Hopp til innhold

Først når barn nummer tre kjem, kan pappa dra frå krigen

Om to veker har Antonina Dubograi termin. Først då kan ektemannen dra frå Ukraina og vere med familien i Noreg.

Gravide Antonina Dubograi og barna Yaroslav (6) og Sasha (7) måtte dra til Noreg utan ektemannen. Førebels går kontakten med pappa Sergii over internett.

Gravide Antonina Dubograi og barna Yaroslav (6) og Sasha (7) måtte dra til Noreg utan ektemannen. Førebels går kontakten med pappa Sergii over internett.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I Stongfjorden i Askvoll i Vestland ventar ei mor og hennar to barn spent på at det tredje barnet skal kome til verda.

Ikkje berre på grunn av barnet i seg sjølv.

Det tredje barnet er inngangsbilletten til at ektemannen Sergii skal få reise frå krigen i Ukraina til Noreg.

– Diverre fekk vi ikkje reist som ein heil familie, sjølv med to barn og ein tredje på veg, seier høggravide Antonina Dubograi.

Gravide Antonina Dubograi og barna Yaroslav (6) og Sasha (7) måtte dra til Noreg utan ektemannen. Førebels går kontakten med pappa Sergii over internett.

Antonina snakkar så ofte ho kan med ektemannen Sergii, men dårleg samband har gjort kommunikasjonen utfordrande.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sidan starten av krigen har Ukraina innført eit strengt lovverk som skal sikre nok mobilisering. Det forbyr ukrainske menn mellom 18 og 60 år å reise eller flytte til utlandet.

Samstundes kan alle menn i alderen 18–60 år få innkalling til landforsvaret når som helst, uavhengig om ein har militær bakgrunn eller ikkje.

Det finst likevel fleire unntak som kan gi utreise, mellom anna for fedrar som har tre barn eller fleire under 18 år.

Men det betyr samstundes at mange familiar som ikkje oppfyller dette kravet, blir splitta.

Mannen til Antonina må opphalde seg i Ukraina, inntil vidare.

Sidan byrjinga av 2022 har det kome meir enn 37.000 søknader frå ukrainske asylsøkjarar til Noreg. Det er meir enn dobbelt så mange kvinner som menn: 17.495 kvinner, 8.118 menn og 11.810 barn.

Antonina med familie i Ukraina

Familien budde i nærleiken av Kyiv før krigen braut ut.

Foto: Privat

Stogga på grensepost

Planen til familien var å bli verande i Kyiv i Ukraina, sjølv etter at krigen braut ut.

Men dei såg raskt at dei måtte flytte på seg då hovudstaden vart angripen.

Dei flytta på seg fleire gongar i løpet av dei neste månadene, i Ukraina, men familien kjende seg ikkje trygg. Då dei budde ved sjøen var dei redde for angrep frå skipa som gjekk forbi.

– Då eg vart høggravid var det naudsynt å finne ei trygg hamn, så tok vi avgjerda om å reise til utlandet.

Familien hadde god grunn til å tru at det var mogleg for heile familien å kome seg til Noreg, via Polen. Antonina fortel at dei høyrde om andre familiar som kom seg ut av landet, med to barn og ein tredje på veg.

Men på grenseposten vart dei stogga.

– Vi fekk beskjed at mannen min ikkje fekk dra. Han måtte vente til det tredje barnet kom.

Det betyr at dei neste vekene blir lange for Antonina. Ektemannen er no i Kyiv og må mobilisere på kort varsel om han får beskjed om det.

– Han kan bli kalla inn for å ta direkte del i krigen. Så lenge han er der så er eg stressa.

Borna Sasha (7) og Yaroslav (6) lar tida gå medan dei ventar på å bli storesøsken, slik at pappa Sergeii kan få komme vekk frå krigen i Ukraina.

Borna Sasha (7) og Yaroslav (6) gler seg til å bli storesøsken. Då kan også pappa Sergii reise frå krigen i heimlandet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Prioriterer dei som vil kjempe

Rådgjevar Arve Hansen i Helsingforskomiteen seier krigsregelverket i Ukraina blir handtert ganske strengt, der ein må ha løyve frå eit departement for å reise ut.

Men fordi det finst ein del unntak, får mange likevel reise.

– Ein prøver å sikre framtida til det ukrainske militæret ved å hindre menn i å reise ut. Det betyr ikkje at folk som ikkje ønsker å slost blir kalla inn til militærteneste. Førebels er det så mange ukrainarar som frivillig ønsker å slost.

Han seier dette er eit stort problem hos dei russiske styrkane, fordi dei som har blitt tvungne til å slost har vist teikn på dårlegare motivasjon.

Arve Hansen

Arve Hansen er rådgjevar i Helsingforskomiteen.

Foto: Den norske Helsingforskomité

Hansen trur elles at regelverket for å dra ut av landet blir handtert ulikt frå grensepost til grensepost.

– Både på tog og grense har eg sett at grensevakter har stoppa opp og diskutert med sine overordna og spurt korleis dei skal tolke regelverket. Det er noko som kontinuerleg skjer. At det blir handheva på ulike måtar, overraskar ikkje.

Snakkast på telefon

Antonina snakkar så ofte ho kan med ektemannen i Kyiv, men i det siste har det vore problem å få han på god linje.

Torsdag i førre veke vart minst 11 menneske drepne i nye russiske angrep i nærleiken av hovudstaden

Mor hennar, Olha, vart med til Noreg og har vore til uvurderleg hjelp.

Ho rosar også kor godt familien har blitt teken imot av naboar og andre i lokalmiljøet.

Antonina har fått klede til det komande barnet levert på døra.

No håper ho at fødselen går bra og at mannen kan kome til Noreg så fort som praktisk råd er.

Det betyr at ho må få sendt fødselsattest til han, som han igjen kan bruke for å kome seg ut av Ukraina.

– Det skal bli veldig godt å sjå han. Både eg og barna saknar han veldig.

Ukrainsk familie samla.

Antonina og barna tel dagane til ektemannen kjem til Noreg.

Foto: Privat