Hopp til innhold

Vil hjelpe utryddingstruga sjøfugl med å bygge eigne hotell

Fugleforskarar og lokalbefolkning håpar eigne hotell til krykkje kan vere til inspirasjon alle stader i landet med utryddingstruga sjøfugl.

Krykkjehotell på Røst med flere krykkjer i foran havna på Røst.

Forskarar og fugleinteresserte har laga eit heilt unikt hotell for å huse sjøfugl på Røst.

Foto: John Stenersen / Birdlife Norge

Det står dårleg til med sjøfuglane våre. 60 prosent av artane er på raudlista.

Det øyredøyvande levande frå fuglefjellet Vedøya ved Røst utanfor Lofoten har no stilna heilt.

Det som på 70-talet var 25 000 hekkande par med krykkjer er no tomt. Det er ikkje éin sjøfugl igjen.

– Bestanden har vore i nedgang i den meste tida vi har følgt sjøfuglane, seier seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Tycho Anker-Nilssen.

Men det finst eit lite snev av håp.

Krykkja på Røst har flytta inn på Røst Rorbucamping

Krykkja på Røst har flytta inn på Røst Rorbucamping

Om lag 20 prosent av den opphavlege bestanden har flytta til fastlandet. Rettare sagt til Røst. Der har dei flytta inn på hotell.

Men det var slite og gamalt og måtte bli restaurert.

Difor har Anker-Nilssen saman med fleire andre fugleelskarar bygd eit nytt til dei. Det håper dei kan vere til inspirasjon for andre stader der sjøfugl forsvinn.

Fleire overlever nær folk

Tak, vindaugskarmar og vegghyllar på den gamle rorbua blei gradvis til den viktigaste krykkjekolonien på Røst, då dei forsvann frå fugleøya.

På det meste hekka 826 par i området rundt hamna. Nær halvparten budde på det gamle Nilssen-huset på Kårøya.

Fuglefjellet på Vedøya står heilt tomt for andre år på rad.

Fuglefjellet på Vedøya har stått heilt tomt sidan 2020. No bur det som er igjen av krykkje på fastlandet på Røst.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Då Fortidsminneforeningen overtok anlegget på Kårøya i 2023, blei det klart at dei måtte restaurere bygget. Særleg taket måtte bli reparert.

Men det var eit problem. Det kom til å ta tid. Dei kom ikkje til å vere ferdige før langt inn i hekkesesongen 2024.

Kor skulle då krykkjene bu?

På eit nytt hotell sjølvsagt!

Den siste krykkja som er att på Røst bur på Rorbucampinga.

Slik såg det gamle Rorbuhotellet på Røst ut før forskarane begynte å bygge nytt hotell til dei.

Seniorforskar Tycho Anker-Nilssen, som har leia NINAs sjøfuglforsking på Røst i over 40 år, hadde sett forfallet lenge.

I fleire år hadde han planlagt å bygge eit «krykkjehotell» på ein grunnmur på tunet mellom rorbuene på Kårøya, berre 30 meter frå Nilssen-huset.

– Dette krykkjehotellet er eit av dei få tiltaka vi kan gjere for å hjelpe arten gjennom ein vanskeleg periode i våre forhold, seier seniorforskaren.

Uansett utfall vil resultata ha stor verdi for bygging av tilsvarande konstruksjonar andre stader, meiner forskarane.

Les også Sjøfuglen forsvinn frå Lofoten – havtemperaturen får skulda

Om krykkja står i reiret er det fordi ho ikkje har lagt egg i år. Det vart fleire ståande krykkje.

To av tre sjøfugl på raudlista

For forskarane på Røst er håpet at dei kan legge til rette, slik at fuglane ikkje får meir problem enn dei allereie har.

– Bestandane som hekkar i nærleiken av folk gjer det mykje betre enn dei som hekkar i naturlege fuglefjell langt unna folk, seier Anker-Nilssen.

For det ikkje berre krykkja som slit. To av tre artar av sjøfugl er på den norske raudlista, ifølge forskaren.

Les også Hvorfor forsvinner fuglene?

Runde i 1966 og 2023.

– Det er dramatiske tal for veldig mange artar.

– Men kvifor skjer det?

Fugleforskaren fortel at det er tilgang på mat som er hovudårsaka for dei fleste bestandane. Det gjer at fuglane slit med både produksjon og overleving.

Krykkjereier er lagt i gamle fiskekasser på Røst mens de bygger det nye krykkjehotellet.

For å leggje forholda best mogleg til rette for krykkjene, blei alle reira frå taket på Nilssen-huset tatt ned etter at krykkjene hadde reist, og lagra i gamle fiskekassar over vinteren.

Foto: John Stenersen / Bird Life Norge

– Artar som krykkje og lunde blir sannsynlegvis sterkt truga ved neste vurdering.

Og krykkje har hatt enno fleire problem dei siste åra. Mellom anna fugleinfluensaen i fjor gjorde at sjøfuglen no har odds mot seg.

Difor er det viktigare enn nokon gong å gjere livet litt lettare for sjøfuglen.

Les også Her reddes utrydningstruede måker som var fanget i netting: – Hjerteskjærende

Brannmann reddet krykkje

– Ein indikator på naturen

- 70 prosent av sjøfuglane er tapt på 50 år. Det er fullstendig krise. Det er et kraftig signal om at ting ikkje står bra til.

Det seier Martin Eggen, naturvernrådgjevar i Bird Life Noreg.

Han er redd for den samla belastninga og trur styresmaktene berre ser naturen stykkevis og delt. Difor ser dei ikkje korleis det går ut over sjøfuglbestandane.

Martin Eggen, Naturvernrådgiver i Norsk Ornitologisk Forening

- Når vi tar vare på fuglane, tar ein vare på økosystemet og menneskeleg velferd og økonomi. Det heng tett saman, seier Martin Eggen, Naturvernrådgivar i Bird Life Noreg.

Foto: PRIVAT

- Kvifor er det så viktig å redde sjøfuglen?

- Fuglar er indikator på korleis naturen har det. Dei lever av både botndyr og fisk, og blir påverka av botnlinja i naturen, seier Eggen.

Naturrådgivaren fortel at økonomiske interesser ofte blir prioritert av kommunane som råder over områda. Då blir dei negative konsekvensane for fuglen marginalisert.

Men for Røst kommune er det ikkje eit stort offer å gi krykkjene plass på fastlandet.

Ordfører på Røst, Elisabeth Mikalsen

Ordførar Elisabeth Mikalsen på Røst meiner årsaka til at røystværingane er så opptatt av å berge krykkja er at Nina har hatt forskingsstasjon på øya sidan 70-talet.

Foto: Hilde Berit Evensen

- Eg trur dei fleste røystværingane er veldig glade for å høyre lyden av krykkje nede ved hamna, seier ordførar Elisabeth Mikalsen.

- Det gler i alle fall mitt hjarte.

Havørn

Mikalsen fortel at befolkninga på Røst er uroa for at det har kome meir havørn når bestanden av krykkje har gått ned. - Då er det ekstra viktig å sikre trygge hekkestader for krykkja.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ho fortel at befolkninga på øya syntest det var veldig trist då det blei stille på fugleøya. No er dei glade for å kunne vere med å redde fuglane som er igjen.

Difor er det ekstra gledeleg at fleire fuglar har allereie vore på visning i det nye hotellet.

- No går vi føre saman med andre som prøver ut kreative løysingar som kan vere med å berge krykkja.

Les også Tusenvis av sjøfugl havner i garn langs kysten hvert år – forskere foreslår fugleskremsel

Teist, sjøfugl i garn

Forskingshotell

Men hotellet har fleire formål.

Forskarane skal nemleg òg forskarane forske på gjestane der for å forstå meir av kvifor bestandane går ned.

Fuglane har små sensorar på seg som kvart 3. sekund registrerer om det er mørkt eller lyst. Det brukar forskarane til å registrere soloppgang og solnedgang der fuglen for å forstå kvar fuglen har vore.

Fem krykkjer hekker på Røst i det nyebygde krykkjehotellet.

Mange av krykkjene som var på visning hadde forskingsutstyr som viste både når dei var i saltvatn og loggførte lys og mørke.

Foto: John Stenersen / Birdlife Norge

Hotellet har òg kameraovervaking. Slik kan forskarane følge med på hekkinga og forstå kva som er dei viktigaste suksesskriteria for å overleve.

– Dei er også utstyrt med ein saltvassbrytar som registrerer når fuglen er i kontakt med sjøen. Det hjelper oss å spore kvar dei søker næring, og når dei vender tilbake til kolonien, forklarar Anker-Nilssen.

Tycho Anker-Nilssen, seniorforsker ved Norsk institutt for naturforskning (NINA)

Tycho Anker-Nilssen, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), har bygd eit eiget hotell for den utryddingstruga sjøfuglen krykkje.

Foto: Per Anders Todal / Dag og Tid

Slik har forskarane funne ut at fuglane trekker til Barentshavet om hausten, men dei fleste bruker dei mørkaste månadane utanfor Newfoundland og Labrador.

– Dette er viktig kunnskap for forskinga vår på kva som forklarar bestandsendringane, seier seniorforskaren.

Les også Denne arten er unntaket i en stadig mer negativ trend

Storjo i flukt.