Hopp til innhold

Ap-stjerne på veg ut om valet av Giske: – Eg tenkjer på korleis det går med dei som sa i frå

Ap-topp Jette Christensen seier det som skjer i Arbeidarpartiet no er smertefullt. Ho meiner partikulturen står i vegen for politikken.

Jettesen

REAGERER: 37 år gamle Jette F. Christensen gir seg i politikken etter valet i 2021. Ho vil då ha site 12 år på Stortinget for Ap og Hordaland,

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

– Innlegga som har kome dei siste dagane er smertefulle å lese, seier Jette Christensen til NRK.

Ho sikter til dei unge Ap-kvinnene Sunniva Andreassen og Ellen Reitans utspel og skildringar etter at ein samla valkomité i Trøndelag Ap måndag innstilte på Trond Giske som ny fylkesleiar.

To og eit halvt år etter at Giske trakk seg frå alle verv etter ei rekke varslingssaker mot han.

Også leiaren av Aps kvinnenettverk, Anette Trettebergstuen, og fleire av hennar fylkesleiarar har rykt ut og meint at comebacket skjer for tidleg.

– Smertefullt å lese

I ein tale i Tromsø på sin eigen 60-årsdag tysdag varsla Jonas Gahr Støre at han på Aps neste landsstyremøte vil ta eit hardt oppgjer med dei interne stridigheitene i partiet.

Ifølgje avisa iTromsø, som var tilstades, var bodskapen at «personfokus skal ikke lenger få gå foran politikken».

«Enten er dere med oss, eller så er dere mot oss. Vi er ikke i dette partiet som enkeltmanns- og enkeltkvinnes-prosjekter, vi er her som en bevegelse. Det som er fellesnevneren til alle i denne bevegelsen, er at vi erkjenner at noe er større enn oss selv», var noko av det Støre sa, ifølgje iTromsø gjengitt i VG.

Støre har etterpå sagt at han i talen ikkje sikta til dei siste dagars drama knytt til Trond Giske. Meir om det lenger nede i saka.

Jette Christensen, som har varsla politisk exit i 2021 etter 12 år på Stortinget for Arbeidarpartiet, reagerer slik då NRK les opp det Støre er sitert på:

– Eg var ikkje på møtet og veit ikkje om dette er riktig attgjeve. Innlegga som har kome dei siste dagane er berre smertefulle å lese. Dei, og reaksjonane på dei, er viktige ikkje fordi dei fortel om personar, men seier noko om kultur, seier Christensen til NRK.

6TgLY_chCGA

NÆRE: Jette Christensen og Martin Kolberg sat fleire år saman i kontrollkomiteen på Stortinget for Ap. Dei har begge sagt nei til attval i 2021.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

– Ikkje dei som er problemet

Ho held fram:

– Det gjer vondt å lese i kommentarfelt korleis dei blir møtt med mistru. Det er ikkje dei som seier frå om eit problem, som er problemet.

– Dette kan ein sjå på som ein moglegheit til endring. Å seie frå om opplevingar eller kultur som ikkje er bra blir gjort i lojalitet med tru på at det kan bli betre. Det var difor eg valde å vere ærlig på det då eg sa at eg ikkje ønskjer attval til Stortinget.

Ho meiner kulturen i partiet på mange måtar står i vegen for politikkutviklinga:

– Ein kultur med konspirasjon og fortiing er til hinder for politisk debatt. Det er det heldigvis mogleg å gjere noko med. Og det er det mange bra folk i partiet som vil, så eg trur det vil finnast ei løysing. Det er viktig for Norge at Arbeidarpartiet har eit ope og godt politisk verkstad, seier Christensen.

– Kva tenkjer du eigentleg om at Trond Giske er innstilt som fylkesleiar?

– Eg tenkjer mest på korleis det går med dei som har sagt i frå.

Støre: – Alle parti må ha fokus på politikk

I sosiale medier har fleire reagert langt krassare på Støres utsegn om at ein er «med oss, eller mot oss» enn Jette Christensen gjer i denne artikkelen.

På Twitter onsdag ettermiddag skriv Ap-leiaren:

– Ser at nokre feiltolkar kommentaren min om internt samhald frå Tromsø. Alle parti må ha fokus på politikk for å vinne valg. Det var bodskapen i ein takketale som pressa høyrte deler av. Bemerkinga hadde ikkje noko med det føreståande valet i Trøndelag Ap å gjere. Som eg sa måndag forstår eg at innstillinga frå valkomiteen skaper diskusjon. Vi både kan og skal ha opne diskusjonar om personar når personar skal veljast til sentrale verv - det er ein del av demokratiet.

JGS

HELDT TALE: Jonas Gahr Støre oppmoda partifeller til å slutte rekkene under ein tale i Tromsø tysdag.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

Dei siste dagane har ein ny diskusjon om Trond Giske ridd Arbeidarpartiet.

I sommar fekk Jonas Gahr Støre kjeft frå fleire i partiet for ikkje å avvise at Trond Giske i framtida kan bli statsråd, i same intervju som han ba kvinnelege Ap-toppar som gir seg i toppolitikken om å først og fremst vere takknemlege for å ha fått høge tillitsverv i partiet.

Jette Christensen (37) er saman med tidlegare finanspolitisk talsperson Marianne Marthinsen (40) dei mest profilerte Ap-kvinnene som har varsla at dei takker for seg.

AKTUELT NÅ