Reagerer på Giske-innstilling: – Store kostnader

Trond Giskes veg tilbake til politiske posisjonar vil ha store kostnader, meiner tidlegare varslar. Likestillingsombodet meiner ein må akseptere at det finst ein veg tilbake.

Sunniva Andreassen holder appell i Trondheim på kvinnedagen 8. mars 2020.

VARSLA: Sunniva Andreassen sto ope fram med sitt varsel mot Giske. Her held ho apell på kvinnedagen i Trondheim i år.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

I dag vart det klart at valkomiteen i Trøndelag Ap vil at Trond Giske bør veljast til leiar for fylkeslaget førstkomande helg.

Det vil gje Giske topposisjonen i eitt av dei viktigaste Ap-fylka, det gir han plass i landsstyret og venteleg ein plass på Stortinget etter 2021.

Velje side

Valet kjem to og eit halvt år etter at Giske gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet etter fleire varslingssaker mot nestleiaren.

Sunniva Andreassen var ei av dei som sto ope fram som varslar. Ho er ikkje glad for at Giske no er på veg tilbake til ein mektig posisjon og meiner det vil ha ein politisk pris.

Sunniva Andreassen i Dagsnytt 18

STO FRAM: Sunniva Andreassen fortalte si historie i Dagsnytt 18 i februar 2018.

Foto: Truls Antonsen / NRK

– No er det opp til den meinige årsmøtedelegat i Trøndelag Ap, kva for ei side av historia ein vil stå på. Det kan bli eit val med potensielt store kostnader, seier Andreassen til NRK.

– Fordi etter dette årsmøtet skal kvart enkelt medlem, og kvar enkelt veljar, bestemme om ein fortsatt vil vere ein del av og støtte Arbeidarpartiet. Det er sånn demokratiet vårt fungerer, seier ho vidare og legg til at ho har høyrt om folk som vil melde seg ut av partiet dersom Giske blir valt til fylkesleiar.

Tidlegare kommunestyremedlem i Steinkjer og kyrkjeråds-medlem Gunnar Winther, melde seg i dag ut av Arbeidarpartiet i protest mot innstillinga av Giske som fylkesleiar.

– Skal kunne kome tilbake

Men det er venta at det er stor oppslutnad om Giske som fylkesleiar når Ap i Trøndelag samlar seg til årsmøte komande helg.

– Det vil alltid vere eit spørsmål om når taiminga er riktig, seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm til NRK. Den tidlegare Ap-politikaren sat i regjering saman med Giske i tre år.

Hanne Inger Bjurstrøm

TILBAKE: Ein skal kunne kome tilbake, meiner likestillingsombod Hanne Bjurstrøm.

Foto: Kim Saatvedt

– Men viss organisasjonen har tillit til han og vil gje han tillit, så er det opp til organisasjonen å gjere det. Det er ingen hinder i lovverket for å gjere det. Ein skal kunne kome tilbake til ein posisjon også dersom ein står bak seksuell trakassering, seier Bjurstrøm.

– Det kan opplevast provoserande for dei som er krenka, men slik må det vere.

Etter å ha gått gjennom fleire varsel mot den profilerte Ap-politikaren konkluderte partiet i januar 2018 med at nestleiaren hadde brote parti-retningslinene mot seksuell trakassering.

Giske beklaga oppføreselen sin i nokre av sakene, men har heile vegen vore ueinig i at han har stått bak seksuell trakassering. Han meinte partiet sin konklusjon om brot på retningslinene burde omgjerast.

Giske ønskjer i dag ikkje å kommentere noko av det som blir sagt i denne saka.

Terskelen for å varsle

Likestillingsombodet har i Dagens Næringsliv tidlegare uttrykt uro for om Giske kan ha bidrege til å heve terskelen for å seie frå om seksuell trakassering. Debatten kom etter boka til Giskes ektefelle Haddy N’jie i fjor.

– Debatten gir inntrykk av at ein påstand om seksuell trakassering er det same som å seie at vedkomande har gjort ei straffbar handling. Det er feil å seie, sa Bjurstrøm til DN den gongen.

No får Giske truleg leiarposisjonen i eit stort politisk fylkeslag. I ein politisk leiarposisjon kan han i ein gitt situasjon vere den som mottek påstandar om at andre har trakassert nokon.

– Lovgjevinga føreset at organisasjonar har gode rutiner for å fange opp trakasserings-saker. Dei må vi føresetje at ein følgjer.

– Eg legg til grunn at Trond Giske forstår lovgjevinga knytt til dette, seier Bjurstrøm til NRK.

– Burde hatt kvinne på topp

Sjølv om det er venta at valkomiteen sitt forslag om Giske som leiar får støtte, er det fortsatt krefter i Trøndelag Ap som jobbar for ein annan leiar enn Trond Giske.

– Eg synest det er synd at ein ikkje har funne plass til ei kvinne på topp. Vi har så mange dyktige kvinner i Trøndelag som kunne fylt den rolla på ein veldig god måte, seier Tine Christin Eikevik, leiar i Trondheim Arbeidersamfunn, Giske sitt eige lokallag.

Namsos-ordførar Arnhild Holstad er ein av dei som har vore kritisk til at Giske siktar på topposisjonen.

– Det er som venta mange gode namn blant medlemmane som blir foreslått. Eg er likevel skuffa over at komiteen einstemmig innstiller på Giske som leiar, ikkje minst fordi debatten om vervet viser at mange hadde ønskt seg ein annan kandidat. Eg synest ikkje komiteen svarar på innspela frå medlemmane her, slik leiaren av valkomiteen sjølv sa på pressekonferansen at dei har gjort.

Ønskjer Trøndelag lukke til

Sentralt i Arbeidarpartiet har linja vore at ein ikkje vil blande seg i kven fylkeslaga vel i sine posisjonar.

Arbeiderparti-leder Jonas Gahr Støre på Sognsvann i Oslo.

LUKKE TIL: Partileiar Støre vil ikkje blande seg i kven Trøndelag vel som leiar.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Valkomiteen i Trøndelag Arbeidarparti har i ettermiddag levert innstillinga si. Eg har fortåing for at den skaper debatt, men det er ikkje naturleg for meg å kommentere ny leiing før den er valt. Det er opp til kvart fylkeslag å velje leiinga si og eg ønskjer Trøndelag Ap lukke til med årsmøtet til helga, skriv Støre i ein kommentar til NRK.

Heller ikkje kvinnenettverket sentralt i partiet vil meine noko om Giskes retur til ein viktig posisjon. Sjølv om leiar for kvinnenettverket, Anette Trettebergstuen, tidlegare har sagt til Dagbladet at ho skulle ønska Giske ga partiet ro, vil også ho la Trøndelag gjere sitt val i fred.

– Eg har uttalt meg tidlegare, og overlet til lokale krefter som skal velje han å uttale seg i dag, skriv Trettebergstuen, til NRK.

– Meir tid

Siri Sandvik, som er leiar i Kvinnenettverket i Vestland, har derimot meiningar om Trøndelag sitt val.

Siri Sandvik smiler på Youngstorget

FOR RASKT: Kvinnenettverksleiar i Vestland, Siri Sandvik, meiner det handlar om tillit.

Foto: Privat

– Eg har registrert ei god stund at han har stor tillit i Trøndelag. Tillit er ikkje noko ein kan vedta at du skal ha, det må du tene deg opp. Eg meiner ikkje at Giske aldri skal få nokon posisjon, men meiner alt som har skjedd sidan dette sprakk ikkje har inngitt tillit.

Ho meiner Giskes retur til viktige posisjonar har gått raskt.

– Eg trur det hadde vore lettare for dei som har vore utsett for krenkingar å akseptere at Giske på eit tidspunkt kjem tilbake for fullt viss det hadde gått meir tid og hadde skjedd på ein meir audmjuk måte.

Kva konsekvensar har det for partiet at han kan bli fylkesleiar?

– Trøndelag står fritt til å velje leiinga si. Eg trur nok mange rundt om i landet vil reagere, men det er forskjell på å bli valt inn lokalt og bli løfta fram nasjonalt i ei sentral rolle i partiet eller som statsråd. Viss det er sånn at Giske når heilt til topps i Ap igjen - då må eg vurdere medlemskapet mitt.

SISTE NYTT

Siste meldinger