Hopp til innhold

Erik (27) produserer «edelsteinar» til mobiltelefonar: – Starten på eit industrieventyr

Selskapet Arctic Sapphire har starta opp produksjon av safirkrystallar, som skal ta opp kampen med Russland og Kina om det dei kallar revolusjonerande mobilteknologi.

Erik Lund, produksjonsleder, Arctic Sapphire

Eit slikt safirglas veg 15 kilogram. Erik Lund, produksjonsleiar for Arctic Sapphire, lèt som om han avslappa held oppe den tunge safirklumpen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Det ser kanskje ut som ein isklump, men det er eigentleg ein gigantisk edelstein.

For første gong er ein safirkrystall framstilt i Skandinavia.

Selskapet Arctic Sapphire i Sulitjelma i Nordland bruker ein ny metode som dei hevdar gjer produksjonen mykje billigare enn konkurrentane.

– Det er starten på eit industrieventyr, seier produksjonsleiar Erik Lund.

Det svært harde stoffet skal blant anna brukast i skjermar på mobiltelefonar og skal gi både høgare oppløysing og lengre batteritid, ifølge Lund.

Arctic Sapphire er i start fasen og driv no med testproduksjon. Ifølge Lund satsar dei på å ha ferdig dei første krystallane til kundar etter sommaren 2025.

Og går alt etter planen, vil dei auke produksjonen og ha rundt 300 tilsette om vel seks år.

Selskapet er eigd av austerrikske Ebner Fametec. Dei held også på å test-produsere safirkrystallar på ein fabrikk i Austerrike.

– I denne bransjen er det vinn eller forsvinn. Her må ein bli stor eller så er ein ikkje med i «game».

Safirglass fra Arctic Sapphire

Den ser ut som ein gigantisk isklump, men det er ein stor safirkrystall.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Ta opp kampen med Russland og Kina

Lund seier Arctic Sapphire vil ta opp kampen med russiske og kinesiske produsentar med deira nye metode for å framstille safirkrystall.

– Omnane som dei bruker i Kina og Russland er dyre og ressurskrevjande å bruke, mens omnane våre krev mindre ressursar og har billigare produksjonskostnader, så derfor kan vi bevege oss til Noreg, hevdar Lund.

Dei bruker færre folk og mindre straum på produksjonen enn i dei andre landa, ifølge han.

Industriområde i Sulitjelma

Arctic Sapphire har fabrikken sin i Sulitjelma i Fauske kommune.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Utan at Lund kan gå inn på korleis dei gjer det, fordi omnen dei vil halde oppfinninga hemmeleg.

– Det er i omnane magien skjer, og vi kan ikkje risikere å gi frå oss noko som er hemmeleg.

Les også En dalende superstjerne

en diamant i pinsett

– Ny generasjon skjermar

Safir er ein edelstein som finst naturleg, men i Sulitjelma er han framstilt kunstig i vakuum og høg temperatur.

– Inne her lager vi eit enormt vakuum som vi varmar opp til over 2000 grader. Då smeltar vi ned aluminaen vi har der inne og han blir flytande. Så byrjar vi å gro krystallen. Groing er at det går frå flytande til fast form. Slik som vatn gjer når det frys, seier Lund.

Arctic Sapphire siktar på å levere safirkrystallar til elektronikk- og kraftelektronikkbransjen.

Produksjonsleiar Lund seier krystallane er ein råvare for ein ny generasjon skjermar til mobiltelefonar med høgare oppløysing og mindre straumforbruk.

Teknologien blir kalla micro-LED, og er Arctic Sapphire sin hovudmarknad.

Produksjonslokalet med ovner hos Arctic Sapphire.

33 prosent av Arctic Sapphire er eigd av norske lokale eigarar, dei resterande 67 prosent er eigd av Ebner Farmetec.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Professor ved institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen, Lars Egil Helseth seier micro-LED er små lyskjelder som omformar elektrisk straum til lys som er mindre enn 50 mikrometer. Dei er altså mindre enn 0,05 millimeter.

TV til ein million kroner

Han seier det blant anna kan brukast i TV-skjermar, mobilskjermar, VR-briller og smartklokker.

– Førebels finn ein berre micro-LED kommersielt i enkelte produkt, som nokre TV-skjermar frå Samsung, seier Helseth.

Elkjøp sel til dømes ein slik Samsung-TV til over 1,5 millionar kroner.

Helseth seier micro-LED-marknaden er stor, og at han kan kome til å bli verd fleire titals milliardar kroner.

– Apple, Google og mange andre selskap har kjøpt seg opp i micro-LED-forsking og bedrifter dei siste ti åra, og fleire følg etter, seier Helseth.

Les også Ingen vil ta gigantregningen for å løse spesielt strømfenomen: – Vi er sikre på årsaken

Celsa Armeringsstål, rana, mo industripark

Men sjølv om denne teknologien allereie er brukt i nokre veldig dyre tv-skjermar, må vi vente ei stund på å få denne til mobiltelefonar, ifølge professor Ola Nilsen ved Kjemisk institutt på Universitetet i Oslo.

Han seier at bransjen slit med å få laga tette nok pikslar effektivt og billig.

– Det er faktisk lettare for dei å selje store skjermar enn små skjermar med micro-LED i dag. Det er fordi når du lagar dei på safir så må dei kutte ut kvar piksel og plassere dei på eit anna nettverk seinare for å bygge opp ein skjerm.

Les også Rema 1000 ruller ut nye kinesiske terminaler med kamera

Betalingsterminal hos Rema 1000 med kamera

– Første industripark med nullutslepp

Den austerrikske styreleiaren i Arctic Sapphire, Robert Ebner seier dei har store planar for den gamle gruvebyen.

– Vår visjon er at Sulitjelma vil bli den første industriparken med nullutslepp i Nord-Noreg, seier Ebner.

På grunn av at Sulitjelma har rikeleg med både vasskraft og vatn til kjøling, seier Ebner at han kan garantere ein 100 prosent grøn produksjon.

Cato Lund og Robert Ebner i Arctic Sapphire

Styreleiar i Arctic Sapphire Robert Ebner og styremedlem Cato Lund

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Men har ikkje all industri negative konsekvensar for miljøet?

– Jo, han har jo det. Men då må du på ein eller annan måte kompensere for det, slik at du gir tilbake det du eventuelt måtte bruke for å kunne vere med på det grøne skifte, seier styremedlem Cato Lund.

Det var lenge lova eit industrieventyr og mange arbeidsplassar til Mo i Rana i samband med batterifabrikken til selskapet Freyr.

Dei bygde eit enormt industribygg til 2,8 milliardar kroner, men i fjor vart det klart at selskapet stansa vidare bygging av fabrikken. Det var fordi Freyr ville halvere utgiftene i Noreg.

Les også Har brukt 2,8 milliarder på fabrikk – sjefen aner ikke om det blir produksjon

Freyr i Mo i Rana sett fra utsiden av.

– Er dette enda eit industrieventyr som vi har sett fleire av som plutseleg ikkje blir noko av?

– Nei. Det er det ikkje. Vi må vere i Sulitjelma fordi det er her vi har tettleik til kraft og har kjølevatn nært. Lykkast vi med dei fasane vi skal igjennom, så blir vi, seier Lund i Arctic Sapphire.