Hopp til innhold

Yoga bygger sjølvtillit og skaper ro hos barn

Barn som driv med yoga blir tryggare, meir avslappa og får større tru på seg sjølv, det meiner Greville Henwood.

Yoga på Hessa barneskule

Greville Henwood demonstrerer yoga til elevane i klasse 3B ved Hessa barneskule.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Han kjem frå Los Angeles i USA driv «groovykids» – ein yogaskule for barn.

Yoga Hessa barneskule

Greville Henwood kjem frå Los Angeles i USA driv «groovykids» – ein yogaskule for barn.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Yogasenteret YamYoga i Ålesund har hyra inn amerikanaren for å halde kurs for barn på skular i regionen. Måndag hadde Henwood tatt turen til Hessa skole i Ålesund for å gi elevane ei innføring i yoga. Filosofien hans går ut på at alle er flinke og har noko å bidra med.

– Alle barn har noko som dei er flinke i, og eg meiner at ingen kan fortelje oss den rette måten og gjere noko på, seier han med eit stort smil.

Høyr heile innslaget her:

Inga konkurranse

Og det er nettopp det som er noko av grunnen til at lærar, Anne- Lin Giskeødegård, har ønska å prøve Yoga i ei skuleklasse.

Anne- Lin Giskeødegård og Marit Stinesen

Lærar Anne- Lin Giskeødegård og Marit Stinesen frå Yogasenteret Yam Yoga i Ålesund.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er ein aktivitet der elevane slepp å konkurrerer eller prestere. Dei slepp å vise at dei er best i noko. Samtidig kan yogaen gi dei tryggleik og meir tillit til seg sjølv, seier ho.

Og elevane i klasse 3B ved Hessa skule synest det var gøy å få prøve yoga i skuletida.

– Eg synest alle var veldig flinke. Sjølv om det var vanskeleg, var det også veldig gøy, seier ein av elevane.

– Vi snudde oss på hovudet og det har eg aldri gjort før. Eg kan godt tenke meg å gjere dette igjen. Det er mykje kjekkare enn å gjere matte på klasserommet, seier ein annan.

Meir yoga i skulen

Rektor på Hessa skole Tore Huse kom inn i gymsalen mot slutten og han er positiv til meir yoga i skuleverket.

Yoga på Hessa barneskule
Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er noko vi sjølvsagt må vurdere, men eg trur det er ein fin aktivitet å introdusere til barn, seier han.

Marit Stinesen frå Yogasenteret Yam Yoga trur det kjem til å kome meir yoga i skulen i tida framover.

– Ja, vi tilbyr allereie yoga etter skuletid både ved Spjelkavik og Hessa og vi kjem til å utvide det tilbodet etter kvart som etterspurnaden blir større, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL