Hopp til innhold

Europeiske lufthamner innstiller flygingar for å takle sommarkaoset

Streik og bemanningsmangel gjer at kaoset rår på europeiske flyplassar. Større flyplassar har starta kanselleringane.

Angela

FRUSTRERT: Bemanningsmangel fører til problem på lufthamna i Amsterdam. – Eg finn ikkje kofferten min, fortel amerikanske Angela Bahena.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Bagasjerot og lange køar har ført til forseinkingar på det som ofte blir kalla Europas travlaste flyplass.

For å unngå opphoping av koffertar har lufthamna Schiphol i Amsterdam bedt passasjerane om å helst reise med berre handbagasje.

Det gjorde ikkje amerikanske Bahena som har reist heilt frå California for å dra på festival i Amsterdam.

– Eg finn ikkje kofferten min, så det er ikkje bra, seier Angela Bahena til NRK.

Natallia Gonzales skulle mellomlande i Schiphol og fly heim til Spania i går. Grunna forseinkingar mista ho flyet.

– Eg var så frustrert. Eg fann ingen å snakka med og det var berre eit stort styr. No vil eg berre heim, seier Gonzales.

Natallia Gonzales. Schiphol. Spania

Grunna forseinkingar og lange køar måtte Natallia Gonzales overnatte i Amsterdam.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Er ikkje nok folk

Blant dei som handterer bagasjen på Schiphol er det ikkje kjekt å jobbe for tida.

– Vi har ikkje nok folk til jobben, så vi veit at vi ikkje blir ferdige. Heile dagen er ein skuffelse, seier skiftleiar for stuarane, Gerben de Jong til NRK.

De Jong fortel at dei har åtvara sjefane sine i lang tid om at dette ville skje.

No skal flyplassen tilsette meir folk, men grunna sikkerheitsklarering kjem dei ikkje på jobb før etter sommaren.

– Det er utruleg frustrerande, seier han.

Om det ikkje var nok har også reinhaldarane på flyplassen gått ut i streik.

De jong skiftleiar

Skiftleiar blant stuarane, Gerben de Jong, fortel at dei ikkje får gjort unna alt dei skal.

Foto: Ismail Burak Akkan

Flyplassane kansellerer

I Noreg er flyteknikarane i streik, noko som har ført til fleire innstillingar.

I Europa må lufthamnene ta grep for å dempe passasjermengdene.

På Schiphol har flyplassen tvinga flyselskapa til å redusere talet på reisande med om lag 16 prosent i forhold til det talet som er normalt under sommarmånadane.

På lufthamna Heathrow i London reduserte dei mandag talet på flygingar med 10 prosent, på grunn av problem med baggasjehandteringa. Kutta råka 5.000 passasjerar.

– Blir det stort nok kaos, så er det berre ein ting dei kan gjere og det er å redusere trafikken inn og ut frå flyplassane, seier professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole, Frode Steen.

Han trur det også kan skje på andre større lufthamner.

– Reisande må førebu seg på at dei denne sommaren fort kan bli ein dag for sein, seier han.

Kaos på flyplass. Schiphol

Koffertar låg strødde på golvet på Schiphol flyplass i går kveld.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Les også NFO søker lockout-dispensasjon for ambulanseflyteknikerne

Jan Skogseth er leder i Norsk Flytekniker Organisasjon

Etter to år med reiserestriksjonar skal vi ut og reise igjen. Men mannskapsmangel og streikar har ført til at det har blitt lange køar og forseinkingar ved fleire flyplassar i Europa.

Oslo lufthavn er startpunktet for mange nordmenn som skal til utlandet. Flyplassen har gått klar det verste kaoset så langt, men streik blant flyteknikarane kan få konsekvensar. Problema i Europa kan også forplante seg hit.

Arlanda utanfor Stockholm er blant flyplassane som har fått merke problema i flybransjen. Dei siste helgene har det vore lange køar, og måtte i slutten av mai stenge flyplassen på grunn av situasjonen.

Kastrup i København er eit viktig knutepunkt for nordmenn som skal ut i verda. Allereie før pinse blei det meldt om lange køar ved flyplassen på grunn av mannskapsmangel. Men leiinga ved flyplassen seier dei reknar med å ha nok folk no i slutten av juni.

Schiphol utanfor Amsterdam er ein av dei travlaste flyplassane i Europa, med mange mellomlandingar. Det har i fleire veker vore rapportert om lange køar og mange kanselleringar. I tillegg har reingjeringspersonellet ved flyplassen streika.

Flyplassen i Brussel måtte kansellere fleire avgangar då tilsette ved fleire delar av flyplassen blei tekne ut i streik. Det førte til lange køar av reisande. Flyplassen blei til slutt heilt stengt, og alle avgangane kansellert.

Også ved Charles de Gaulle-flyplassen i Paris har det vore lange køar dei siste vekene. Flyplassen måtte også innstille fleire avgangar i førre veke på grunn av streik blant dei tilsette.

Heathrow i London har også mangla tilsette etter pandemien. Det har ført til lange køar, kanselleringar og folk som ikkje har fått tilbake bagasjen sin. Då bagasjesystemet nyleg streika, måtte all bagasje sjekkast inn manuelt på nytt. Det skapte ekstra lange køar.

Mangel på tilsette

Ettersom pandemien førte til stans i flyreiser, har mange tilsette på flyplassane mista jobben.

Den store auken flyreisande i sommarsesongen ser ut til å ha kome brått på dei store flyplassane, meiner Steen.

– Blir det forseinking i eitt ledd råkar det andre. Det blir ein kjedereaksjon, seier Steen.

På kort sikt er det vanskeleg å løyse bemanningsmangelen.

– No er det stor konkurranse for denne type arbeidskraft, samtidig som det tar lang tid å få dei sikkerheitsklarert, seier han.

Flyplassarbeidere står ved siden av linjer med passasjerbagasje arrangert utenfor terminal 2 på Heathrow flyplass i London

På Heathrow i London er det framleis ikkje orden over dei enorme mengdene med bagasje som fløyt over flyplassen denne veka.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Varslar streik

Blant tilsette i luftfartsbransjen er det også varsla større streikar denne sommaren.

Etter jobb- og lønskutt under pandemien, krev tilsette betre løn- og arbeidsvilkår.

På flyplassen i Brussel blei alle flygingane måndag kansellert, etter nasjonal streik.

Også på flyplassen Charles de Gaulle i Paris har det vore omgåande streikar og større rundar med kanselleringar. På Heathrow er det varsla mogleg streik frå og med neste månad.

I tillegg har fagforeiningar i flyselskapa Ryanair og Easyjet varsla streik, melder Reuters.

– Lufthamner og flyselskap over heile Europa har store utfordringar denne sommaren. Kombinasjonen av streik og bemanningsmangel kan bli meir spanande enn vi ønskjer, seier Steen.

Les også Ferietrøbbel for mange: Nesten 50 flyvninger i Norge påvirket av streiken tirsdag

Bjørn Terje Aass og Kona Tove fikk flyet sitt med Norwegian kansellert i går kveld. Paret fra Rygge i Moss hadde i lang tid planlagt en tur til Spania for å ta over en nyervervet leilighet på La Manga i dag

SISTE NYTT

Siste nytt