Hopp til innhold

Fiskar frå Napp tente 1,7 millionar på ein dag: – Vi hadde ikkje plass i båten

Jostein Fredriksen drog opp 44 tonn skrei på ein dag med fiske. Havforskarane peikar framleis på skreikrise.

Framtida til torsken har dei siste åra blitt måla med dystre fargar.

Fisken som før rann inn, har nesten ikkje kome dei siste åra.

I fjor blei mange fiskarar permitterte i Lofoten og Vesterålen. Då kom ikkje fisken før i mars.

Men i år ser det lysare ut. I alle fall for fiskar Jostein Fredriksen frå Napp i Lofoten.

Søndag fekk han nemleg historisk fangst.

– Det var heilt ekstreme tilstandar. Eg har aldri opplevd slik før. Det var heilt enormt.

Men havforskarane hoppar ikkje i vêret av gullfangsten.

– Fangstraten i fisket har gått ned dei siste åra. Det er trendar som rimar bra med det vi ser i vore forskingsrapportar. Det har vore nedgåande, seier Bjarte Bogstad.

- Hadde ikkje plass i båten

Laurdag slo vekas siste storm inn over Nordland. Men Fredriksen og resten av mannskapet kom seg ut i det dårlege vêret og sette garn.

Fiskebåten "Josberg" på fiske utenfor Sørøya i Vest-Finnmark

Josberg, båten Jostein Fredriksen er mannskap på, brukar å starte lofotfisket 1. januar. Men dette året begynte dei litt seinare. 15. januar la båten frå kaia.

Foto: Jostein Fredriksen / Privat

Dei fiska eigentleg etter sei. Men så oppdaga dei at det kom mykje torsk i garna. Då la dei om til torskefiske.

Da dei drog garna fann dei ein fangst dei aldri tidlegare har sett makan til.

– Det er heilt uhøyrt. Vi hadde ikkje plass i båten, seier fiskaren.

Det var Lofotposten som meldte om fangsten først.

Fiskarane på Josberg fiskar med garnlenker. Eit garn er 30 meter langt.

Etter 3 lenker, eller 75 garn, hadde dei om lag 30 tonn torsk i båten og måtte inn med fisken før dei kunne hente resten. Til slutt hadde dei landa 44 tonn på éin dag.

Og slikt blir det pengar av.

Fredriksen har nemleg aldri fått så mykje for fisken som han gjer i år. Han får om lag 40 kronar per kg sløyd fisk.

Det vil seie at han og mannskapet tente 1,7 millionar på berre ein dag.

Uvêr kan ha vore ein fordel

Charles Aas, avdelingsdirektør for omsetning ved råfisklaget, fortel at det er meldt om gode fangstar fleire stader nord i landet.

– Det ser ut til at skreien er på veg sørover. Han har allereie kome til Vest-Finnmark og Troms, seier han.

Så langt i år har 9.500 tonn skrei blitt tatt på land. Men på denne tida i fjor hadde fiskarane fiska om lag 5000 tonn meir enn i år.

Charles Aas

Charles Aas, avdelingsdirektør for omsetning ved Råfisklaget, seier uvêrsveka gjorde at fiskarane ligg litt bak fjoråret. Men uvêret kan og ha vore ein fordel

Foto: Norges Råfisklag

– Det er litt bak fjoråret. Det er på grunn av det dårlege vêret i førre veke, fortel Aas.

I uvêrsveka blei det berre fiska 200 tonn torsk, ifølge avdelingsdirektøren. Det er veldig lite for januar månad.

Men det dårlege vêret kan òg ha vore ein fordel for fiskarane.

En større fiskebåt er på vei ut på Røstbanken.

På folkemunne seiest det at det skal eit uvêr til for at skreien kjem på innsida av Lofoten.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Kanskje skreien har brukt uvêret til å kome litt nærmare kysten.

Fiskarane skal også fiske 25–30 prosent mindre fisk i år enn i fjor, etter råd frå forskarane.

– Difor er det ingen dramatikk at vi ligg litt bak fjoråret, seier Aas.

Les også Martin (24) har vore arbeidsledig eit halvt år – får ikkje dagpengar

Martin Tobias Martinsen

– Blir mindre fisk

Bjarte Bogstad, forskar i Havforskingsinstituttet, seier fangsten kan tyde på at torsken kjem tidlegare enn i fjor. Men i fjor kom torsken spesielt seint.

Torsk i kar.

2023 var eit spesielt år for fiskarar. Fisken var nemleg lenger nordover då. Men no har fiskaren frå Napp tru på at fisken kjem sør.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Korleis henger denne storfangsten saman med nedgang i torskebestanden?

– Ein kan ikkje trekke slutningar etter berre éin observasjon. Sjølv om det blir mindre fisk, vil det alltid vere plassar der det er store konsentrasjonar, seier Bogstad.

Fiskaren i Lofoten meiner ikkje det er noka torskekrise.

– Samanlikna med fjoråret er det 5–10 gonger meir torsk i fangstane enn det var i fjor, seier Fredriksen.

Han trur det er ein annan grunn til at forskarane ikkje finn torsken på sine målingar:

Nemleg at fisken svømmer i dei øvre vasslaga.

Fisk i kjøpmannsdisk på butikk

Prisen for fisken i kjøledisken er om lag tredobla samanlikna med det fiskarane får for fisken. – Men det er dei reinaste du kan ete, så eigentleg er det ikkje dyrt, meiner fiskaren Fredriksen.

Foto: Petter Strøm

– Vi fiskar i Barentshavet om hausten. Då opplever vi at det er masse torsk, sjølv om forskarane som kjem seinare ikkje finn noko.

Men havforskaren meiner deira berekningar er sikre nok.

– Vi observerer både med trål og ekkolodd, og prøver å dekke heile vassøyla frå topp til botn. Men det kan variere både over tid og område kor høgt fisken står, seier Bogstad.

– Det er lite usemje i næringa om at dei store linjene i utviklinga i torskebestanden er nedgåande.

– Er nedgangen dramatisk?

– Vi har vore mykje lågare enn no, men vi bør fiske såpass forsiktig at vi klarar å stoppe nedgangen, seier forskaren.

Les også Mistenker at russerne tar småfisk – mener de bryter avtale med Norge

Russisk tråler til kai i Tromsø i april i år.

Inga tid til feiring

Det blei ikkje tid til noka feiring etter gullfangsten for fiskarane i Josberg. Skreifisket er i gang, og dei måtte rett ut og fiske igjen.

Dagen etter fekk dei om lag 15 tonn fisk. Det er meir normalt fortel Fredriksen.

Jostein Fredriksen har hodet på et fortøyingsstolpe. I bakgrunn kan en se gjell. Fredriksen har brunt skjegg og bart og kort hår. Han har på seg svart jakke.

Jostein Fredriksen frå Napp begynte som fiskar då han var 16 år. Dermed er han no inne i sin 45. lofotsesong. – Og eg har ikkje vore sjuk ein dag. Det er eg litt stolt av.

Foto: Jostein Fredriksen / Privat

– Er det slutt på hellet no?

– Det var veldig få ute og fiska nett dei dagane. Det kan vere difor vi fekk så mykje. Men eg trur det kan bli mange gode år for dei som er fiskarar no.

Les også Oppdrettar meiner næringa stikker hovudet i sanda

En medarbeider ved Kvarøy Fiskeoppdrett ser ned i en beholder med fisk. Det er fjell i bakgrunnen.