Hopp til innhold

Denne båten er laga av matolje og avfall

Verdas første klimanøytrale båt blir laga i Mo i Rana. – Ein god idé, meiner Zero-forskar.

En svart og rød båt av typen Polarcirkelbåt står i et lagerrom. Den er laget av blant annet matolje.

Det ser kanskje ut som ein heilt vanleg båt. Men denne båten er laga på mellom anna matolje og trespon.

Foto: Frank Nygård / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein båt av matolje. Det høyrest kanskje ikkje ut som ein veldig stabil farkost, tenkjer du kanskje?

Men båten til AKVA group vil snart flyte roleg i kaia i Mo i Rana, laga av polyetylen. I det er det mellom anna brukt matolje.

Det blir verdas første båtskog av denne typen.

Båtane kan til dømes bli brukt til å frakte turistar til Saltstraumen. Men dei kan òg bli brukt av oppdrettsnæringa.

– Det er i utgangspunktet ein veldig god idé, seier fagansvarleg i Zero, Ingvild Kilen Rørholt.

– Allereie folk som er interesserte

I dag bruker båtprodusenten i Mo i Rana jomfrueleg plast, altså fossilt råstoff, til å byggje båtane sine.

– Men lar det seg verkeleg gjere å lage ein båt av olivenolje og solsikkeolje?

Ja, seier Tommy Kristiansen, kommersiell leder i AKVA group Helgeland Plast.

Tommy Kristiansen, kommersiell leder for Akua Group Helgeland plast har svart genser og grått skjegg. Han står foran en svart og rød båt som ei jente jobber inni, i et stort lagerrom.

Båtane som blir produsert av AKVA group Helgeland Plast i Mo i Rana er av typen polarcirkelbåt, fortel Tommy Kristiansen, kommersiell leder for Akva Group Helgeland plast.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Dette har vi jobba med lenge. No er båtane nesten klare, seier han og legg til:

– Vi har folk som er interessert i desse båtane allereie.

– Burde menneskeføde bli brukt til å lage plastbåtar?

– Dette er på slutten av olja sin livssyklus. Dette er olje og materialar som hadde kome til å bli destruert.

Frityrolje som drivstoff

Olja som blir brukt til å lage båtane kan til dømes ha vore frityrolje før det blir til ein Polarcirkelbåt.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Den brukte olja kan ha vore mykje forskjellig. Til dømes frityrolje, planteolje eller spon frå treindustrien, fortel Kristiansen.

– Olja du finn i butikken skal få lov til å bli brukt nokre gongar før vi brukar han til båtar.

Les også Testa karbonfangst i ett år: – Fangstrater på opptil 95 prosent

Karbonfangstanlegget ved Elkem Rana er de grønne containerne med tilhørende piper.

Skal berre lage klimavenlege båtar no

Dagleg leiar i AKVA group Helgeland Plast, Freddy Bakken Braseth, fortel at dei òg skal produsere miljøvenlege merdar, i tillegg til arbeidsbåtar.

Med denne innovative tilnærminga, opprettheld Polarcirkelbåtane sin status som pålitelege arbeidsbåtar, samtidig som dei no tilbyr eit grønare alternativ for oppdrettsnæringa, seier han.

Men korleis gjer dei det?

Dei måler olje og produksjonsrestar om til granulat.

Tre unge personer i svarte og gule kjeledresser står i en svart og rød båt fortøyet til kai. Båten er laget av blant annet matolje.

Freddy Bakken Braseth, dagleg leiar i AKVA group Helgeland Plast seier båtane er eit viktig skritt mot meir berekraftig produksjon. I tillegg bidrar det til sirkulær økonomi.

Foto: Frank Nygård / NRK

Vanleg fossilt granulat har eit klimaavtrykk på 1,9 CO₂-ekvivalentar. Det klimanøytrale råstoffet har 0,004 CO₂-ekvivalentar pr. kilo, ifølge Kristiansen.

– Klimaavtrykket blir minimalt.

Zero: – Kanskje den beste måten å bruke olja på

Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i miljøstiftinga Zero seier det er veldig bra om ein klarar å bytte ut flest mogleg fossile innsatsfaktorar med fornybare.

Då får ein ned utsleppa også i produksjonen av båtane vi skal køyre.

Ingvild Kilen Rørholt, transportansvarlig i ZERO, tror vi rekker klimamålene, dersom vi skynder oss.

– Det at dei gjer dette er bra for å få ned utsleppa i heile verdikjeda, seier Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i miljøstiftinga Zero

Foto: Caroline Dokken Wendelborg

– Eit nøkkelord er at det er brukt matolje. Når dei bruker det i plast bind dei opp karbonet. Det er kanskje den beste måten å bruke det på, seier ho.

– Kan det bli for mykje om alle skal lage båtar av matolje?

– I denne samanhengen synest eg det er veldig positivt. Det er rom for ein god del meir plast frå fornybare kjelder i verda før vi får eit problem forbunde med det.

Les også Equinor deler ut milliardkontrakt for å få strømmen ut til Melkøya

Melkøya

Jo fleire materialar vi kan skifte ut frå nye råstoff til gjenbruk, og dess meir sirkulær økonomi vi kan få, dess nærmare kjem vi eit utsleppsfritt samfunn, meiner Rørholt.

Likevel seier ho at mellom anna oppdrettsnæringa har ein større jobb å gjere for å kutte sine utslepp. Til dømes i fôret til fisken.

Første båt skal vere ferdig i mars

På det meste har båtprodusenten i Mo i Rana laga 110 båtar på eit år.

Målet er at alle båtane heretter skal bli produsert i klimanøytralt råstoff. De første båtane skal produserast i dette materialet i løpet av første halvår.

– Vi kunne ha laga slike båtar berre til dei som har sagt at dei vil ha dei, men dei har valt å lage alle båtane sine i klimavenlege råstoff frå no av.

En person i gul og svart kjeledress kjører en rød og svart båt på havet. Båten er laget av blant annet matolje.

Dagleg leiar i AKVA group Helgeland Plast, Freddy Bakken Braseth seier skiftet frå fossile råstoff til platebaserte materialar ikkje vil gå ut over sikkerheita og kvaliteten på båtane.

Foto: Akva group

Men båtane til AKVA group blir levert med både diesel, bensin og elektrisk motor.

Rørholt i Zero seier at om du køyrer rundt med fossilt brensel er det du sparer inn med eit skrog på fornybare ressursar fort brukt opp.

– Dei burde velje å levere berre utsleppsfrie alternativ, slik ta dei sikrar utsleppskutt berre i bruk og produksjon.

En svart og rød båt av typen Polarcirkelbåt står i et lagerrom. Den er laget av blant annet matolje.

Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i miljøstiftinga Zero meiner det òg burde bli stilt krav til områda der arbeidsbåtane skal bli brukt, slik at det berre skal vere utsleppsfri transport der det er mogleg.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Kundane er først og fremst at det skal vere haldbart, men dei fleste er òg opptatt av at det skal vere miljøvenleg, seier Kristiansen i AKVA group.

– Blir ikkje det veldig dyrt då?

Det meiner ikkje Kristiansen i AKVA group. Han seier kostnadene ikkje er så store på dei båtane dei produserer no.

– Verdien for klima og miljø er mykje større enn det kostar for dei nye båtane, seier han.

– Kundane er først og fremst at det skal vere haldbart, men dei fleste er òg opptatt av at det skal vere miljøvenleg, legg han til.

Les også Magnus og Jørgen ryddar digitalt søppel: – Vi er internettets vaktmeistrar

Magnus Svendsen, utviklar for Oslo Analytic, sit med blå t-skjorte og svart caps bak to datamaskinar.

Les også Verdskjent arkitektbyrå gjer bilda sine uskarpe med vilje

Lavoppløselig bilde av Operaen i Oslo