Hopp til innhold

Stadig fleire vil prøve dette

– Pust djupt inn – og ut! Instruktøren si stemme bryt stilla i eit fullsett yogarom. På mattene rundt blir det fokusert på pust og på å meistre dei etter kvart krevjande positurane.

Yogatime

Instruktør Vibeke Klemmetsen ber deltakarane fokusere på pusten. Ashtanga yoga er av dei meir fysisk krevjande yogatypene.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Levande lys skaper ei intim stemning i rommet. Fleire av deltakarane har på seg varme teppe.

– Yoga handlar om å vere til stades i seg sjølv, seier Vibeke Klemetsen.

Ho er ein av dei som har gjort yoga til allemannseige i Noreg dei siste åra. No er ho i Ålesund for å halde workshop i asthanga yoga.

Yogatime

Det er stilt i rommet, men det blir jobba hard.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Vi blir bombarderte med inntrykk frå alle hald. Då har vi behov for å kjenne på pusten og finne senteret i oss sjølve, meiner ho.

– Og eg trur det kan vere nyttig for mange. Eg veit eg blir den beste versjonen av meg sjølv når eg driv med yoga.

Slik gjer du solhelsing a:

Vibeke Klemetsen viser ei solhelsing A

Slik gjer du solhelsing b:

Slik gjer du ei solhesling

– Aukande interesse

Yogainstruktør Marit Kristine Torsdatter Stinessen

Marit Kristine Torsdatter Stinessen driv yogasenter i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ved senteret i Ålesund har dei merka at interessa for yoga er aukande.

– Vi har alle typar menneske her, seier Marit Kristine Torsdatter Stinessen.

For tre år sidan starta ho opp senteret i lag med mannen sin.

– Vi har fol i alle aldrar og alle fasongar. Og det er ikkje berre enkeltpersonar, men bedrifter skuler og barnehagar som kjem, seier ho

– Vi har kroppar som er i stressmodus heile tida, og det er vi ikkje skapte til. Yoga gjer stressnivået lågare.

Mange typar yoga

Senteret har ulike typar yoga-undervisning. Felles for dei er at det blir lagt vekt på å styrke kjernemuskulaturen i kroppen. Dagens time er av dei meir fysisk krevjande.

– Difor passar den kanskje ikkje for alle, seier Klemmetsen.

– Du kan halde på med det heile livet utan å kome i mål.

– Er yoga trening?

Yogatime

Djup konsentrasjon om øvingane er viktig.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Ja, absolutt. Eg trenar berre yoga og har ein frisk, sunn og sterk kropp. Men det er klart det er forskjellar på ulike typar yoga.

– Startar dagen med solhelsing

Sjølv startar Stinessen dagen med ei solhelsing. Om det passar seg slik, blir også dagen avslutta med yoga.

Slik er det ikkje hos meg, seier Klemmetsen.

Eg har to små barn som hopper i senga når klokka er halv seks. Men eg prioriterer alltid å trene yoga kvar dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL