Hopp til innhold

Uvêret herja i Møre og Romsdal

Vind og uvêr fører til stengte vegar og innstillingar i ferjetrafikken i morgontimane torsdag.

Ferjetur over Romsdalsfjorden

Det vart ein våt ferjetur over Romsdalsfjorden onsdag kveld. Vinden tok hardt og bårene slå inn på dekk.

Foto: Arnold Hoddevik

Full storm, store nedbørsmengder, flaum og vanskelege køyreforhold var noko av meteorologane og NVE advarte mot denne veka.

Natt til torsdag fekk mange i Møre og Romsdal kjenne uveret på kroppen.

Vindfull veke

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsler for Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Telemark, Buskerud, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus, Oppland og Hedmark.

Les:

Natt til torsdag trefte den tredje stormen som var meldt Møre og Romsdal, og

– Det er ganske mykje ver om dagen. Dette er eit typisk haustver med lavtrykk som går over Atlanteren og opp i norskehavet og gir mildver, forklarer Arnstein Tjøstheim ved Vervarslinga på Vestlandet.

Bølger på Flø i Ulstein torsdag.

Fotograf, Arne Flatin, har filma uveret på Flø.

Innstilte ferjer

Uvêret har ført til at fleire ferjer i Møre og Romsdal har vore innstilte onsdag kveld og torsdag morgon.

Sambandet Seivika-Tømmervåg er innstilt.

Ferja som går mellom Finnøya-Sandøya Finnøya- Orta -Småge er også innstilt.

Kvanne-Rykkjem, Sølsnes-Åfarnes og Sandvika-Edøya har også vore innstilte, men går no som normalt.

Kraftig vind har skapt store problem i fylket denne veka, og fleire hurtigbåtar og ferjer har vore innstilte eller forseinka.

Vi har besøkt éi av dei mest utsette strekningane.

Trailer fast på Strandafjellet

Vogntoget til Dagfinn Vågsæter fekk tekniske problem då han skulle opp Strandafjellet torsdag morgon. Ein luftbelg sprakk og vogntoget hans vart ståande og sperre eine køyrefeltet på vegen som er dekt av snø og slaps.

Foto: Dagfinn Vågsæter

Stengde vegar

Trafikkantane har også fått merke uveret når det gjeld framkommelegheit på vegane, og fleire vegar er framleis stengde klokka 07.00 torsdag.

Fylkesveg 195 mellom Sølnes og Tjelle og fylkesveg 655 Nordangsdalen er stengde. I tillegg er vegen mellom Geiranger-Langevatn stengde, opplyser Statens vegvesen.

På vegen opp mot Strandafjellet frå Strandasida har eit større køyrety vanskar, og sperrar eit køyrefelt.

Oppdater deg på trafikk og vegsetengingar på nrk.no/trafikk .

Les også:

I tillegg opplyser Widerøe at dei har forseinkingar på Vestlandet på grunn av uvêret, men ber passasjerar møte opp til avtalt tid. SAS og Norwegian opplyser at dei så langt er i rute.

Sikra stillas

På Nordmøre og i Romsdal fekk politiet inn fleire meldingar om uveret sine herjingar.

I Kristiansund jobba mannskap på spreng gjennom onsdagskvelden for å sikre eit 20 meter høgt stillas frå vinden.

Les:

Klokka 18.26 melde politiet om at heile gata der stillaset står vart sperra av, men ifølgje operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt var stillaset ferdig sikra klokka 23.09 og gata vart opna att.

Stillas Kristiansund

Eit høgt stillas i Margretes Fryd i Kristiansund var i ferd med å rase. Politiet sperra av heile gata.

Foto: Roar Halten / NRK

Lause takplater og tre over vegen

22.38: Ei takplate løysna på ein mekanisk verkstad i Sunndalsøra.
– Bygget fekk ein god del skader, men det var ikkje lett å gjere noko med det der og då. Det bles slik at det var farleg å sende ut folk, og sidan det var lite folk ute og gikk i området, lot vi det stå til, fortel Jan Helge Kjøl i politiet.

22.45: Kraftig vind førte til at ei lysmast ved Meierikaia i Ålesund bles ned. Politiet fekk også melding om at eit stillas i Anton Alvestadsgate heldt på å ramle frå kvarandre. Politiet varsla dei ansvarlege.

23.13: Eit fotballmål fauk rundt i vinden ved nyskulen på Aukra. Kommunen tok seg av problemet sjølv og fekk sikra måla.

23.34: Politiet fekk inn bekymringsmelding om ein fiskebåt på 40-50 fot som slo inn mot kaia i Sunndalsøra.

23.39: Eit tre fall over fylkessveg 64 i Isfjorden i Rauma.

23.45: Ei takplate løysna frå eit bygg ved Hydro Aluminium i Sunndal.

00.21: Ei trampoline var på luftetur i Molde og hamna delvis ute i vegbanen i Sollivegen.

00.41: Eit tre hamna i vegbanen på fylkesveg 62 i Øksendal i Sunndal.

01.17: Politiet fekk melding om takskader på eit forretningsbygg på Sunndalsøra.

02.30: Eit tre sperra riksveg 60 mellom Svemorka og Stranda. Vegvesenet rydda opp.

02.25: Den sterke vinden gjorde at ei arbeidsbrakke velta ut i vegbanen i Tresfjord i Vestnes. Brakka vart etter kvart fjerna ved hjelp av ein traktor.

Ingen personskader

I tillegg fall eit tre over Fylkesveg 195 på Sølsnes i Molde og på Bergem i Tingvoll skapte ei laus bølgjeblekkplate problem då ho krølla seg rundt ei straumleidning.

– Det har heldigvis ikkje skjedd noko personskader i løpet av natta, som vi har fått beskjed om.

– No gjenstår det å sjå kor mange bilar som har vorte skadde i uveret, seier operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt Jan Helge Kjøl, til NRK torsdag morgon.