Hopp til innhold

Ukrainske flyktningar snudde negativ trend i nord: – Vi vil bli her

Små kommunar i Nord-Noreg opplever ein vekst i befolkninga som dei ikkje har hatt på lenge Men NHO-sjef meiner det er eit etisk dilemma.

Taher Askiarov og Svitlana Askiarov

KAN BLI: Taher Askiarov frå Ukraina seier han vil bli i Noreg om det blir mogleg og myndigheitene gir han og kona Svitlana lov.

Foto: Marius Guttormsen / NRK

Træna er eit øysamfunn ytst i havgapet på Helgelandskysten, og består av fleire små fiskevær.

Aldri før har dei tatt imot flyktningar. I løpet av 2022 kom til saman 14 frå Ukraina.

Ein av dei var Taher Askiarov, som saman med kona kom til Træna og Noreg i august.

– Du ringer meg akkurat i løpet av norskkurset vårt. Vi begynte å lære norsk frå oktober.

Når Noreg i inngangen av 2023 nådde den høgaste folkeveksten sidan 2012, er det nettopp dei ukrainske flyktningane som er hovudårsaka.

Det seier Anders Sønstebø i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Taher Askiarov frå Ukraina lærer seg norsk

LÆRER: – Eg gjer sikkert mange feil på norsk, men eg prøver. Vi tenker det er veldig viktig for oss, seier Askiarov, som hjelper andre ukrainarar med å forstå språket.

Foto: Privat

Trivst i Noreg

Askiarov og kona Svitlana er nesten 60 år gamle og synest derfor det kan vere litt vanskeleg å lære seg språket.

Heimen deira i Ukraina er øydelagt av krigen, men dei tenker på heimlandet kvar dag, forsikrar han.

– Vi tenker sjølvsagt på at vi kanskje, kanskje skal tilbake til Ukraina. Men vi likar Noreg og håpar vi kan finne gode jobbar her. Vi vil bli her om det blir mogleg, og myndigheitene gir oss lov.

Les også Flykta frå ukrainsk by til øy med 50 innbyggjarar: – Følte oss som heime

Vitalina Haiova med pappa Vitalii Haiovyi

Om dei blir for alltid, er ikkje godt å vite enno.

Det rår derimot lite tvil om at Nordland hadde hatt godt av ekteparet, og fleire som dei.

Sterkast folkevekst sidan 2012

Kommunar i Nord-Noreg har mista mange innbyggarar. Dei ropar etter arbeidskraft og fortvilar over låge fødselstal.

Det er ikkje berre på Træna at flyktningane no har gitt lysare befolkningstal.

Små kommunar i Nord-Noreg har ein vekst i befolkninga som dei ikkje har hatt på lenge.

Les også Ukrainske Mykhailo (17) lærte seg norsk i rekordfart: – Ein sensasjon, seier læraren

Ukrainske Mykhailo Lakatosh lærte seg norsk på rekordfart.

I fjor blei vi 63.700 personar fleire i Noreg. Det er den høgaste befolkningsveksten sidan 2012. Samtidig er fødselstalet det lågaste på 40 år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det innvandra 32.700 ukrainske statsborgarar i 2022. Ved utgangen av året budde det 35.400 ukrainske statsborgarar i Noreg.

– Hektisk og vellykka

Dei ukrainske flyktningane betyr mykje for å halde oppe tenester og tilbod i kommunen, forklarar kommunedirektør i Træna, Torild Fogelberg Hansen.

– Og arbeidskraft etter kvart, får vi håpe. Men det er ingen garanti for at dei blir, seier Hansen.

Torild Fogelberg Hansen

– Noreg vil vere avhengige av innvandring. Det med innvandring blir ein viktig faktor, nasjonalt. Så eg tenker det kan vere viktig. Så trur eg dei kommunane som har hatt kapasitet, har tatt i mot flyktningar.

Foto: Privat

Kommunedirektøren meiner at flyktningane er viktige for befolkningsveksten.

– Men det er ikkje motivasjonen for å ta i mot. Det viktigaste har vore å bidra til den humanitære krisa. Vi er veldig fornøgd, og får gode tilbakemeldingar.

Les også Rekordmange flyktninger bosatt: Se hvor mange din kommune har tatt imot.

Sortlandbrua.

Fogelberg Hansen legg likevel til at det absolutt er ein bonus om dei blir verande på sikt.

NHO: – Eit etisk dilemma

Den høge befolkningsveksten er likevel ikkje løysinga på behovet for arbeidskraft i nord, meiner regiondirektør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen.

Daniel Bjarmann-Simonsen

– Berre i Nordland manglar to av tre bedrifter folk. Offentleg sektor manglar folk. Så det å få kvalifisert dei og lære dei å beherske norsk, er ting vi kan gjere for at dei blir ein ressurs for samfunnet og for seg sjølv. 

Foto: Allan Klo / NRK

Tvert i mot, bør vi vere like bekymra no som før.

Årsaka er det som ligg bak tala, forklarar Bjarmann-Simonsen Nemleg at dei flyttar på grunn av krig og ikkje på grunn av arbeid.

– Viss vi jobbar veldig målretta for å behalde dei, gjer vi samtidig Ukraina som nasjon ein urett. Dei vil miste mange av dei menneska dei treng for å bygge opp landet igjen.

– Det er noko anna om dei har lyst av fri vilje, og då må vi legge til rette for det.

Les også Først når barn nummer tre kjem, kan pappa dra frå krigen

Gravide Antonina Dubograi og barna Yaroslav (6) og Sasha (7) måtte dra til Noreg utan ektemannen. Førebels går kontakten med pappa Sergii over internett.

Men om ukrainarane kan bli i Noreg er eit politisk spørsmål, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

– Fordrivne med kollektivt vern har mellombels opphaldsløyve. Kva reglar og opphaldsgrunnlag som gjeld og vil gjelde for fordrivne med kollektivt vern i framtida er ei politisk vurdering, seier han til NRK.

Ho legg til:

– Formålet med integreringslova er at nykomne innvandrarar raskt deltek i norsk arbeids- og samfunnsliv. Denne målsettinga gjeld også for personar med kollektivt vern.

– Det er opp til kvar enkelt

Om ukrainarane vel å bli i Noreg kjem an på fleire ting.

Blant anna forholda i heimlandet, kor lenge krigen varar og korleis det går med den enkelte her i Noreg, ifølge migrasjonsforskar og forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking, Jan-Paul Brekke.

– Om krigen ikkje varar lenge, og det blir mogleg å reise tilbake og bygge opp att landet, så vil nok mange velje det. Mange har framleis ein eigedom i heimlandet, familie, og mange andre grunnar til å reise tilbake.

Jan-Paul Brekke, Institutt for samfunnsforskning.

Migrasjonsforskar og forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking, Jan-Paul Brekke.

Foto: Presse

Det er også sannsynleg at ein del vel å bli om krigen drar ut. Det er mange ukrainske barnefamiliar som kom til Noreg, og barn blir fort integrert, fortel Brekke.

– Etter som tida går blir barna vande med skulen, foreldra får seg vener, ein har lært seg nytt språk og fått jobb. Då vil det bli attraktivt å bli, seier han.

Les også Flyktningens samfunnsoppdrag

Oleksandra Deineko
Forsker, By- og regionforskningsinstituttet NIBR

Det er også mange ukrainarar som har jobba i Vest-Europa dei siste 10–15 åra, så det er ikkje uvanleg at dei ønsker å jobbe og bu ein periode i land som Noreg.

– Dette er ei moglegheit for å teste det ut og sjå korleis det er. Det er ikkje umogleg at nokon vel å bu her. Ein kan få ei god inntekt og eit godt liv med skule, helsevesen og alt det vi kjenner med Noreg som er bra.