





Den nye ubåten?
I januar rauk ein viktig undersjøisk kabel. Russiske yachtar langs kysten kan avsløre korleis Putin tenker seg å føre krig gjennom Noreg, seier analytikar.
Og i seks år segla den russiske yachten Elden fram og tilbake over røyra til eit av landets største gassanlegg.
Milliardæren og Putin-venen Oleg Deripaska var på fisketur i Molde. Sommar etter sommar. Haust etter haust. I følgje med eit forsyningsskip med kraner, satellittantenner, lettbåt – og utstyr skjult under ein blå presenning.
AVANSERTE: Luksusyachten Elden og følgjeskipet Severnaya Ten ved brygga i Molde. Her låg dei år etter år.
Foto: Erik HattremCNN, The Guardian, Der Spiegel, Le Monde og Putin-kritikar Navaljnyj har skrive om yachten i Moldefjorden.
Da handla det om Donald Trump og luksusprostituerte.
Ikkje om kva yachten eigentleg gjorde i Noreg.
Nordens skugge
Det var sommaren 2013 at Elden først dukka opp i norske fjordar.
Tidens Krav i Kristiansund kunne melde om storfint besøk på Averøya:
«Den russiske milliardæren Oleg Deripaska er nær venn av president Putin, og elsker den nordmørske naturen. Med egen luksusyacht, egen italiensk kokk, og eget forsyningsskip tøffer han rundt med fiskestanga i nordmørsfjordene.»
Deripaska er grunnleggar av eit av dei største industriselskapa i Russland. Han har rundt 200.000 tilsette og er blant dei 1000 rikaste i verda. I 2011 skreiv ei canadisk avis at Deripaska var «Putins industri-yndling».
I saka til Tidens Krav sto det om følgjeskipet Severnaya Ten: «som på russisk betyr Nordens skygge.»
Eit guffent namn, kan me tenke i dag.
GASSANLEGGET: Severnaya Ten har fleire gonger segla sakte forbi det store gassanlegget på Nyhamna. Utan at det beviser noko som helst. Lettbåten om bord blir ikkje logga på dette viset.
Grafikk: Vesselfinder.comJazz og roser
– Dei ligg ikkje i Molde fordi russarane er så glad i jazz eller roser, seier Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskulen.
Han får støtte av kollega Åse Gilje Østensen.
– Me har sett at norske fjordar er populære for luksusbåtane – uansett om eigarane er om bord eller ikkje.
Anlegget Nyhamna utanfor Molde produserer gass for opp mot ein milliard kroner i døgnet. 20–25 prosent av all gassen dei brukar i Storbritannia går gjennom desse røyrleidningane.
FRUSTRERTE: Lektor Ståle Ulriksen, førsteamanuensis Åse Gilje Østensen og orlogskaptein Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskulen.
Foto: SjøkrigsskulenForskarane trur at russarane lenge har vore interessert i alt rundt norske olje- og gassanlegg.
– I dag truar Russland med å stenge gassen til Europa. Sjølvsagt vil det få ein mykje større effekt om det blir trøbbel med gassen frå Noreg samtidig, seier orlogskaptein Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskulen.
EUROPA: 20–25 prosent av gassen i Europa kjem frå Noreg.
Foto: Gassco/EquinorForskarane meiner det har vore naivt å tillate russarane å halde på utanfor gassanlegget.
– Mange av dei russiske yachtane ser ut som paramilitære fartyg, meiner Ståle Ulriksen.
Blå presenning
Det er Erik Hattrem einig i. Moldensaren med bakgrunn som forsvarsjournalist zoomar inn på alt utstyret på eit av dei mange bileta han har tatt av dei russiske båtane.
Han har særleg vore opptatt av kva som er under den blå presenninga øvst på «Nordens skugge».
PRESENNING: Kva skjuler seg bak den blå presenninga? lurer Erik Hattrem. Han var med på oppstarten av aldrimer.no etter den russiske annekteringa av Krim i 2014.
Foto: Roar Strøm / NRK– Få stussar på at dei søkkrike oligarkane har helikopter, vannskutarar, miniubåtar, satellittsystem og eige forsyningsskip. Dei kan byggje ein liten marineskvadron utan at folk bryr seg, seier han.
Raud fare
Allereie som gutunge på slutten av 1970-talet var Hattrem opptatt av sovjetiske båtar. Besteforeldra budde nær den 200 meter høge NATO-masta på øya Gossen. Der fekk sovjetiske fiske- og fraktebåtar stadig motorstopp, hevdar han.
– Fole med kraftige kikkertar på dei gamle båtane, kommenterte bestefar, hugsar Hattrem.
«UBÅT-JAKT»: Det vakte meir oppsikt da det for 29 år sidan blei sett periskop – på nett same stad som dei russiske yachtane har segla dei siste ti åra.
Foto: VG 14.7.1983Avansert utstyr ser mistenkeleg ut på ein fiskebåt. Og ein fraktbåt må gå i strak rute frå A til B. For ein dyr yacht på fisketur er det annleis.
– Når me får besøk av rikfolk med luksusbåt tenker me at nokon endeleg har forstått kor vakkert det er her. Og at me kan tene pengar på fisketurar og guiding av desse dumme, rike russarane, seier Hattrem, som ikkje trur at det var sidene til Visit Nordvest som fekk russarane hit.
KAMERA: Hattrem sikra seg mange bilete av dei russiske yachtane.
Foto: Roar Strøm / NRKFolk har meint at han var paranoid.
Antennene på ein yacht skremmer mindre enn periskopet på ein ubåt.
– Betaler godt for diskresjon
Sommaren 2014 var dei russiske luksusbåtane tilbake, meldte Romsdals Budstikke.
«De russiske turistane om bord i denne yachten, ankommer i privatfly og betaler godt for diskresjon.»
Hamnevakta i Molde fortalde at nye folk stadig kom og drog, og at det var «litt spesielt at dei var stasjonert så lenge i eitt område».
Avisa intervjua også ansvarleg yachtagent Aleksander Mikkelsen. Han sa at det ikkje var spa om bord, men at kundane var der for å fiske.
«Hvor mange turister det er om bord og hva slags utflukter de har gjort på land, er spørsmål Mikkelsen ikke svarer på.
– Dette er informasjon som bare politi og tollvesen har krav på. De om bord betaler godt for å slippe oppmerksomhet, sier han.»
NÅR KJEM HAN?: Avisa i Kristiansund var spent på om Putin-vennen snart ville komme til byen. Men yachten reiste uansett rundt.
Foto: Tidens Krav 23.7.2014Oligarkane i skvis
Både Sjøkrigsskulen og journalist Hattrem peiker på skvisen russiske rikfolk står i. Dei kan anten samarbeide med Putin og behalde det meste av milliardane dei har skaffa seg – eller nekte.
Fleire av dei som nekta har blitt fengsla eller forgifta.
Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen er heilt sikker på at russarane har gått frå ubåtar til yachtar og fiskebåtar langs kysten vår.
– Det er langt billigare, enklare og ein heilt anna risiko. Ta ubåten som grunnstøtte utanfor Sverige i 1981. Det blei ein diplomatisk skandale av dimensjonar. Slik slepp ein med yacht, seier Strømmen.
WHISKY ON THE ROCKS: Sovjetisk ubåt (i whisky-klassa) på grunn utanfor Karlskrona 28. oktober 1981.
Foto: Torbjörn Andersson / SCANPIXDet er ikkje lenger slik som i James Bond at ein treng Q til å lage spionutstyr. Dronar og undervasskamera er nærmast hyllevarer på Biltema.
Det er også andre fordelar ifølgje journalist Hattrem.
– Om båten kjem direkte frå Murmansk eller Krim slepp alle om bord tollkontroll. Og dei kan lett kombinere fiske, vodka og luksusprostituerte med spionasje, seier han.
Trump og eskortepiker
I august 2016 var yachten Elden nok ein gong på fisketur rundt Molde. Det blei ei sak for verdspressa.
Da eskortejenta Anastasia Vasjukevitsj gav ut «Dagbok om forførelsen av en milliardær» handla den mykje om denne Molde-turen.
ESKORTEJENTA: Anastasia Vasjukevitsj på fisketur i Molde med Oleg Deripaska, i august 2016.
Foto: Instagram/Nastja Ribka/Navalny.comBoka fortel at etter ein «modellaudition» i Moskva blei sju unge, pene jenter sett på privatfly til Molde. Der bar det ut med luksusbåten.
Ein japansk kokk skal ha laga krabbe, sushi og torsk. Mennene drakk vodka, jentene fekk vin.
Etter måltidet fortel ungjenta at ho blei sendt ned til oligark Deripaskas lugar. Seinare fekk ho mast seg til selfies med rikingen, som snart gav henne kjendisstatus.
Problemet var at korrupsjonsjegeren og Putin-motstandar Aleksej Navalnyj fekk snusen i Instagram-bileta. Dei viste at ein av Putins viktigaste rådgivarar, visestatsminister Sergej Prikhodko, også var om bord.
FBI etterforska på same tid Deripaska for medverking i valet av Donald Trump til president i 2016.
Den russiske rikingen hadde sidan 2003 løna Paul Manafort med fleire hundre millionar kroner – før Manafort blei Trumps valkampleiar.
No var det ein tydeleg link mellom Putin og Manafort. Via yachten i Molde.
GUTTA PÅ TUR: På Navalny.com er det meste blitt fjerna etter at korrupsjonsjegeren blei fengsla, men via Wayback Machine kan ein finne tilbake. Her er eit av bileta som skal vise oligarken Oleg Deripaska og visestatsminister Sergej Prikhodko på Elden ved Molde i august 2016. Ifølgje Navalnyj snakka dei to på båten om korleis Russland skulle «løyse problem med USA», noko ein kunne høyre på ein video ei kvinne publiserte frå turen.
Foto: Navalny.comMen det er ikkje hemmeleg toppmøte i vodkarus norske forskarar er bekymra for.
– Kan sprenge kablar
På Sjøkrigsskulen har dei lenge vore bekymra og frustrerte over det dei meiner er manglande politisk vilje til å bry seg.
– I 2015 varsla ein norsk los om ein russisk kaptein. Han hadde sagt at dei gjorde seg kjent i norske fjordar for å kunne lose militærskip i ein krigssituasjon. Varselet blei ikkje følgt opp, seier Åse G. Østensen.
Svaret frå Kystverket den gongen var blant anna at dei ikkje kunne diskriminere på grunnlag av nasjonalitet, og:
– Me skal ikkje vere naive – men heller ikkje paranoide.






EKSTRABÅT: «Nordens skugge» legg frå kai i Molde. Den har eit relativt stor ekstrabåt nedanfor den blå presenninga. Her legg båten frå kai i Molde i 2019.
Ann Eli Nøsen, NRKForskar Østensen seier dei er godt kjent med at russarane bruker sivile til militær kartlegging. Og det er ikkje berre olje og gass som har skyhøg verdi på havbotnen.
I januar i år rauk den undersjøiske nettkabelen mellom Svalbard og fastlands-Noreg. Saka blir etterforska – og fleire mistenker sabotasje.
– Me har sett fleire slike hendingar den siste tida. Det kan vere at dei testar ut kor lett det er å gjere slike aksjonar, og kva slags reaksjonar dei får i etterkant, seier Østensen.
Sjølv mellom Bergen og Stavanger går det meste av internett i kablar i havet. Det er enklare og billigare enn på land. Det gjer også all kommunikasjon ut av landet.
– Russarane har miniubåtar og undervassrobotar. Slike er særs veleigna til å kartlegge nøyaktig kor rør og kablar går. Dei kan også sabotere, leggje ut fjernstyrte sprenglekamar og sjøminer – utan at nokon kan finne ut kven som har gjort det, seier orlogskaptein Strømmen ved Sjøkrigsskulen.
SAMLING: Mange millionar parkert på Molde flyplass denne helga i 2019.
Foto: Romsdals Budstikke/Bjørn Brunvoll 25.9.2019Roman Abramovitsj til Molde
I slutten av september 2019 landa fem private jetfly på Molde flyplass.
Eit av flya tilhøyrde Roman Abramovitsj.
TOPPMØTE: Plutseleg hagla det inn privatfly på flyplassen i Molde. Det var verken Røkke og Gjelsten eller Solskjær på tur.
Foto: Navalny.comDet verka som eit toppmøte i Moldefjorden blant oligarkane.
På spørsmål frå Romsdals Budstikke svarte hamnedirektør Olav Akselvoll at dei to båtane hadde lov å vere der, og at dei i fem år hadde ligge i Molde om somrane.
– Dei låg her om somrane og var ute i fjorden og fiska, sa hamnedirektøren.
Men så kom politiet og kystvakta på besøk. Dei har beskrive det som ein rutinekontroll.
Kort tid etter forlét Elden og «Nordens skugge» Molde. Dei har ikkje komme tilbake sidan.
INSPEKSJON: Kystvakta og politiet på Elden og Severnaya Ten i Molde den 14. oktober 2019.
Foto: Henrik Viken– Noreg er naive
På Sjøkrigsskulen meiner dei at Noreg har latt pengar komme framfor rikets tryggleik.
– Det er på tide å setje ned foten. Totalforsvaret krev at næringslivet stiller opp i kriser og krig – da må ein også stille krav til næringslivet i fredstid, seier Åse G. Østensen.
Ho ber blant anna om ein slutt på at norske reiarlag hyrar russiske sjøfolk.
– I fredstid er det billig for reiarlaga, i krigstid kan det koste landet dyrt.
I fjor fekk Solberg-regjeringa krass kritikk for nesten å la Putin få klørne i den norske teknologi- og motorfabrikken Bergen Engines.
AIS-POSISJONAR: Elden i oktober 2018. Den 25. oktober starta Nato-øvinga «Trident Juncture 2018» med 50 000 deltakarar og 65 skip frå 31 nasjonar i blant anna Trøndelag og Møre og Romsdal.
AIS-POSISJONAR: Elden i oktober 2018. Den 25. oktober starta Nato-øvinga «Trident Juncture 2018» med 50 000 deltakarar og 65 skip frå 31 nasjonar i blant anna Trøndelag og Møre og Romsdal.
Russland har også lenge jobba for at sjøfolk skal ta farledsbevis i Noreg. Da treng dei ikkje los, og kan bevege seg meir diskret langs kysten.
Talet på russarar med farledsbevis er nær firedobla dei siste ti åra – frå 68 til 253, ifølgje Kystverket.
– Kor naive har Noreg vore?
– Eg trur Noreg er og blir grunnleggande naive, seier orlogskaptein Strømmen.
Han meiner Noreg har mykje sårbart – som burde vore fiksa med enkle grep. Som færre russiske sjøfolk og farledsbevis.
Journalist Erik Hattrem meiner nordmenn har vore nesten absurd naive.
– Russarane hadde sikkert fått omvising på Nato-basen om dei hadde bedd om det. Me klarte jo å selje den hemmelege ubåtbasen Olavsvern til russisk bruk, seier Hattrem.
Ironisk nok var det noverande Nato-sjef og Putin-kritikar, Jens Stoltenberg, som leia regjeringa som la ned ubåtbasen.
NESTEN KRIM: I dag ligg Elden ved hamnebyen Novorossijsk nær Krim-halvøya.
Foto: Marinetraffic.com– Russisk krig gjennom Noreg?
I dag ligg yachten Elden nær halvøya med det krim-klingande namnet Krim.
Orlogskaptein Strømmen meiner Noreg bør lære mykje frå den russiske aktiviteten.
– Kva seier det om korleis dei tenker seg å føre krig gjennom Noreg? spør han.
– Dersom russarane ikkje hadde hatt ønske om å bruke kysten vår til noko, hadde dei ikkje brukt så mykje ressursar på å kartlegge den.
Han fortel at den russiske marinen i nord i stor grad har gått frå ein havgåande marine – til små korvettar og mindre ubåtar som kan gå langs kysten.
– Det å kunne operere frå norskekysten gir eit enormt handlingsrom kontra frå Kolahalvøya. Me må erkjenne at Nato-kjempene USA, Storbritannia og Frankrike nesten ikkje har kapasitet til å ta ut denne typen fartyg i skjærgården, seier Strømmen.
LONDON: Britisk politi entrar ein eigedom i fasjonable Belgravia tilhøyrande Oleg Deripaska, den 14. mars.
Foto: PETER NICHOLLS / ReutersKeisaren og oligarken
I 23 somrar før første verdskrig kom den tyske keisaren Vilhelm II til Noreg og vestlandske kystar med sin keisaryacht. Det har i ettertid vore spekulert i om tyskarane også kartla kysten vår.
Det gjekk ikkje så bra med keisar Vilhelm. Han måtte abdisere under krigen.
For oligarken Deripaska går det heller ikkje på skjener om dagen. Han har fått eigedom fryst rundt i Vesten, og i London har kåken hans til 600 millionar kroner blitt okkupert.
Russaren har ikkje svart på NRKs spørsmål om yachtane hans. Det har heller ikkje PST eller Politidirektoratet.
MOLDE: Journalist Erik Hattrem på brygga der yachten Elden låg i mange år.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKDen blå presenninga
Journalist Eirik Hattrem har innsett at han neppe får svar på kva som var under den blå presenninga på yachten i Molde.
– Kva trur du sjølv låg under presenninga?
– Eg har grubla i mange år og har absolutt inga aning. Ut over at den er der for å skjule noko som ikkje skal sjåast eller ikkje toler vind, vêr og vatn.
Men ein ting er han sikker på.
– Om det var vakker natur, fiske, godt vêr og billig sprit dei var ute etter, verker det som resten av oligarkane har vore godt nøgd med Rivieraen og Karibia.