I serien «Fra Bølle til bestevenn» slit fleire av eigarane med at hundane glefsar etter kvarandre.
Hundetrenar Maren Teien Rørvik og to andre åtferdsekspertar listar opp vurderingane de må gjennom før de tek den vanskelege avgjerda.
Gammal eller sjuk
– Som hundeeigar har du teke på deg eit stort ansvar for velferda til dyret. Om hunden har smerter og er gammal, må du ta det tunge ansvaret, seier hundetrenar Rørvik.
Dessverre er det ikkje så lett å sjå om hunden har det vondt.
– Hunder er ekspertar på å skjule smerte, forklarer etolog og åtferdskonsulent Anna Bjurgård Compton.
– Når dei først viser oss smerte, har dei det ganske vondt, og kan ofte ha hatt vondt over lengre tid. Det er forskjell på akutt smerte, som får mange hundar til å hyle, medan kronisk smerte ofte går umerkande.
Du må kjenne hunden godt for å sjå teikn på smerte. Viss hunden endrar åtferd, kan det vere grunn til bekymring:
– Ein hund har lov å bli gammal som oss. Alderdom der han er ivareteken er flott, sjølv om han går saktare, søv meir eller går kortare turar. Men når han ikkje lenger vil gjere ting som å kose, leike, gå tur eller ete, bør dyrlege besøkjast, presiserer ho.
Veterinær og åtferdskonsulent Gry Eskeland har ein arbeidsdag som også inneber å avlive hundar.
– Det er alltid trist å setje sprøyta som endar livet til dyret, men dei fleste hundeeigarar som kjem til oss tenkjer at det er det beste for hunden, fortel ho.
På Nordstrand dyreklinikk avlivar dei hundar, katter og andre dyr ein til to gonger i veka, med eigaren til stades.
– Dei fleste ønskjer kremering, og då kan dei velje mellom felleskremering eller eigenkremering, og dei kan få med seg oska heim i ei urne, forklarer ho.
Aggresjon
Sjølv dei snillaste hundane kan gjere farlege ting. Nokre gonger er det beste for hunden, samfunnet og eigaren at ein hund blir avliva.
Hundar kan vere farlege – i gitte situasjonar. Men:
– Hunder er ikkje aggressive, dei viser aggresjon i spesifikke situasjonar, understrekar dyreåtferdseksperten Anna Bjurgård Compton.
Nokre rasar kan ha ein lågare terskel for å vise aggressiv åtferd som bjeffing, knurring eller biting i visse situasjonar, det er genetisk avla fram.
– Ein politihund er trena til vise aggressiv åtferd når politiet er under trussel, men ikkje når eit barn kjem bort og klappar han, seier ho.
Som hundeeigar må du kjenne rasen du har valt, og trene hunden deretter.
– Molosser og vaktarhundar var tidlegare avla fram til å kjempe i kampar, eller vakte ein buskap eller eit territorium. Framleis kan dette komme fram i individ i 2021, forklarer veterinær Eskeland.
Les hundens stressignal
– Ein vanleg grunn til at hundar bit, er at kommunikasjonen mellom hund og eigar er dårleg. Det blir lett misforståingar, understrekar Gry Eskeland.
Lær deg kva teikn hunden din viser, slik at du kan hindre biting og farlege situasjonar.
Hundar har levd ved sida av oss i menneskesamfunnet vårt i tusenvis år, og både menneske og hundar har tilpassa seg.
Dei siste 100 åra har vi ønskt oss stille hundar, og då står hundane igjen med berre kroppsspråk, som vi menneske ikkje er så flinke til å forstå.
– Knurring, bjeffing og glefsing er åtvaringar som er lette å skjønne. Meir nyanserte teikn som å slikke snute, gjespe, rista seg, løfte labben eller leggje seg på ryggen kan vere tidlege teikn som gir eit forvarsel om at aggresjon er på veg, og som vi kan lese som stressignaler, seier Gry Eskeland.
1. september kom Landbruks- og matdepartementet med eit forslag til ei ny hundelov, som går på at hundeeigarane må kunne nok om hund.
– Eg håpar at det blir ei heilt anna forståing av hunden og den situasjonen han er i med den nye hundelova. Det er kjempeviktig at hundeeigar set seg inn i hunderasen og lærer seg å lese teikna, seier advokat og tidlegare veterinær Jo Gjestvang.
Søk hjelp og rettleiing
– Vi har teke eit rovdyr inn i stova og forventar at det skal fungere i samfunnet. Det kan vere lettare å ha ein hest eller ein kanin som ikkje har den same rovdyråtferda. Hundar bør ha rett til å vise kjensler, understrekar Anna Bjurgård Compton.
– Du har eit ansvar som hundeeigar for å ikkje setje hunden i ein situasjon der han kjenner han må forsvare seg, og endar med å bite. Du kan til dømes ikkje binde ein hund kvar som helst og gå frå han, åtvarar ho.
Spørsmåla du må stille deg er:
- Er hunden farleg?
- Kjem han til å bite igjen?
- Kor stort skadepotensial har hunden?
– Har hunden låg terskel for å glefse eller bite i nærleiken av menneske, er han antakeleg redd, og eg ville tilrådd å søkje hjelp for å sjå om det kan gjerast noko med. Ein må prøve å få hunden tryggare ved å gi han positive opplevingar i interaksjon med ulike menneske. Ein usikker hund treng tid og tryggleik, ikkje kjeft, forklarer Maren Teien Rørvik.
Ofte er dette vanskeleg å løyse utan hjelp, og ein åtferdsterapeut kan gi hjelp og rettleiing.
Send ein e-post til tre eller fire ulike og skriv litt om problema til hunden din og spør om det er noko dei kan hjelpe deg med.
– Det er veldig få hundar som er farlege i seg sjølv, men dei fleste hundar kan vere farlege viss dei blir sette i ein uhandterleg eller farleg situasjon. Mykje kan endrast ved å trene hunden med kompetent rettleiing, men viss problemet ikkje lét, seg løyse og opplevast farleg er det kanskje betre å avlive enn å omplassere problemet vidare, seier Maren Teien Rørvik.
Hundar som bit
– Kva er eit bit, spør dyreåtferdseksperten Compton.
– Var det ein kvalp som klødde i tennene, var det ein hund som leika og bomma, var det ein gjetarhund som nappa i hælen din, eller var det ein hund som beit med full tanndjupn medan han rista på hovudet og ikkje ville sleppe?
– Det er så mange åtferder som blir kalla eit bit at det blir umogleg å snakke om å bite som ein definisjon på ein farleg hund, forklarer ho.
Ein hund som kjenner seg trua vil truleg bite.
Lovverket seier: «Ein hund som har gått til angrep på eller skadd eit menneske, kan politiet i ettertid vedta å avlive dersom ikkje dette verkar som eit uforholdsmessig tiltak.»
Har du ein vakthund som oppdagar ein innbrotstjuv heime hos deg, og bit tjuven, kan han måtte bøte med livet.
Advokat Jo Gjestvang har dei siste ti åra hatt i snitt éi sak i året med hundebit, men utfalla er veldig ulikt.
I dei sakene han har jobba med der Politidirektoratet har vorte involvert, har det nesten alltid enda med at hunden har vorte avliva.
– Det er ekstra alvorleg og lite sannsynleg at ein hund får overleve viss han har bite eit barn. Samtidig er det òg i desse sakene ofte slik at dei vaksne ikkje har vore tilstrekkeleg medvitne og merksame på den tidlegare situasjonen, legg han til.
Rundt 5000 hamnar hos legen med bitskadar kvart år, ifølgje Folkehelseinstituttet.
– Svært ofte er det menneskeleg feil eller manglande merksemd for situasjonen som hunden blir frakta i som gjer at han bit, seier Gjestvang.
Ei eventuell avliving vil berre skje viss bitet blir meldt.
I mange andre tilfelle er det slik at hundeeigar tek ansvar for åtferda til hunden før det ei melding.
– Dei kjem til veterinæren og ber om avliving fordi dei ikkje vil ha ansvar for at det kan skje ein gong til, forklarer Gry Eskeland.
Og det er heldigvis svært sjeldan at folk blir bitne av framande hundar dei ikkje kjenner.
Forsking viser at dei fleste bitskadar frå hund skjer i heimen, av ein hund dei kjenner eller ein hund som bur i huset.
– Det er ikkje så stor risiko å bli biten av framand hund, avsluttar Gry Eskeland.
Les meir: