Tom Cruise på Verma plakat
Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Tom Cruise-effekten

Neste Tom Cruise-film i Noreg vil få støtte på opp mot 70 millionar. Brukte den omstridde filmstjerna eldgamle PR-triks da han i fjor haust sette vestlandsbygder og pressa på hovudet?

– Det er det største som har skjedd på Verma sidan 1971, seier Svein Ove Brøste (72).

Den tynne mannen peiker entusiastisk ned på det bratte jordet. Her landa det stadig opptil fire helikopter hausten i fjor. Me er på Verma. Ei 60-sone med 60 fastbuande, øvst i Romsdalen, mot grensa til gamle Oppland.

Alle blei jo litt hekta. Du visste at det ikkje blei filming om det ikkje var helikopter i lufta her før klokka ni. Da kunne me like gjerne dra på fjelltur, fortel 72-åringen.

Tom Cruise på Verma

STJERNESKOT: Mobilen til Svein Ove Brøste er full av bilete av hans nye filmidol.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Det aller gjævaste helikopteret var det vesle svarte. Der den vesle mørkhåra filmstjerna steig ut – etter å ha flydd fire mil frå stashytta på Valldal.

– I 1971 talte Einar Gerhardsen på ungdomshuset her. Det har ikkje vore andre kjendisar enn Gerhardsen og Cruise på Verma. Som har stoppa, gliser Brøste nøgd.

Den pensjonerte møbelfabrikkeigaren var langt frå den einaste som var i overkant opptatt av Tom Cruise i fjor haust.

Hadeland TC

AVISA HADELAND: Det var knapt ei lokalavis i Noreg som var utan oppslag om ei nær Tom Cruise-oppleving i fjor haust. Hans og Grete blei leverandør da Tom Cruise skulle ha syltetøy.

Cruise skal få alpepølse

SUNNMØRSPOSTEN: Tom Cruise skulle få alpepølse og hadde kanskje kjøpt øl på Joker i Hellesylt.

HA 010820

HAMAR ARBEIDERBLAD: Nei.

Vestnesavisa TC

VESTNESAVISA: Kan ha cruisa over Rekdal.

iFinnmark.150920

IFINNMARK: Her blir kulturminister Raja sitert: «– Det kan hende det blir ny filminnspilling i Åndalsnes-området, sa de. De vurderer også Hordaland, Lofoten, Vesterålen og Finnmark, sier Raja.»

– Elskar Noreg

Under eit femtiårslag nær dronning Sonjas favorittfjell Slogen, landa plutseleg Tom Cruise-helikopteret utanfor hotell Øye. Først helsa filmstjerna på gjestane, før han kom tilbake og lurte på om dei ikkje ville ta bilete av han?

Sjølv om dei ikkje var så stjerneslått (dei fleste budde i Oslo og kjente fleire i TV- og musikkbransjen), la dei ut nokre bilete på Instagram.

Og under fjellturen begynte telefonane å ringe. NRK, VG, Møre-Nytt, Romsdals Budstikke, Åndalsnes avis og Sunnmørsposten hadde alle oppslag om det heldige femtiårslaget.

Og dei blei sjølvsagt sitert på det vesle den store stjerna hadde sagt:

«– Noreg er noe av det vakreste, sa han, forteller hun.»
NRK 29. august 2020

Ingrid fra Kapp fikk møte Tom Cruise

Det var knapt ei lokalavis i Noreg som var utan oppslag om ei nær Tom Cruise-oppleving i fjor haust.

Foto: Oppland Arbeiderblad 22.9.20

Ingrid Brenden frå Toten hadde vore i konfirmasjon og skulle lade bilen da Cruise landa med helikopteret sitt.

«– Han sa at Noreg var et vakkert land og at det var hyggelig å være her, sier Brenden, som fortsatt er i lykkerus over det eksklusive møtet med filmhelten.»
Oppland Arbeiderblad 22. september 2020

Abid Q. Raja frå Oslo var på jobbreise da også han fekk ein eksklusiv prat med Tom Cruise.

«– Han fremstår som utrolig jordnær og er veldig takknemlig for at han får være her i Noreg. Han har ikke minst mye positivt å si om nordmenn han har truffet, men også naturen, sier Raja.»
TV2.no 15. september 2020

Abid Q. Raja helser frå Tom Cruise

RETWEET: Kulturministeren lét ikkje dette gå upåakta hen.

Journalist Evy Kavli i Åndalsnes avis ville overlate dekninga av filminnspelinga til meir action-glade kollegaer. Men under ein piknik med familien oppover Romsdalen tøffa plutseleg «Orientekspressen» forbi dei.

På toppen av toget sto Tom Cruise og vinka og snakka til folk.

«– Vi elsker å være her. Landet deres er bare så flott. Vi vil definitivt komme tilbake til våren. Det er planen.»
Åndalsnes avis 3. oktober 2020

Var det ein mediestrategi?

Eller er Tom Cruise berre genuint hyggjeleg og glad i Noreg?

Verma sørsida

SØRSIDA: På denne sida av elva Rauma køyrde Tom Cruise både tog og motorsykkel.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Sauebonde og kjentmann

Svein Ove Brøste har køyrd forbi ein av dei mange kraftfulle fossane i Verma, over til andre sida av dalen.

– Det var visst tilfeldig at det var hit dei kom for å filme. Dei såg fossen og brua her, og blei så fascinert, seier han.

Kylling bru

KYLLING BRU: «Eit tigersprang i stein» har den ikoniske jarnbanebrua over elva Rauma merksnodig nok blitt kalla.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Brøste viser togundergangen der Tom Cruise køyrde motorsykkel. Den same ruta. Gong etter gong. Dag etter dag.

For det skal han ha. Tom Cruise gjorde dei skumle stunta sjølv. Etter visstnok 13.000 øvingshopp med motorsykkel.

– Kor opptatt var du av Tom Cruise før han kom hit?

– Eg visste vel knapt kven det var. Eg trur ikkje eg har sett ein film med han, ler Brøste.

No er mobilen hans full av Tom Cruise-bilete.

Cruise på MC Verma

TOM I FARTA: Tom Cruise er ute av helikopteret sitt, og freser av stad på motorsykkelen.

Foto: Svein Ove Brøste

Rett ved togundergangen står Ingulf Sletta (76) og skjær stokk til ei hytte. Den pensjonerte sauebonden var kjentmannen som viste Tom Cruise og filmteamet rundt i dei bratte bakkane med motorsykkelscenene.

Ingulf Sletta er like taktfull som ein profesjonell Hollywood-oppvartar. Han vil ikkje seie stort. Han og Tom Cruise hadde fleire turar oppover kleivene.

Ingulf Sletta Verma

KJENTMANN: Ingulf Sletta.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Korleis er engelsken din?

– Nei, den er ikkje god. Men Cruise hjelpte godt til.

Bonden ville fortelje superstjerna at det hadde ligge ei kvern langs elva. «Mill», sa Tom Cruise etter litt.

Dette er det einaste romsdalingen vil fortelje til NRK.

Men rundt i fylket er det tallaust med andre historier om Tom Cruise.

Morkake og navlestreng

Det var på siste halvdel av 1980-talet at Tom Cruise nådde toppen. Etter «Top Gun» i 1986 var jenterom i Noreg kledd i Tom Cruise-plakatar frå ungdomsbladet «Topp». Det var Morten Harket, Patrick Swayze og Tom Cruise på vegger – og på klistremerka som følgde «Donald Duck & Co».

Tom Cruise i Top Gun

PIKEDRAUMEN: Tom Cruise i Top Gun.

Foto: Paramount Home Entertainment

Tom Cruise fortsette som superkul i «The Color of Money», «Cocktail», «Rain Man», «Født 4. juli» og «Days of Thunder».

Men sjølv om han gjekk over til kvalitetsfilmar som «Et spørsmål om ære», «Jerry Maguire», «Eyes Wide Shut» og «Magnolia», var ikkje Cruise lenger like kul utover på 1990-talet.

Han blei frontfigur for Scientologikyrkja (med milliardar av morderiske romvesen sentralt i skapingsmyten).

Tom Cruise hevda at scientologar er dei einaste som kan hjelpe etter ei bilulykke, og at dei var dei fremste til å få folk til å slutte med dop og kriminalitet.

Tom Cruise med tale under opninga ei ny Scientologi-kyrkje i Madrid i 2004.

KYRKJEMANNEN: Tom Cruise heldt tale under opninga av den nye Scientologi-kyrkja i Madrid i 2004.

Foto: PAUL HANNA / REUTERS


Han skulle ete morkaka og navlestrengen da han blei far. Og kravde at mora måtte vere stille under fødselen (støy og skrik kunne skade barnet i framtida).

Og Tom Cruise kritiserte kollega Brooke Shields for å bruke antidepressiva mot fødselsdepresjon, sidan han såg på psykiatri som pseudovitskap. Shields svarte med at ho ikkje ville ta imot råd frå nokon som trudde på romvesen.

I 2006 var Tom Cruise var den personen klart færrast ville ligge i telt med, i ei avstemming i Stuff Magazine. Nummer to på lista var Saddam Hussein.

Korleis kunne denne karen sette Noreg på hovudet?

Kven ville du helst ligge i telt med?

Noko med auga

Dei som møtte Tom Cruise stridast om han var genuint hyggjeleg – eller veldig tilgjort.

Få vil bli sitert, eller «stå fram», som nokon kallar det.

Men fleire peiker på at han var så triveleg.

Andre seier at det nesten verka som om Cruise hadde bestemt seg for å stå fram som personifiseringa av mindfulness.

Nokre fortel at han gjekk turar i skogen og bada i fjøra.

Lucas møtte Tom Cruise
smp Tom Cruise møtte fansen
Tom Cruise uten maske
Romsdals Budstikke
Bygdebladet
Fikk drømmejobben
Tom Cruise på Verma
Henger Horgheim


Ein teori er at Tom Cruise har eit eller anna rart ved seg, noko med auga som gjer folk i stuss. Og at han er så ekstremt imøtekommande at det gjer han ekstra fascinerande. Kanskje også for journalistar?

Andre peika på at han verka så jordnær at han nesten var kjedeleg å prate med. «Skal han ikkje gå vidare snart?» Også det er jo for så vidt fascinerande.

«– Han var veldig normal, og det sier jeg i beste mening. Han var ikke noen diva, om man kan bruke det uttrykket om menn. Han var en vanlig, normal, hyggelig person.»
Åndalsnes avis 15. oktober 2020

Etter møtet med Tom Cruise blei kulturminister Raja sitert i eit titals aviser:

– Det kan hende det blir ny filminnspilling i Åndalsnes-området, sa de. De vurderer også Hordaland, Lofoten, Vesterålen og Finnmark.

Dermed blei det Cruise-vinklingar i lokalaviser i alle dei nemnde regionane.

Nokre månader seinare kom nyheita om at den neste innspelinga av Mission Impossible er lova opptil 68,6 millionar kroner i refusjon. Rett og slett heile pengepotten.

Plakaten

Svein Ove Brøste viser kor det sto opptil 30 lastebilar på det meste – ein av dei få relativt flate plassane i grenda.

Folksomt på Verma under Mission Impossible

KOK PÅ VERMA: Filmfolk og skodnelystne ga folkehav denne sida av Verma ikkje hadde sett før, da Tom Cruise køyrde motorsykkel. Alle bilete: Svein Ove Brøste.

Folkesamling Verma

NYE FANS: Fleire venta i timevis for eit glimt av Hollywood-stjerna.

Tom Cruise tar av Verma

HELIKOPTERET: Nesten kvar dag landa Tom Cruise med det vesle, svarte helikopteret sitt.

Helikopter på Verma

OPPTIL FIRE HELIKOPTERE: Det har aldri skjedd så mykje nær Kylling bru.

På Verma var det opptil 200 personar som dreiv med innspeling – ei firedobling av folketalet. Til saman brukte produksjonen 178 millionar kroner i Noreg (der 44,5 millionar blei betalt tilbake), ifølge tal frå Norsk filminstitutt.

Me svingar oppom det store våningshuset til Ester Sletta. Mellom sauene hennar var det tjukt av utanlandske filmfolk i fjor. Ho visste heller ikkje korleis «Tom Kruse», som nokre av dei eldste i bygda uttalar namnet, såg ut før han begynte å køyre motorsykkel rundt garden hennar.

No har ho begynt å sjå opp filmane hans. Det er visst litt av kvart.

Sletta går inn og hentar det dei hadde tenkt å henge opp på prydplass på butikken. Ein plakat med Verma-postkort og tekst om Tom Cruise-besøket. Den forseggjorde plakaten er framleis ikkje signert.

– Me begynte for seint. Me trefte han ikkje igjen før han hadde reist heim, fortel Svein Ove Brøste.

Plakat Filminnspilling med Tom Cruise på Verma

FUNDAMENTAL MANGEL: Plakaten med postkortet manglar det viktigaste: Signaturen til filmstjerna.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Hendte det at nokre syns det blei for mykje styr?

– Nei, det blei jo litt trafikkfarleg med alle bilane som bråstansa for å få eit glimt, men elles var det mest stas. Og så blei jo Verma sett på kartet da, seier Svein Ove Brøste.

Men kor god Verma-reklame er det eigentleg – om filmscenene er lagt Alpene?

– Det har eg ingen føresetnad for å seie, men det er i alle fall ikkje negativt. På hytta i Sverige kan eg no seie at eg kjem frå plassen der Tom Cruise spelte inn film!

Lusekufter og Nordsjø-olje

Den norske Tom Cruise-feberen (eller var det korona-influensa?) i 2020, gir minner tilbake til 1970- og 1980-talet. Til den tida den norske kulturelle sjølvtilliten nådde botn, og me smykka oss med amerikanske B-skodespelarar som kunne si «Jai elsker Noreg» medan dei tredde på seg ei lusekufte.

Ken «Festus» Curtis frå TV-serien «Kruttrøyk» blei æresgjest under Tønsbergs 1100-årsjubileum, fordi han tilfeldigvis var i Noreg. Earle Hyman i «The Cosby Show» hadde hytte på Vestlandet og kunne knote på nynorsk. Steve Guttenberg frå «Politiskulen» kom som prisutdelar under Amandapris-tildelinga i 1987.

Det gjorde ikkje John Forsythe, kjent som Blake i «Dynastiet», men han sende «påklederska» si til Haugesund under same Amanda-show – og ho fekk med seg ei flaske ekte Nordsjø-olje tilbake til «Dynastiet»-settet.

Amanda 1987

KULTURELT BOTNPUNKT: Frå Amanda-showet i 1987.

Foto: Skjermdump / NRK

Tru kva Helge Jordal, Bjørn Sundquist og resten av dei norske stjernene i salen tenkte.

Er me tilbake dit?

Utkantsyndromet

Ja, meiner Tom Bratrud, sosialantropolog ved Universitet i Oslo.

– Eg trur dette kan kallast det norske utkantsyndromet. I Noreg er me vant til å vere utanfor der avgjerdslar blir tatt og stjerner bur. Når stjernene først kjem «ned til oss», opplever me også oss sjølve meir viktige – og me er ofte villige til å gjere mykje for å imøtekome dei.

Men burde ikkje Noreg i dag ha komme lenger? Me er jo «verdas rikaste land» og «ei humanitær stormakt».

– Jo, men det er litt som nyrik-syndromet; det er såpass nytt for oss at me lett lar oss forføre av det store utland. Og me er framleis ein liten kulturnasjon.

Noreg er landet som fostra Hamsun, Ibsen, Munch og Grieg?

– Enkeltpersonar har me hatt, men Noreg har aldri sett på seg sjølv som ein stor kulturnasjon. Særleg ikkje innan popkultur.

Sosialantropolog Tom Bratrud

FORSKAR: Tom Bratrud kallar det utkantsyndromet.

Foto: UiO

– Var det også noko spesielt med Tom Cruise?

– Ja, absolutt. Han har jo ein mytisk posisjon som verdas kjekkaste mann, i alle fall for ein generasjon. Fleire av oss hugsar nok skuledagbøker der jentene skreiv at Tom Cruise var draumemannen.

– Han er også ein kontroversiell scientolog-topp. Kvifor har det prega den norske dekninga så lite?
– Det norske folk kjenner han mest som den store Hollywood-stjerna, som har spelt i actionfilmar som har vore populære her i Noreg. Det overstyrer kraftig det kontroversielle.

Bratrud, som blant anna har forska på bygdeliv i både Noreg og Stillehavet, peiker på noko anna viktig. At det på bygda, der ein ikkje får så mykje besøk til vanleg, skjedde det noko.

– Å få ein kjendis som Cruise på besøk i bygda blir ei tydeleg hending, det blir liv, gøy og sirkus som bryt opp kvardagen og samlar folk.

Lets Make Verma Great Again

DRAUMEN: Ved sidan av dette broderiet på Verma Nærbutikk skulle det hengt eit minne frå Tom Cruise.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

«Make Verma Great Again»

Det skal vere sikkert og visst.

Bak kassa på Verma Nærbutikk står den største kjendisen i bygda. Marit Kvam har nemleg vore med på «Der ingen skulle tru at nokon skulle bu». Ho merka ikkje auka omsetning under opptaka.

– Dei hadde no med eigne matvogner, fortel ho.

På butikken er det kaffisamling kvar kvardag mellom 11 og 12. På veggen heng eit broderi i korssting: «Let’s Make Verma Great Again».

Rundt bordet er dei gråna einige om at det var nettopp det som skjedde i fjor haust.

– Det var no moro at det skjedde noko her, seier ei.

– Me var no ute og kikka kvar dag, seier ei anna.

– Eg brukte kikkerten flittig, ja, seier ei tredje.

– Og det var no fleire gonger det var bilkork her. Det har vel ikkje skjedd før i Vermas historie, seier ei fjerde.

Nærbutikken Verma

KAFFISAMLING: Den daglege dont med kaffi og prat på landhandelen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det er no den største kjendisen som har vore her sidan Einar Gerhardsen, høyrer eg igjen.

Dermed glir praten over frå filmstjerna til landsfaderen. Og over til sonen til Gerhardsen. Vidare til barnebarna til Gerhardsen. Og så til sonen til Reiulf Steen. Eg prøvar ikkje å pense samtala tilbake til Tom Cruise.

Hei!

Har du noko du meiner me i NRK Møre og Romsdal bør sjå på?
Ta gjerne kontakt med tips! Om du kjedar deg kan du gjerne sjekke ut andre saker eg har skrive, slik som Kva skaper ein toppklubb?Den rette kongenrånestriden i Ørsta eller Snøbrettpionerane