UFO-mappa til Forsvaret på Riksarkivet. Avgradert 22.1.24

På Riksarkivets store lesesal ventar ein tjukk kartong med mapper.

Store raude bokstavar: «BEGRENSET» «FORTROLIG»

UFO-mappa til Forsvaret. Avgradert 22.1.24

Mappa har blitt avgradert etter vår førespurnad.

"En UFO-gjenstand ligger trolig styrtet i Bjøringvannet på Nordmøre" Adresseavisen 12.8.1967

UFO-landinga i Aure

UFO-landinga i Aure

Bjøringvatnet på Nordmøre, juni 1967:

Familien Ormset har slått opp eit stort oransje hustelt, campingstolar og eit raudt bord ved det flotte badevatnet. Slik dei gjorde kvar sommarferie.

Anne og Einar Ormset var ti og sju år, og det gjekk mykje i fisking og bading.

– Eg hadde fått meg dykkarmaske dette året, med snorkel og svømmeføtter, så eg heldt meg mest i vatnet, fortel Einar Ormset.

Snart skulle vatnet få besøk av ein ukjent gjenstand. Deretter kom profesjonelle froskemenn frå Forsvaret.

Gut og bestemor framfor Forsvarets helikopter sommaren 1967, ved Bjøringvatnet i Aure. Fjell i bakgrunnen.

Nabo Knut Torset var fem år da Forsvaret rykte ut og stengte området etter UFO-observasjonar ved Bjøringvatnet.

Foto: Privat

Riksarkivet

57 år seinare, på Riksarkivet i Oslo:

Riksarkivet og Statsarkivet samla som Arkivverket ved Sognsvann i Oslo. Stor, kvit funkisbygning med flotte vindauge, flankert av bjørketre. Tydeleg Riksløve over inngangen.

Riksarkivet ved Sognsvann i Oslo.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Arkivarane trillar ut ei tralle med ein perm og ein tjukk pappkartong frå Forsvaret.

På kartongen står det «UFO over norsk territorium (1954-1970)».
På permen: «Inngående post 1967, Forsvarets overkommando».

Dei har vore graderte, altså hemmelege, fram til denne januardagen i 2024.

Journalist Webjørn Svendsen Espeland med Forsvarets avgraderte UFO-mapper

Journalist Webjørn Svendsen Espeland med Forsvarets avgraderte UFO-mapper.

Foto: Riksarkivet

Begge viser spor av at det skjedde noko spesielt ein sommardag på Nordmøre i 1967.

Sigar med venger

Det var på slutten av campingveka for familien Ormset. Til vanleg bygde far telefonliner, medan mor var husmor. Med på turen var også storesyster Gerd (13) og tante Oline – i tillegg til Einar (7) og Anne (10).

Familien Ormset klar for sommarferie, 1969. Framfor VW bil og relativt nytt hus i Aure.

Familien Ormset klar for sommarferie. Lite visste dei kva som venta dei. Her er naboguten (t.h.) med på biletet.

Foto: Privat

No pakka dei teltet for å dra ned igjen til heimen. Far og yngstemann køyrde av stad med eit lass i bilen, medan damene var igjen.

– Det var solskin, varmt og stille. Berre lyden av mygg rundt oss. Så kom det ein susande lyd frå rett over åsen der, fortel Anne Ormset Skipnes.

Ho peikar mot ein skogkledd ås i aust. Dei stoppa pakkinga og sprang mot vatnet for å sjå betre.

Camping Bjøringvatnet Aure, lettkledde vaksne etter eit bad og solbad. Oransje hustelt i bakgrunn.

God sommarstemning hjå far og mor Ormset før sigaren kom flygande over åskammen.

Foto: Privat

– Lyden kom nærmare og sterkare. Snart var det ikkje berre sus, men ein ekkel lyd. Så såg me det på himmelen. Da blei me sett ut alle saman, fortel ho.

Det var som ein stor sigar med små venger. Svart, seier Anne Skipnes.

Ho beskriv at «sigaren» flaug ganske lågt over åskammen, over det store vatnet, før det snudde og endra kursen meir mot dei, langsmed skogkanten.

Få sekund seinare gjekk det ned i vatnet rundt 150 meter frå teltet deira.

– Det var ei fin landing. Utan eit plask. Det var merkeleg.

Trur du på utanomjordisk liv?

«Flygande tallerken»

Mappene på Riksarkivet er fylte med brev og avisutklipp. Alt handlar om observasjonar av uforståelege fenomen. «UFO» og «flygande tallerkenar» blir nemnde på nesten kvart ark i den tjukke mappa.

«Lensmannen i Ullensvang, 1967: 2 lysende gjenstander som kom inn fra nordvest... Begge er troverdige personer.»

Veldig mange av papira handlar om nettopp 1967.

UFO-observasjonar 1967
UFO-mappa Forsvaret 1954
UFO-mappa Forsvaret 1967
UFO-observasjon 1970

«25. februar 1967: Mystisk himmellegeme sett over Ringerike i natt»

«1. mars 1967: Oppsynsmann på Hvalsmoen observerte lysende legeme på sydvesthimmelen. Det vekslet i farve og lysstyrke, og delte seg av og til.»

«15.3.1967: To flyvende tallerkener er sett av fem personer i Løvåsen utenfor Vilhelmina i Sverige nylig. Den ene var mellom 30 og 40 meter i diameter, den andre omkring halvparten så stor.»

UFO-mappa til Forsvaret 1967. Øksendalen seter Ringebu, observasjon

3.9.1967 Observasjon av «fremmedlegeme» (flygende tallerken). Øksendalen seter.

Om kvelden ca. kl 2120 var jeg ute for å «tisse» og ble stående og se ned mot setrene...

en meget instens lysende stjerne like over fjellet... dalte ned og ble liggende og brenne som et bål (som ett kjempe-egg i form).

UFO-mappa til Forsvaret 1967. Øksendalen seter Ringebu, observasjon 2

..hun hadde sett et kort, skarp lysglimt på vinduet. (det er ikke elektrisk kraftledninger på stedet eller på setrene).

Vi var begge helt edru, og hadde før på kvelden spilt Yatzy.

Denne siste (og edru) observasjonen var altså to månader etter at familien Ormset såg noko som landa i Bjøringvatnet i Aure.

UFO-skriverier

– Var det ein fugl? Var det eit lite fly? Var det...

Anne Skipnes stoppar opp.

– Nei, me var spente på å fortelje det da far og Einar kom opp att.

Søskena Einar Ormset og Anne Skipnes visar kor UFO-en traff i Bjøringvatnet på Aure, sommaren 1967. Iskaldt vinterlandskap, snøkledd vatn og åsrygger. 2

Einar Ormset viser cirka kor nedslaget til det sigarforma flygande objektet var. Han har vore opptatt av UFO-ar og himmellekamar sidan det skjedde, og hadde stadig med seg sønene sine på overnattingar der dei speida på satellittar på stjernehimmelen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ho fortel at det ikkje var noko røyk frå landinga i vatnet. Storleiken var ein stad mellom ein stor fugl og eit lite fly.

Som berre glei ned i vatnet og blei borte.

– Det var eit sus og ein spesiell lyd. Eg kan ikkje seie noko meir.

Var det vindauge med noko som kika ut?

– Nei, det rakk eg ikkje å sjå.

Den kvinnelege delen av familien Ormset måtte roe seg ned, og var i gang igjen med pakkinga da far og son kom opp.

– Eg var sjølvsagt irritert for at eg ikkje var her da det skjedde. Det er jo noko slikt ein gutunge på sju år vil oppleve, seier Einar Ormset.

Men han fekk fortalt detaljane massevis av gonger.

– Damene var stressa, og det skjønar eg, fortel han.

Han fortel at mora snart blei innkalla til avhøyr hos lensmannen, og da hamna det i avisa.

UFO Bjøringsvatnet "Hva er den merkelige gjenstanden som falt i Bjøringsvatnet i Aure?"
Foto: Tidens Krav 16.8.1967
Foto: Tidens Krav 16.8.1967

– Ordføraren blei også intervjua, og det blei skrive ein del om UFO. Da blei det ikkje så mykje meir snakk om det frå oss, me ville jo ikkje bli slike som folk ikkje trudde på. Men det var jo såpass at Forsvaret kom, seier Ormset.

Få veker etter UFO-nedslaget kom både helikopter og dykkarar til Bjøringvatnet i vesle Aure.

Skurr i arkiva

UFO-mappene på Riksarkivet er fulle av folk som har sett mistenkelege lys og gjenstandar på himmelen.

Kor blei det av alle observasjonane av UFO-ar, etter at me fekk kamera i lomma?

Mange av papira i mappene har eit tydeleg mønster.

Fleire spør om å få innsyn i Forsvarets UFO-arkiv, blant anna frå UFO-foreiningane som var i dei største byane i Noreg.

Brev Foreningen UFO Bergen til Luftforsvarets Overkommando 1967
Brev til Foreningen UFO Bergen frå Luftforsvarets Overkommando 1967
Svar frå Luftforsvaret 1967

Og oberst John Ryg svarar. Han skriv at dei har full openheit, at dei ikkje skjuler noko, men han svarar ikkje konkret på spesifikke spørsmål om observasjonar. Slik som når nokon spør om hendinga ved Bjøringvatnet i Aure.

Det er ein anna ting som skurrar med arkiva.

Postlister Flyvåpenet 1967

Det er spor etter hendinga ved Bjøringvatnet i postlistene frå Ørlandet flystasjon:

Postlister Ørlandet 1967

6/6/1967 Fremmedlegemer.

Postlister Ørlandet 1967

8/9/1967 Søknad om midler til dekning av utgifter til sokning etter UFO.

Men desse papira er ikkje å finne.

Området sperra av

Sjølve sokninga etter UFO-en hugsar Einar Ormset godt. Som sjuåring var han med faren opp igjen til Bjøringvatnet i august.

Da blei dei stoppa av Forsvaret som hadde sperra av området, og måtte berre snu.

– Men me såg at dei heldt på med ein flåte og froskemenn borte ved der tingesten hadde slått ned i vatnet.

– Du hadde jo fått snorkelsett sjølv denne sommaren, brukte du det?

– Jepp, det gjorde eg før Forsvaret kom. Men det var såpass djupt og mørkt der, så under tre-fire meter blei det for skummelt for ein liten gutunge.

"En UFO-gjenstand ligger trolig styrtet i Bjøringvannet på Nordmøre" Adresseavisen 12.8.1967
Faksimile: Adresseavisen 12.8.1967

Eit rykte som har gått i bygda er at éin av dykkarane skal ha sett avtrykk i mudderet – av fotspor. Utan svømmeføter.

Også naboen, Knut Torset, som no er éin av grunneigarane rundt vatnet, hugsar godt at Forsvaret kom med båt og froskemenn. Han var fem år da det skjedde, og blei fotografert attmed helikopteret.

– Eg visste knapt kva UFO var, så helikopteret var meir spennande. Men eg hugsar at dei heldt på med dykking her, seier han.

Pjokk raker høy i hei over Bjøringvatnet. Tydeleg 1960-tal over t-skjorte og kortbukse. Guten blond og rundt ti år. Sommar og fjell i bakgrunnen.

Knut Torset på jobb ved Bjøringvatnet etter at Forsvaret hadde dratt.

Foto: Privat

Etter det høyrde dei ikkje meir om resultatet frå leiteaksjonen enn det som stod i avisa.

– Forsvaret fann det heilt sikkert. Det var ikkje djupare der enn det. Det ligg sikkert i arkiva deira, meiner Einar Ormset.

– Kvifor trur du det eventuelt blei hemmeleghalde?

– Det var jo midt under den kalde krigen.

Få månader etter UFO-hendinga i Aure stilte Sovjetunionen opp 15.000 soldatar og 210 stridsvogner på grensa mot Noreg.

Einar Ormset fortel at han har lese på nettet at det fanst militære dronar heilt tilbake til 1950.

Adresseavisen "Nye undersøkelser etter den mystiske gjenstand i Bjøringvannet i Aure"
Faksimile: Adresseavisen 15.8.1967

Heller UFO enn sovjetisk drone

– Vi har ingenting om denne hendinga i Aure, seier Stian Hauge i Forsvarets historiske arkiv.

Han har gått gjennom den delen av Forsvarets arkiv som var så hemmeleg at det ikkje har blitt overlevert Riksarkivet. Utan nokre spor etter dykkinga i Bjøringvatnet.

– Sjølv om dei ifølge avisene i fleire veker sperra av området og heldt på med dykking?

– Me har ingenting i arkivet. Dessverre har Forsvaret, og særleg Luftforsvaret på 1950–1980-talet, vore dårlege til å ta vare på dokument, seier Hauge.

– Det høyrest rart ut for oss utanfrå, når det er noko såpass pikant som ei UFO-landing?

– Eg er einig i det, det er jo ei skandale at såpass mykje viktig Forsvarsarkiv har blitt brunne, makulert og kasta.

Arkivar Hauge forsøker å finne ei statleg utgreiing som fortel om arkivskandalen. Men også den er forsvunnen frå kontoret hans.

NOU om Forsvarets arkiver. "General-tabbe", "Nasjonal katastrofe", "Krigshistorie er makulert".

«General-tabbe», «Nasjonal katastrofe» og «Krigshistorie er makulert» er blant krigstypane på utgreiinga om Forsvarets makulerte arkiv.

Foto: Stian Hauge / Forsvarets historiske arkiv

På oppmoding til å spekulere, er mannen med svært mykje av Forsvaret si hemmelege historie mellom hendene, tydeleg:

– For å seie det slik: Eg har meir tru på at det er ein UFO med romvesen frå verdsrommet, enn at det er ei sovjetisk drone, seier Hauge, og legg til:

– Kva er det som skulle vore interessant for russarane i Aure på Nordmøre?

Fleire UFO-hendingar i Aure

Lensmann politistasjon og tannhelseklinikk i Aure kommune
Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

På politistasjonen i Aure har dei heller ikkje spart på gamle arkiv og avhøyr. Lensmannen som avhøyrde mor Edel Ormset, er død.

Men ein politimann blir interessert i ordet UFO. Det viser seg nemleg at det har vore fleire UFO-saker i kommunen med 3500 innbyggjarar.

Den 7. august 1984 rydda VG framsida: «UFO?».

VG 1984: "UFO?"
Faksimile: VG 7.8.1984

Ein flygande tallerken over ein skogkledd ås i Aure. Biletet blei slått opp i aviser over heile verda, frå USA til Kina.

Men snart kunne Luftforsvaret etter «nitid gransking» slå fast at biletet berre var «ein godt arrangert spøk».

Den stod UFO-entusiast Pål Kristian Vaag frå Aure bak. Han hadde hengt opp ein liten dreidd UFO-trefigur i eit fiskesnøre. Ein kompis sende biletet til VG, og dei fekk tipspengar på rundt 12.000 kroner.

VG 1984: "Pål tok UFO-bildet"
Faksimile: VG 8.8.1984

Vaag kjøpte seg ein Volvo 340 for pengane.

– Men eg angra etterpå, blant anna fordi eg blei kasta ut av UFO-foreininga i Trondheim.

Han har høyrt om hendinga ved Bjøringvatnet i 1967, men var berre fire år – og truleg uskuldig i denne saka.

Froskemannen

På avisbiletet frå august 1967 sit fem menn i ein båt. NRK sine undersøkingar har slått fast at fire av dei no er døde. Men éin, sjølve froskemannen, står att å undersøke.

Foto froskemenn UFO-dykking Bjøringvatnet
Foto: Adresseavisen 12.8.1967
Foto: Adresseavisen 12.8.1967

– Hallo? Er det hjå froskemann Steinar Wahl?

– Vent litt, han skal berre ta på seg høyreapparat, seier ei fruestemme.

Det viser seg at dykkaren er i live. 83 år gamal. På ei telefonline frå Spania.

– Ja, eg hugsar dykkinga i Aure. Det var mange slike meldingar på den tida, seier han.

– Har du dykka etter mange UFO-ar?

– Ja, rundt ti.

Når Forsvaret fekk seriøse varsel om ukjente objekt som fall i vatn, var det Wahl dei tok med seg som dykkar.

– Kor mange UFO-ar har du funne?

– Ingen. Det som er litt kjedeleg med slike stader som i Aure, i ferskvatn, er at det er så mykje mudder og grums. Om du tek handa mot botnen, forsvinn han berre. Så me fann ingenting.

– Og det kan du seie med handa på hjartet? Det er ikkje noko Forsvaret har instruert deg til å seie?

– Nei, nei, ikkje i det heile tatt.

Steinar Wahl heime frå Spania, med ei utklippsbok og det han meiner er det første korallfunnet i Noreg.

Steinar Wahl heime frå Spania, med utklippsboka.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Men han vil ikkje utelukke at det låg noko der.

– Nokon har spekulert i at det var dronar som landa i vatnet?

– Eg veit ikkje om dronar var funne opp på den tida. Det er jo ein himmelforskjell på den tid og i dag, seier den pensjonerte froskemannen.

Droneeksperten

Så kva kan det ha vore?

Kan ein heil familie på to kvinner og to jenter ha sett syner? Kan dei ha hatt ein kollektiv fantasi? Ein spøk dei ikkje ein gong vil avsløre 57 år seinare?

Det høyrest veldig tvilsamt ut.

Dessutan var det fleire som såg UFO i området på starten av sommaren 1967:

Tidens Krav om to ulike UFO-observasjonar i starten av sommaren 1967
Faksimile: Tidens Krav 27.6.1967

Dei fleste teoriane haller mot anten utanomjordiske, som t.d. NASA-ekspertar trur eksisterer, eller eit menneskeleg flygande objekt.

Éin av dei mest geniale oppfinnarane i historia, Nikola Tesla, skal ha funne opp dronar allereie i 1898.

Nikola Tesla droneteikning

Det smått gale geniet Nikola Tesla fann opp vekselstraumen, men hadde også småtteri som radioen, radar, røntgenstrålar, flytande luft, fjernkontroll, robotar, elektronmikroskop, partikkeakselrator, internett, robotskip – og denne drona på teiknebrettet.

Foto: Nikola Tesla museet i Beograd

Lars Peder Haga ved Forsvarets høgskole/Luftkrigsskolen er ekspert på slikt som luftvåpen og sovjetisk luftmakt.

I ei bok på hylla si finn han fleire sigarforma dronar frå 1960-talet.

Men han trur ikkje at det var sovjetiske dronar over Nordmøre i 1967.

– Det høyrest veldig usannsynleg ut. Sovjet hadde to sigarforma dronar på denne tida. Den eine er ein Tupolev på heile 30 meter. Den andre var nær ni meter lang.

Haga trur ikkje Sovjet turte å sende slike lett synlege dronar over Nato-luftrom midt under den kalde krigen.

Lars Peder Haga ved luftkrigsskolen.

Lars Peder Haga ved Luftkrigsskulen.

Foto: Forsvaret

Han nemner andre typar dronar som heller kan stemme med syna frå Bjøringvatnet.

– På den tida hadde ein sigarforma rekognoseringsdronar og måldronar.

Måldronane skulle minne om rakettar eller småfly, for at luftskyts skulle øve seg på å skyte dei ned.

– Ein slik måldrone kan mogleg ha hamna på avvege og ramla ned på Møre, seier Haga.

Luftkrigseksperten nemner særleg Ryan 147 Lightning bug, som USA starta å produsere i 1962.

Utval av amerikanske droner frå 1960-talet

Eit lite knippe amerikanske dronar frå 1960-talet. Ryan 147 var 6–7 meter lange – og mange var svarte. Akkurat som i observasjonen til familien Ormset.

Foto: Teledyne Ryan

Haga luftar også at det kan ha vore ein dropptank som hadde blitt sloppe frå eit fly, dei er også sigarforma.

Denne observasjonen her skifta tydeleg kurs?

– Det ville ikkje ein slik dropptank gjere. Men ein måldrone kunne ha gjort det, seier Haga.

– Dersom Nato hadde øvd seg og ein slik drone hadde falle ned i eit fjellvatn på Nordmøre under den kalde krigen – hadde det blitt dyssa ned da?

– Det er ikkje usannsynleg. Dessutan gjekk ikkje folk rundt med kamera med internettilkopling i lomma.

– No blei eg paff

Me gjer ein ny runde med krav om innsyn til Forsvaret, men dokumenta «Fremmedlegemer» og «Sokning etter UFO» frå 1967 er ikkje å finne.

– Særleg Luftforsvaret brann opp mykje av arkiva sine, seier forsvarshistorikaren som prøver å hjelpe oss.

Familien Ormset er likevel sjokkerte over funna NRK har gjort i Forsvarets UFO-arkiv.

– Står UFO i arkiva deira også? No blei eg paff, seier Einar Ormset.

– Eg skjønnar at Forsvaret under den kalde krigen ville kalle det UFO, slik at dei var utafor bildet sjølve. Men at det står som «UFO» i arkiva som ikkje skulle ut til folk, det var merkeleg.

Einar Ormset framfor huset i Aure. Raudt 1960-talshus.

Einar Ormset er særs overraska over arkiva til Forsvaret.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ormset ville trudd at det norske forsvaret hadde kjent til om amerikanarane trena med dronar hos oss.

– Og det er rart at Forsvaret ikkje vil ha noko snakk om dette no, seier han.

Anne Skipnes Ormset er usikker på om det kan han vore dronar, etter å ha sett på biletet av dei amerikanske dronane frå 1960-talet.

– Eg er usikker på om det var slik halefinne på det me såg. Og så er det jo snart seksti år sidan.

No drøymer familien om ein ny aksjon i Bjøringvatnet.

– Me må nok til å dykke, seier Einar Ormset.

Kva var det familien Ormset såg lande i Bjøringvatnet?

Hei!

Har du tips om forsvunnede UFO-dokument eller andre X-filer? Ta gjerne kontakt!

Om du kjedar deg i påska kan du gjerne sjekke ut andre småmystiske saker eg har skrive, slik som Den nye ubåten? eller Tom Cruise-effekten.