Hopp til innhold

Flykaos i Europa – slik er situasjonen no

British Airways har innstilt 1.500 flygingar i juli og køen har kome tilbake på Schiphol. Slik er situasjonen på dei store flyplassane i Europa.

Kø på flyplassen i Frankfurt Tyskland.

KØ OG KAOS: Frankfurt er Tysklands travlaste flyplass og har den siste tida vore plaga med bagasjekaos, kø og forseinkingar grunna låg bemanning.

Foto: Michael Probst / AP

Det er ikkje berre i Noreg streik føre til sinte passasjerar og kansellerte fly.

Fleire andre flyselskap og flyplassar har innstilt ei rekkje flygingar i sommar på grunn av personalmangel eller streik.

Her kjem ei oversikt over situasjonen på dei største flyplassane i Europa:

London Heathrow

Heimesida Flightstats viser at det er litt forseinkingar og kanselleringar på London Heathrow lufthamn onsdag.

Tidlegare i veka meldte britiske media om kaos og lange køar på flyplassen.

Ein reisande på flyplassen fortalde The Mirror at køane var så lange at det ikkje var plass inne.

Ein talsperson for Heathrow beklaga for køane til BBC, og sa at grunnen var ein feil på flyplassen sitt drivstoffsystem.

Kø på Terminal 2 på Heathrow Airport, London, måndag 27. juni.

På søndag var det lange køar på Terminal 2 på London Heathrow lufthamn i Storbritannia.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Heathrow er også hovudflyplassen til det største flyselskapet i Storbritannia, British Airways.

Flyselskapet melder at dei innstiller 1.500 fleire flygingar i sommar. Dei skuldar på mangel på personale.

Selskapet har allereie innstilt 10 prosent av flygingane sine mellom april og oktober, men melder at ytterlegare innstillingar er naudsynleg, skriv BBC.

Dei fleste av dei 1.500 flygingane er i juli.

– Sidan heile luftfartsindustrien no er i den mest utfordrande perioden nokon gong, har det dessverre vorte nødvendig med ytterlegare reduseringar, seier selskapet i ei pressemelding.

På same tid kan det hende det blussa opp streik blant innsjekkingsmedarbeidarane til British Airways på London Heathrow Airport, skriv BBC.

Charles de Gaulle

Onsdag er det middels med forseinkingar på flyplassen Charles de Gaulle i Paris Frankrike, ifølgje Flightstats.

Dette kjem etter at det sist veke var ein stor streik blant bakkemannskapa på flyplassen og eit teknisk problem som førte til bagasjekaos.

Flyplassstreik førar til kø på Charles de Gaulle i Paris.

Flyplasstreik førte til kø på Charles de Gaulle i Paris på fredag.

Foto: Thomas Padilla / AP

Ein teknisk feil på bagasjesystemet til flyplassen førte til at fleire fly måtte lette utan bagasjen til passasjerane.

Då vart 1500 bagasje ståande att på bakken, og skapte trøbbel for andre flygingar sjølv om feilen vart retta opp i, skriv Forbes.

Streiken i helga førte til at 10 prosent av flygingane frå flyplassen vart kansellert, skriv Reuters. Men streiken er ikkje over.

Flyplassstreik på Charles de Gaulle i Paris.

Bakkemannskapa på Charles de Gaulle i Paris streika fredag 1. juli.

Foto: Thomas Padilla / AP

France 24 skriv at bakkemannskapa har varsla ny streik frå morgonen 8. juli 2022.

Schiphol

Onsdag er forseinkingane i flytrafikken på flyplassen i Amsterdam på middels nivå.

Tidlegare i sommar har det vore meldt om lange køar på Schiphol, og ifølgje den nederlandske avisa De Telegraaf held bagasjeproblema og køane fram.

Det stadfestar også kommunikasjonsrådgivar på flyplassen, Madelon van der Hof til NRK.

– Det er ikkje noko nytt dei siste dagane. Det er kø, men situasjonen er handterleg. Bagasjesituasjonen har heller ikkje forandra seg, seier ho.

Kø på Schiphol flyplass i Amsterdam frå tidlegare i Juni

I juni var det meldt om lange køar på Schiphol flyplass i Amsterdam.

Foto: Peter Dejong / AP

Grunna personalmangel hos dei som handtera bagasje og sikkerheitskontrollen, slit flyplassen med å halde følge med dei store sommarmengdene.

Som eit tiltak er til og med kontorarbeidarane på flyplassen set i sving med bagasjehandtering, skriv De Telegraaf.

Les også Europeiske lufthamner innstiller flygingar for å takle sommarkaoset

Angela

Frankfurt

Frankfurt lufthamn i Tyskland har høg grad av forseinkingar og forstyrringar i flytrafikken onsdag, viser Flightstats.

Frankfurt er Tysklands travlaste flyplass og har den siste tida vore plaga med bagasjekaos, kø og forseinkingar grunna låg bemanning.

Flyplasskaos på Frankfurt i Tyskland i helga.

Flyplasskaos på Frankfurt i Tyskland i helga.

Foto: Michael Probst / AP

– Problemet vil ikkje bli mindre i tida framover, sjølv om vi tilsette fleire, seier sjefen i Fraport Stefan Schulte til Reuters.

Fraport er selskapet som driv bakkemannskapet på flyplassen. Dei har tilsett 1000 nye bakkemannskap, men under pandemien sa dei opp 4000, skriv Reuters.

Problem grunna mangel på personell vil halde fram i to til tre månadar, seier han.

Schulte beklagar for dette, men seier dei var tatt på senga av den raske auka av reisande.

– Det overraska oss, der skal eg innrømme at vi tok feil, seier han.

Madrid og Barcelona

Til forskjell for dei andre lufthamnene, har Adolfo Suárez Madrid-Barajas i Spania lite forseinkingar i flytrafikken, ifølgje Flightstats.

På flyplassen lenger nord i landet er det litt meir forseinkingar. På Barcelona El Prat ligg nivået på middels.

Likevel betyr ikkje dette at flytrafikken kjem til å gå knirkefritt framover.

Fleire av Ryanair sine kabintilsette i Spania har planar om å streike periodevis frå 12. til 28. juli på ti forskjellige flyplassar i landet, skriv CNBC.

Ryanair-ansatte holder plakater med teksten «Støtt streiken vår» mens de protesterer ved terminal 2 på El Prat flyplass i Barcelona 1. juli 2022

Ryanair-tilsette held plakatar med teksten «Støtt streiken vår» ved Terminal 2 på El Prat flyplass i Barcelona 1. juli 2022.

Foto: PAU BARRENA / AFP

I 12 dagar skal dei streike for betre arbeidsvilkår, seier fagforeiningane USO og Sictpla.

I ei pressemelding seier Ryanair at dei trur streiken vil ha liten effekt på flygingane i juli.

Likevel har ein tidlegare streik i Spania ført til at Ryanair måtte kansellerte ti flygingar på laurdag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger