Hopp til innhold

18 av 50 politifolk avhøyrde

Gjenopptakingskommisjonen avhøyrde berre 18 av 50 Treholt-etterforskarar før dei tok avgjerda om å ikkje å ta saka opp på ny.

Illustrasjon overvåkning Oscarsgate

Berre ein del av etterforskinga som deltok i overvakinga av husværet til Arne Treholt, er avhøyrde av Gjenopptakingskommisjonen.

Foto: Brennpunkt / NRK

Etter det NRK kjenner til har kommisjonen heller ikkje avhøyrt fleire av dei som var med på overvakinga av husværet til Treholt i Oscarsgate i Oslo.

Kritisk til kommisjonen

Video Malthe-Sørenssen i Dagsnytt 18

Geir Selvik Malthe-Sørenssen meiner for få er avhøyrde.

Foto: Nyhetsspiller

Forfattaren av boka «Forfalskningen - politiets løgn i Treholt-saken», Geir Selvik Malthe Sørenssen, er sterkt kritisk til arbeidet kommisjonen har gjort.

I går sa han til NRK.no at kommisjonsleiar Helen Sæter anten ikkje snakkar sant , eller så har ho ikkje lese alle saksdokumenta. Han meiner at kommisjonen ikkje har gjort nok for å kome til botnen i denne saka, blant anna ved at fleire sentrale etterforskarar ikkje er avhøyrde.

Malthe-Sørenssen reagerer på at kommisjonen har berre avhøyrt seks av politifolka som jobba i dekkhusværet i Oscarsgate, og han meiner at dei av politfolka som er avhøyrde ikkje har fått kritiske nok spørsmål.

- Den einaste som har fått kritiske spørsmål, er politimannen som varsla om eit mogleg overtramp, seier Malthe-Sørenssen, som er ein viktig støttespelar for Arne Treholt.

LES OGSÅ: – Skjønner ikke hva Treholt sutrer for

LES OGSÅ: POT samarbeidet tett med toppene

- Les grunngjevinga

Helen Sæter

Kommisjonsleiar Helen Sæter meiner dei har avhøyrt mange nok.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Kommisjonsleiar Helen Sæter meiner at dei har avhøyrt mange nok politifolk. Ho ber folk sjølve lese den 59 sider lange grunngjevinga for at Treholt ikkje skal få opp saka si på nytt.

- Vi har avhøyrt dei vi meiner kan kaste best lys over saka, og vi trur ikkje det finnest noko uoppdaga her, seier ho.

Både Arne Treholt og forsvararen hans Harald Stabell har gjort det klart at dette ikkje er noko avslutning av Treholt-saka. Arne Treholt sa i eit intervju med NRK i går kveld at han no har tre alternativ .

LES OGSÅ: Sint PST-sjef krever unnskyldning

LES OGSÅ: - En trist dag for rettssikkerheten

Strasbourg-domstolen

Det første er å gå til sivilt søksmål mot den norske staten. Det andre er å melde saka inn for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, medan tredje alternativ er å ta Gjenopptakingskommisjonen si avgjerd inn for domstolen.

Det siste alternativet forutset at kommisjonen blir oppfatta å vere eit forvaltingsorgan, og ikkje ein domstol.

LES OGSÅ: – Siste ord er sagt i denne sammenheng

LES OGSÅ: Treholt får ikke saken gjenopptatt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger