei skam ved og måtte bruke sparepengane mine, som berre kanskje kunne redde hunden min.

Slik skildra Line Hødnebø sine kjensler i radioprogrammet Ekko, då hennar beste firebeinte venn, den australske cobberdog-en Molly (6), stod i fare for å miste livet på grunn av ein akutt og alvorleg livmorbetennelse.

Då det mangla to brune auge som togg ved borda julaftan, ante Line uråd.

Molly låg utslått, og det var blod på madrassen ho låg på.

Første juledag vart det konstatert at Molly hadde livmorbetennelse og det vart gjort klart for operasjon ved ein dyreklinikk som hadde ope. Der fann dei ut at Molly mangla blodplater, noko som kan gjere ein operasjon veldig farleg.

Molly vart frakta til Veterinærhøyskolen (NMBU) på Ås, for ho trong ferskt blod frå andre hundar for å kunne bli operert.

Veterinærane kalla inn blodgivar-hundane sine, for å kunne redde livet til Molly.

Hunder som kom inn for å gi blod til operasjonen til Molly ved veterinærinstituttet.

BLODGIVAR: Denne labrador retrieveren var med på å redde livet til Molly, ved å vere blodgivar.

Foto: Line Hødnebø / NRK

Etisk dilemma

Matmor Line hadde det forferdeleg.

Frykta for å miste sin beste firbeinte venn, blanda seg med kva kostnaden på operasjonen ville bli – på ein dag som 1. juledag.

På heilagdagar er kostnadene for veterinærtenestene høgare enn på kvardagar.

– Dersom vi ville redde livet hennar, forstod vi at det ville «koste skjorta», fortel Line.

Det var heller ingen garanti for at Molly ville overleve operasjonen.

Ei rekkje spørsmål kan vere vanskelege å svare på, når kjæledyret ditt blir alvorleg sjukt.

Line og familien måtte ta mange, raske avgjerder.

  • Er det rett å utsetje dyret for operasjon?
  • Kan smertene til dyret bli for store?
  • Har vi råd til å betale rekninga?
  • Vil dyret kunne få eit smertefritt liv etter eit inngrep?
  • Er det betre dyrevelferd å avlive?
Nyoperert Molly blir passet på døgnet rundt

OMSORG: Molly fekk ekstra mykje omsorg frå familien sin då ho kom heim frå veterinærhøgskulen på Ås.

Foto: Linde Hødnebø / NRK

Ingen fasit

Kvar går grensa for kva som greitt for kjæledyra og eigarane?

– Det er eit kjempevanskeleg spørsmål. Her er det ingen fasit. Det er noko som må vurderast i kvart enkelt tilfelle, fortel dyrevelferdsforskar og åtferdsbiolog ved Veterinærinstituttet, Kristian Ellingsen-Dalskau.

Han er òg sekretær i Rådet for dyreetikk.

Ellingsen-Dalskau meiner det er veldig flott at folk er villige til å bruke pengar på kjæledyra sine, men at det er fleire viktig ting å tenkje over.

Det viktigaste målet med å utsetje dyret for eit inngrep, er at det skal få eit liv som er verd å leve etter ein operasjon. At det er smertefritt, og at dyret skal kunne bevege seg og ha ei god dyrevelferd, også etter inngrepet. Det må leve eit godt liv for seg sjølv, og ikkje berre for oss, seier han.

Dyrevelferdsforsker og adferdsbiolog ved Veterinærinstituttet, Kristian Ellingsen-Dalskau.

TA VALET SAMAN: – Snakk med veterinæren når du skal ta dei vanskelege vala, seier dyrevelferdsforskar og åtferdsbiolog ved Veterinærinstituttet, Kristian Ellingsen-Dalskau.

Foto: Privat

Ellingsen-Dalskau legg til at det er viktig å tenkje over prognosen.

  • Kor lang er behandlinga?
  • Kva utsikter er det for å overleve?
  • Vil det gi eit smertefritt liv etterpå?

Men vi må òg tenkje på smerta under behandling og rekonvalesens- perioden, seier han.

Til liks med oss menneske må nokre kjæledyr bruke livsvarig medisin i etterkant av eit inngrep, for å kunne leve utan smerter.

Veterinæren har ei viktig rolle her, og må vurdere kva som er best for dyret. Dette bør verken handle om prestisje eller pengar, fortel Kristian.

Huden Molly

SLITEN: -Då Molly kom heim med arr på magen var ho veldig sliten og redusert i ei vekes tid. Ho ville berre ut og tisse og rett inn for å kvile på madrassen, godt innpakka i bandasje og pledd. Ho måtte matast med småbitar frå handa vår og drikke små slurkar, fortel Line Hødnebø.

Foto: Line Hødnebø / NRK

Avliving

Som eigar må ein vurdere sin eigen vilje, evne og økonomi til å kunne følgje opp behandlinga som kjæledyret treng, også i perioden etterpå.

– Avliving kan vere eit fullt akseptabelt alternativ i staden for livslangt medisinsk behandling, eller i staden for kirurgi. I mange tilfelle kan det dyrevelferdsmessig vere betre enn å gjennomføre ei behandling. Men samtidig skal ein ikkje avlive eit dyr berre av omsyn til kva som passar best, seier Kristian.

Han ber kjæledyreigarar hugse på at uventa ting skjer.

– Skaffar du deg hund bør du tenkje igjennom slike situasjonar. Det kjem til å koste pengar og forsikringa dekkjer ikkje alt, seier han.

Kjende på ei skam

Line valde å satse alt på å redde Molly.

Kjensla av akutt kjærleikssorg blanda seg med det ho beskriv som ei skam over å bruke så mykje sparepengar på hunden sin.

Den totale rekninga for Molly hamna på 103.000 kroner. Ein tredel blir dekt av forsikringa.

Eg kjende på kjærleik blanda med ei kjensle av skam, fortel Line.

Line Hødnebø med den australske cobberdog-hunden Molly

ANGRAR IKKJE: – Vi angrar ikkje på valet vårt, men hendinga er verkeleg til ettertanke, seier Line Hødnebø.

Foto: Privat

Kristian Ellingsen-Dalskau fortel at ei slik skam er vanleg å kjenne på.

– Denne skamma er mange hundre år gammal og stammar frå fleire filosofar som meinte at dyr ikkje hadde sjel, og dermed heller ikkje kjensler. Dette har styrt menneskets syn på dyr og forskinga fram til i dag, seier Kristian.

– No blir kjæledyr ofte sett på som ein familiemedlem, og vi gjer alt vi kan for at dei skal ha det godt, avsluttar han.

Då Molly kom heim med arr på magen sov ho mykje, og det var tydeleg at det heile hadde vore ei påkjenning.

– I dag er Molly frisk og rask, spring i skogen og får meir kos enn nokon gong, fortel Line Hødnebø.

Hunden Molly

KJÆRLEIK: – Det er utan atterhald kjærleik og turkamerat, fortel Line om hunden Molly.

Foto: Line Hødnebø / NRK

Line Hødnebø er journalist i NRK, høyr meir om dette i radioprogrammet Ekko:

Hvor mye er en hund verdt?
Mange har skaffet seg et kjæledyr under pandemien, men hvor langt er du villig til å strekke deg om hunden blir syk? 
Klimaseilas
I halvannet år seiler Norges største seilskip Statsraad Lehmkuhl nesten lydløst jorda rundt og kartlegger tilstanden i havet. En av havforskerne ombord byr på ferske inntrykk fra forholdene i Karibia.
Hvorfor er det riktig å velge feil når man er sliten? 
Hva belønner du deg med etter en dårlig dag på jobben? Sjokolade? Vin? Psykologspesialisten forklarer hvorfor og kommer med gode råd tre uker etter nyttår. 
Bytte jobb?
Vurderer du å bytte jobb eller har du det bra der du er? 
Er mammuten like rundt hjørnet? 
Stadig dukker det opp nye spennende fossilfunn av mammuter ute på tundraen. Det betyr at forskerne får mer materiale å jobbe med. Samtidig utvikler bioteknologien seg i rasende fart.

Kor mykje er ein hund verd? Mange har skaffa seg eit kjæledyr under pandemien, men kor langt er du villig til å strekkje deg om hunden blir sjuk?

Hei

Har du tips om saker du synes vi i NRK Nyheter bør se nærmere på?

Trenger ikke handle om hunder eller andre dyr, selv om jeg tidligere har skrevet saker som:

Mijøvennlige hundeposer som nødvendigvis ikke er så miljøvennlige, Hundetreneren som ble truet på livethundekjøpere som blir svindlet og Dyrebeskyttelsen Norge vant rettssaken mot NKK


Les også Slik veit du at hunden må avlivast

En mann i blågrå genser og brun bukse sitter på bakken sammen med i hund.

Les også May måtte ta et vanskelig valg da Raf trengte behandling til 40.000

May Romenstad og hunden Raf

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger