Hopp til innhold

Verdskjent arkitektbyrå gjer bilda sine uskarpe med vilje

Med uskarpe bilete skal det prisvinnande arkitekturbyrået Snøhetta få ned karbonavtrykket.

Lavoppløselig bilde av Operaen i Oslo

For å gjere nettsida si meir klimavennleg har Snøhetta lagt ut bilde av arkitekturen sin i låg oppløysing. Slik håper dei å få ned sitt digitale utslepp.

Foto: Snøhetta

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Byggebransjen er ikkje klimavennleg.

Ifølge Grøn byggallianse bidrar norsk bygg- og anleggssektor til 14,7 millionar tonn CO2-utslepp i verda.

I Noreg melder dei at byggebransjen står for 16 prosent av utsleppa.

Men no gjer eit av Noregs mest kjente arkitektfirma grep for å få sine avtrykk ned på nett.

Det meiner fleire utviklarar NRK har prata med er ein god idé.

Gjer bilda uklare

Alt som ligg på nett er lagra på ein server ein eller annan plass.

Det gjer at internett har eit høgt klimautslepp. Globalt har IT-bransjen omlag like store utslepp som flytrafikken.

Også nettsider kan ha eit høgt klimaavtrykk. Noko av det som krev mykje lagringsplass og straum er bilde, video og animasjonar i nettsidene.

Arkitekt- og designfirmaet Snøhetta har lenge snakka om grøne løysingar i arkitekturen sin.

No vil dei gjere det same med nettida.

Men dei er òg heilt avhengig av å vise fram arkitekturen sin i bilde.

Så kva har dei eigentleg gjort?

Coarvematta lav oppløsning
Coarvematta full oppløsning

Slik ser illustrasjonen av Coarvematta teikna av Snøhetta ut med høg og låg oppløysing

Snøhetta

Du kan velje om du vil sjå eit klart eller eit uklart bilde.

I tillegg har dei valt ein grøn hostingløysing og rydda i innhaldet på sida si.

– Du får eit litt meir blury bilde, men det kan likevel få ein veldig spennande estetisk kvalitet, seier Hedda Lilleng, leiar for Snøhetta Design.

For ein arkitekt- og designbedrift var det eit vanskeleg val, fortel Lilleng.

Lavoppløselig bilde av Under
Høyoppløselig bilde av Under

Slik ser illustrasjonen av Under teikna av Snøhetta ut med høg og låg oppløysing

Snøhetta

Skulle dei verkeleg gjere bilda sine dårlegare?

– Men så bestemte vi oss for det sidan det er verdt å teste. Ein må gjere grøne val på kostnad av noko.

– Ikkje ein grønvaskingskampanje

Lilleng seier at for Snøhetta var dette ei perfekt anledning til å drive research på digital berekraft.

– I den store samanhengen er det lite. Men sidan vi er så mange som bruker internett heile tida blir det potensielt mykje.

Lavoppløselig bilde av Operaen i Oslo
Høyoppløselig bilde av operaen i Oslo

Slik ser det høyoppløselige og det lavoppløselige bildet på Snøhetta sin nettside ut. Du må spesifikt bestemme om du skal se det med høy oppløsning.

Snøhetta

– Er det for å kompensere mot eit elles høgt klimautslepp?

– Nei, det er det ikkje. Digitalt designs avtrykk er mindre enn vårt totale avtrykk. Men det er ikkje meint som ein grønnvaskingskampanje, seier leiaren for Snøhetta Design.

– Vi trur ikkje at vi reddar verda med dette, men vi trur på å ta tak i utslepp på alle nivå og å løfte nokre problemstillingar som vi kan lære noko av, ved å prate om dei.

Synes du det er lurt av Snøhetta å ta ned bildekvaliteten for å gjere nettsida meir klimavennleg?

Snøhetta har altså redusert filstorleiken på alle bilda sine.

I tillegg nyttar dei eit filter som brukaren kan sku av og på. Det minskar både storleik og kvalitet enno meir, samstundes som det skapar merksemd omkring problemet.

Dette grepet gjer òg at brukaropplevinga blir betre,meiner Lilleng.

No tar det nemleg kortare tid å laste opp nettsida til Snøhetta.

Les også Natur og Ungdom sin nettside får strykkarakter i klimatest

Natur og Ungdom

Internett blir stadig mindre klimavenleg

Svale Fossåskaret, rådgjevar og utviklar i Feed Oslo, fortel at storleiken til internett har vekse mykje dei siste åra.

I sum betyr det at det stadig blir brukt meir straum på internett.

– I Irland forventar dei at datasentera om få år vil stå for 30 prosent av det totale straumforbruket i landet.

Svale Fossåskaret er rådgjevar og utviklar i Feed Oslo. Han har brunt hår med noko grått i, kvit skjorte og brunt hår. Han står med armene i kors framfor ein svart vegg.

Svale Fossåskaret, rådgjevar og utviklar i Feed Oslo, meiner tiltaka Snøhetta har gjort bør vere til inspirasjon for andre.

Foto: Thomas Ekstrom

Og fleire rapportar peiker på at veksten i straumkonsum innan 2030 kjem til å kome frå datasenter.

Det er altså mogleg for nettaktørar å gjere noko med klimaavtrykket sitt.

Men det kostar pengar og tar tid.

Difor meiner Fossåskaret at det gir meining at store bedrifter som til dømes Equinor har eit mindre fotavtrykk på si nettside enn ungdomsorganisasjonar som Natur og Ungdom.

– Håper andre kjem etter

Fossåskaret kjenner og til Snøhetta si berekraftside.

– Eg synest det er eit flott og utforskande initiativ med gode refleksjonar, seier han.

Også utviklar i Oslo Analytic, Magnus Svendsen, meiner Snøhettas satsing er interessant.

– Det at dei har gått så langt at ein kan velje oppløysinga av bilda er veldig bra, seier han.

– Eg håper verkeleg at de får fram et fokus her. Nettsida er veldig fin og yter veldig bra. Eg håper dei blir ei leiestjerne for fleire.

Les også Her har vinteren blitt to måneder kortere

Bodø by sentrum

Les også Får en kvart milliard for å forske på klimatiltak: – Det er helt ellevilt

Fokk og rokk med liten storm i Bø i Vesterålen.