– Det var vanskeleg, men når du snakkar så mykje med nordmenn og du er inne i det norske samfunnet, så kjem det litt automatisk.
Det seier ukrainske Mykhailo Lakatosh (17) på nesten heilt flytande norsk.
Han flykta frå krigen i Ukraina og kom til Noreg i mai 2022. Då starta 17-åringen på Brønnøysund vidaregåande skule i Nordland og snakkar for det meste med medelevane sine på engelsk.
– Men då eg kom tilbake etter sommarferien, kom eg tilbake til elevar eg kjende frå før, så eg byrja å snakke norsk.
Fire månadar seinare bestod han norsktesten B1.
– Det er rekord og ein sensasjon. Makan til elev skal du leite lenge etter, seier læraren til Lakatosh, Liv Kristin Nicolaisen.
– Eg har ikkje sett makan på 38 år
Læraren fortel at det normalt tek to år å kome til B1-nivået. Då Lakatosh tok språktesten i desember, var det opphavleg for det lågaste nivået A1 til A2. Men han gjorde det så bra at dei valde å teste han på B1 same dagen, og han stod med glans.
B1 er eit nivå ein må vere på for til dømes å klare seg i dagleglivet i Noreg, og få lære norsk på vidaregåande nivå. Ligg ein der, klarar ein godt å gjere greie for seg, bakgrunnen sin, interesser og skrive enkle samanhengande tekstar.
– Kor bra er den prestasjonen?
– Eg har ikkje sett makan på 38 år. Det er så høgt nivå på så kort tid. Det er det beste eg har sett, seier Nicolaisen.
Læraren til Mykhailo Lakatosh, Liv Kristin Nicolaisen, seier arbeidsinnsatsen hans har vore formidabel.
Foto: Ole-Christian Olsen / NRKUkrainaren har nytta alle tilbod han har fått. Det inkluder leksehjelp, norskundervisning, og ekstra undervisning med Nicolaisen, men det viktigaste har vore medelevane.
Spesielt klassekompis Jonas Dahle har betydd mykje for Lakatosh.
– Han har hjelpt meg mykje med norsk. Han var også interessert i å lære litt ukrainsk, seier han.
Venninnene Emilia Fjelldal og Julie Haugli er imponert over klassekameraten.
– Kva trur du er trikset for at han har lært seg norsk så raskt?
– Han er saman med oss som snakkar norsk kvar dag, og då får han mykje input av norske ord. Så det kan jo gjere det enklare, seier Haugli.
– Nøkkelen er å snakke norsk saman
Klassevenninna til Lakatosh er kanskje inne på noko, ifølge førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Olaf Husby.
– Nøkkelen er at han har fått lov å vere saman med nordmenn og at dei snakkar norsk saman. Det er det som er den beste måten å lære språk på.
Språkvitar Olaf Husby seier den beste måten å lære norsk på er å snakke språket i kvardagen saman med andre.
Foto: Ole-Christian Olsen / NRKNorsk kan vere vanskeleg å lære, seier Husby. Spesielt med tanke på språkrytme, kjønn, og måten vi plasserer verbet på i ei setning.
– Vi har også dette med bunden og ubunden form i eintal og fleirtal som mange kan synast er vanskeleg, seier Husby.
Sagt på ein annan måte blir det grammatikk på ein annan måte enn i morsmålet.
Akkurat det treng ikkje bety så mykje reint kommunikativt, fordi vi forstår det. Det kan likevel ta tid å få på plass, seier Husby.
Han har sjølv vore med å utvikle eit digitalt norskkurs for ukrainske flyktningar, og seier at det er godt gjort å kome opp på nivået B1 på den tida.
– Det er interessant at ukrainarar vil lære seg norsk. Eg håper at vi som jobbar med å legge til rette for at dei kan lære seg språket, er i stand til å gjere ein god jobb, seier han og legg til:
– Det er ikkje berre opp til ukrainarane å lære seg norsk. Vi må gjere slik som vennegjengen til Lakatosh. Vi må vere saman med dei og bruke norsk, då blir dei raskt gode.