Den tidlegare POT-etterforskaren Leif Karsten Hansen har tidlegare sagt at han vurderer å gå til sak mot forfattarane av boka «Forfalskningen - politiets løgn i Treholt-saken», om ikkje saka blir teken opp att.
Vurderer rettssak
Leif Karsten Hansen vil i dag overfor NRK ikkje seie noko om han vil gå til sak, men via kona si seier han at det er eit spørsmål han vil ta stilling til seinare. Han er ein av to etterforskarar som blir namngitte i boka, der det blir hevda at dei har forfalska bevis.
Malthe-Sørenssen seier at det kan vere greitt å få dette belyst i retten.
- Då kan vi få prøvd dei bevisa vi har lagt fram i boka rettsleg, og det kan vere svært interessant, seier han til NRK.no
Geir Selvik Malthe-Sørensen er ikkje nådig i kritikken sin av Gjenopptakingskommisjonen og leiaren Helen Sæter. Han meiner at kommisjonen har sett til side bevisa dei la fram i boka, og at dei ikkje har vurdert det som dei britiske etterforskarane har kome fram til.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Rettstryggleiken har tapt
- Eg meiner at rettstryggleiken her har tapt mot prestisjeomsyn for dei hemmelege tenestene, seier Malthe-Sørensen.
Han meiner at Helen Sæter anten ikkje snakkar sant, eller så har ho ikkje lest alle dokumenta.
- Og eg veit ikkje kva som er verst, legg han til.
Forfattaren meiner det er naivt å tru at etterforskarar som har snakka usant i så mange instansar, plutseleg skulle byrje å snakke sant i avhøyr med Gjenopptakingskommisjonen.
Ein sint PST-sjef, Janne Kristiansen, kravde i dag, på vegner av PST, ei
av boka.LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Kan gløyme orsaking
- Janne Kristiansen kan gløyme ei orsaking frå oss. Ho bør heller konsentrere seg om ein intern oppvask i PST. Det er det verkeleg behov for, seier Geir Selvik Malthe-Sørensen.
Geir Selvik Malthe-Sørenssen har inga tru på at avgjerda i Gjenopptakingskommisjonen vil setje eit punktum for Treholt-saka.
«Forfalskningen - politiets løgn i Treholt-saken» vart gitt ut på forlaget Publicom. Eigaren av forlaget, Kjetil Kristoffersen, har tidlegare sagt at NRK at han ikkje fryktar eit søksmål. Dette fordi dokumentasjonen i boka er så grundig. Han venta at Gjengopptakingskommisjonen ville falle ned på ei avgjerd om at saka skulle takast opp igjen.