- Beredskapen betre enn i 2011 - men ikkje god nok

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) konkluderer med at flaumen i mai i år vart handtert vesentleg betre enn flaumen i 2011. Likevel er beredskapen ikkje god nok.

Flom fører til at E6 blir stengt

Flaumen i Kvam i mai i år gjorde stor skade på bygningar, landbruksjord og infrastruktur.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix
Bent Tanstad
Journalist

Avdelingsdirektør Per Brekke i DSB slår fast at flaumen i 2011 vart grundig evaluert, og at mange av oppfølgingstiltaka DSB foreslo vart gjennomførte. Det er hovudårsaka til at vårflaumen i år vart handtert på ein i hovudsak god måte. Han meiner også at risiko-forståinga er større i dag enn i 2011.

E6 er stengt på grunn av flom

E6 gjennom Gudbrandsdalen vart stengt på grunn av flaumen i Kvam i mai.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Likevel er det manglar ved beredskapen, og DSB har lagt fram fleire konkrete forslag til forbetring. Først og fremst at NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat, må få tilført ekstra ressursar, og at kapasiteten på regionkontora må styrkast.

Områda som vart hardast ramma i mai i år var Kvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen, Nord-Aurdal i Valdres og Stange i Hedmark.

Manglar lokal kompetanse

Rapporten er laga på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, men ingen frå departementet var fredag kveld tilgjengeleg for kommentar.

Les heile rapporten her

Tidlegare denne veka kom det fram i ein NRK-reportasje at det med dagens tempo vil ta 25 år før alle dei mest rasutsette kommunane i landet får oversikt over flaum- og rasfare i sine område. 330 kommunar vil at NVE skal utarbeide kart over kvar det er størst fare for at ras og flaum kan ramma i framtida.

Her kom det også fram at kommunane i stor grad manglar den kompetansen som skal til for å skaffe seg oversikt over kvar det er fare for flaum og ras. Det igjen kan føre til at det blir gitt løyve til å byggje hus på stader der det er slik fare.

Rapporten tilrår også ei utviding av det såkalla NIFS-prosjektet. Det står for natur, infrastruktur, flaum og skred), og at NVE får eit overordna ansvar for dette. Med dagens kapasitet har NVE berre kapasitet til å kartleggje mellom fire og seks kommunar i året.

LES OGSÅ: Flommen deler Norge i to

LES OGSÅ: - Alle folk er på jobb

Vil ha styrking av NVE

Dette er ein av grunnane til at DSB no ynskjer å styrke NVE, er at det ifølgje rapporten er naturleg at NVE må involvere seg sterkare i kommunale planprosessar. For å få til dette må kapasiteten styrkast på NVE sine regionale kontor.

I Kvam i Gudbrandsdalen har flomvann fra Storå har gjort stor skade

Elva Storå gjekk over breiddene sine og gjorde stor skade i Kvam i Gudbrandsdalen i mai i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er viktig at NVE har nok ressursar til å sikre flaum- og rasutsette bygningar og infrastruktur, samt å kartleggje risko ved sidevassdrag og vere sterkare involvert i den kommunale arealplanlegginga, seier Per Brekke.

Han etterlyser også innføring av eit felles beredskapssystem, basert på fargekodar, som alle beredskapsaktørar blir oppmoda om å bruke.

– DSBs vurdering er at dei regionale aktørane sitt beredskapsplanverk ikkje i vesentleg grad er samordna etter 2011, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: – Det er så mye som stopper opp

LES OGSÅ: NVE lover omfattende flomsikring

Endring av naturskadelova

I rapporten blir det også foreslått å endre naturskadelova og vurdere om det er mogleg å få unntak frå lova om offentlege innkjøp for tryggingstiltak som hastar.

Det viste seg at fleire av dei tiltaka som var foreslått å bli sett i verk i rapporten etter flaumen i 2011, ikkje var gjennomførte. Den viktigaste årsaka er den lange tida det tek når ein må i gang med å hente inn ulike tilbod, slik lova om offentlege innkjøp krev.

Direktør Helge Eide i KS.

- Kommunane må få meir hjelp frå NVE, seier direktør i KS, Helge Eide.

Foto: NRK

I naturskadelova i dag heiter det at naturskadeordningane berre dekkjer same tryggingsnivået som før skaden skjedde. Det bør endrast, seier Brekke.

Overingeniør Per Brekke er klar på at det ikkje er mogleg å fjerne all risiko for flaum og ras, og at styresmaktene må ha ein beredskap for slike hendingar.

LES OGSÅ: «Hilde» kan føre til nye bygningslover

LES OGSÅ: Uvêret herja i Møre og Romsdal

– Umogleg å fjerne risikoen

– God arealplanlegging og sikringstiltak reduserer risikoen for skadar som følgje av flaum og ras, men det er ikkje mogleg å fjerne all risiko. I siste instans handlar det om å vere robust – å kunne tole alle dei påkjenningane naturen testar oss på, seier Brekke.

Kommunane sin interesseorganisasjon (KS) meiner at arbeidet med å lage faresonekart for flaum og ras har gått alt for sakte. KS-direktør Helge Eide sa i eit intervju med NRK tidlegare denne veka at sidan NVE fekk ansvar for ras- og flaumberedskapen i 2009, har berre fem kommunar fått utarbeidd eit faresonekart.

Han gjorde det klart at kommunane ikkje har økonomi til må hente inn denne informasjonen sjølv, og at dette arbeidet krev ein spisskompetanse som ikkje finst i den enkelte kommune.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger