Hopp til innhold

Bø-ordførar trosser Statsforvalteren – truer med å gå til kongen

Bø kommune gambla og bygde torskeslakteri. No er torsken på veg, men Statsforvaltaren seier nei til merdane fisken skal ligge i. Det har kommunen tenkt til å trosse.

Vesterålen torskeslakteri i Bø

GAMBLA: Bø kommune sa ja til å bygge torskeslakteri før dei visste at dei kunne ha torsken på vent i hamna. No seier Statsforvaltaren at dei ikkje rår dei gjere det.

Foto: Vesterålen Havbruk

Bø kommune har vore i rampelyset før. Tidlegare har dei hatt spenstige skattekutt som gjorde dei kjent under namnet «Noregs Monaco».

Det gjorde at kommunen trakk til seg rikfolk som mellom anna Bjørn Dæhlie.

No har kommunen nye planar. Dei bygger Noregs største torskeslakteri.

Men dei har eit problem.

Statsforvaltaren vil greie ut kva miljømessige konsekvensar det har når ein har torsken i merdar før han vert slakta. Det har ikkje Nordlands-kommunen tid til.

Lokalpolitikarane frå Bø meiner at Statsforvaltaren overser det viktigaste: Dei samfunnsmessige sidene ved slakteriet.

Torsken allereie på veg

– Eg synest ein har drøfta for lite av kva betydning dette vil ha for Bø med tanke på arbeidsplassar.

Det seier ordførar i Bø, Sture Pedersen.

Sture Pedersen

Ordførar i Bø i Vesterålen, Sture Pedersen, meiner arbeidsplassar er viktigare enn farane Statsforvaltaren peiker på med forureining.

Foto: Øystein Nygård / NRK

– Vi planlegg for Noregs største torskeslakteri. Vi kan ikkje sitte og sjå på at vi mistar dei arbeidsplassane i vår kommune.

I tillegg har politikarane i Bø hastverk.

For slakteriet står nemleg allereie snart ferdig. Og torsken som skal bli slakta er på veg frå Helgeland.

– Er det ikkje nok så bakvent å byggje slakteriet før de har fått grønt lys frå Statsforvaltaren?

Vi har gambla på at dette skal gå i orden. Maskiner og alt er på plass. Vi har vore positiv heile tida og har gitt bedriftene lov.

Og slakteriet i seg sjølv er ikkje eit problem for Statsforvaltaren.

Det er staden der torsken skal vere før han blir slakta som er problemet: Slaktemerdane.

Les også Suste inn på Robek-lista i 2011 – nå er «Norges Monaco» topp tre i landet

Nydelig høstvær i Bø i Vesterålen.

Statsforvalteren fryktar forureining

No har Bø kommune gitt midlertidig dispensasjon til Vesterålen Havbruk slik at dei kan ta imot torsken og ha dei i slaktemerd, også kalla ventemerd.

Det synest ikkje Statsforvaltaren er særleg lurt.

Dei meiner avgjerda er forhasta, og at ein burde ha sett nærmare på kor mykje eit slikt anlegg vil forureine hava før dei fyller merdane med torsk.

I høyringsfråsegna Statsforvalteren har skrive, rår dei kommunen om å ikkje gi dispensasjon til ventemerd for oppdrettstorsk.

Vesterålen Havbruk torskeslakteri frå innsida

Torskeslakteriet skal etter planane bli arbeidsplass for 25–30 arbeidarar. Anlegget i Vesterålen Havbruk står allereie klart.

Foto: Vesterålen Havbruk

Sjølv om utsleppet frå ventemerden kan vere betydeleg mindre enn frå matfiskanlegg, er det òg forureining frå slaktelokalitetar og ventemerder.

– Forholda blir ikkje betre av at slaktelokalitetane er plassert i meir skjerma stader i vatnet, skriv Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren meiner difor at etablering av ventemerd krev utarbeiding av reguleringsplanen for området.

– Berre gjennom reguleringsplan kan det bli sikra medverking frå alle med interesser i området, står det i høyringsfråsegna.

Bø i Vesterålen

Bø i Vesterålen er eit naturskjønt område. Statsforvaltaren har også peika på at det burde ha greia ut betre om frakta av vil påverke friluftsområda rundt slakteriet.

Foto: Børre Magne Albrigtsen/privat

– Kvifor har de ikkje tatt meir omsyn til kva torskeslakteriet har å seie for lokalsamfunnet?

– Når vi har ei disposisjonssak, vekter vi i liten grad det samfunnsmessige. Vi ser på faginteressa vi skal vareta, seier Hanne Hanssen seniorrådgjevar i Statsforvaltaren.

I denne saka har Statsforvaltaren sett på arealdel, reguleringsplan, forureining, friluftsliv og medverking.

Vesterålen Havbruk: – Viktig for selskapet og lokalsamfunn

Torskeslakteriet Vesterålen Havbruk på sin side seier dei er heilt avhengig av å gå naudsynt løyve til etablering av slakteri og slaktemerd i Straumfjord.

– Fram til neste skreisesong er det leveranse av oppdrettet torsk som no skal bli slakta og gi grunnlag for den heilårlege industriproduksjonen, skriv dagleg leiar i Vesterålen Havbruk, Brynja Kværnstuen, i ein e-post til NRK.

– Det er svært viktig både for selskapet og lokalsamfunna på Bø og Myre at vi får ein snarleg avklaring.

Les også «Norges Monaco» med nytt skattestunt – vil senke inntektsskatten for alle under 40

Hovden i Bø i Vesterålen

Det er oppdrettsselskapet Norcod som skal levere oppdrettstorsk til slakteriet i Bø.

Hilde Rutledal Storhaug, berekraftsdirektør i Norcod, seier dei også er glade for at kommunen no gir dispensasjon slik at dei kan levere torsken i merdar.

– Det gir er auka fleksibilitet. Det er et langt transportstykke frå anlegg på sjø. Med ventemredar bind vi ikkje opp kapasitet på slakteriet.

Ho legg til at det også er torsken sitt beste å vere i ventemerd før dei vert slakta.

Les også Utvalg vil stoppe kommunale skattestunt: – Det er veldig synd

Fint vær i Nord, Bø i Vesterålen

Vurderer å sende brev til Kongen

Ordføraren i Bø seier dei har gitt dispensasjon fordi dei meiner fordelane er større enn ulempene.

I tillegg trur han ikkje det blir mykje forureining av merdane.

Men Statsforvaltaren vurderar om dei skal klage på kommunens dispensasjon.

Om dei gjer det, har ordføraren i Bø ein plan:

Viss statsforvaltaren vel å setje foten endeleg ned, vil lokalpolitikarane frå Bø anke til Kongen i statsråd.

– Det er sjølvsagt litt uvant at ein gjer det, men for meg som er ordførar i ein kommune som roper etter arbeidsplassar er det så viktig å få fram det samfunnsmessige som Statsforvalteren ikkje har diskutert i sitt brev, seier ordføraren i Bø.