Huset som ikkje ville brenne

Ei januarnatt i 1904 blei Ålesund lagt i ruinar av ein voldsom brann.

850 hus gikk tapt og over 10 000 menneske måtte flykte.

Men midt i brannruinane stod dette trehuset igjen.


Korleis kunne det skje?

Myten om mirakelhuset i Ålesund har fått leve i over hundre år…

Ålesund før brannen.

Dette er truleg eit av dei siste bilda som er tatt av byen før katastrofen.

Trehusa stod tett i tett i trange gater. Mange livnærte seg som fiskarar og handverkarar.

I dei finaste trehusa budde dei velståande familiene – men dei fleste i Ålesund levde under langt enklare kår.

I byen budde også Anders Nord saman med familien sin.

Han var ein djupt truande indremisjonsmann.

Historia hans frå brannen lever den dag i dag.

Klokka 02.15 natt til 23. januar 1904 gjekk brannalarmen i Ålesund.

Det var starten på eit rundt 16 timar langt branninferno.

Byhistorikar Harald Grytten har skrive fleire bøker om bybrannen.

Brannen ramma alle - uansett sosial status, fortel han.

Rike, gamle, fattige, barn, høggravide og sjuke måtte flykte i lag gjennom flammar, gnistregn og orkan.

Brannkorpset i Ålesund i 1904 var på kun 12 personar, i tillegg til mange frivillige.

Dei måtte frakte utstyret rundt med hest og kjerre og pumpe vatn med handemakt.

I rapporten etter brannen skildrar brannmesteren ein umogleg kamp mot flammane.

Det var ein orkanaktig storm, skriv han.

Stadig nye hus tok fyr sjølv om dei stod langt unna andre hus som brann.

Pastor Vidar Godø står inne i huset som blir kalla mirakelhuset i Ålesund.

Det var her Anders Nord budde då byen brann.

Godø skildrar Nord som ein stillfarande, djupt kristen mann som folk hadde stor tillit til.

Men truverdet til den gamle mannen blei sett på prøve då han hevda at han dagen før katastrofen fekk besøk av ein engel, seier Godø.

Ifølgje Nord skal engelen ha vist seg på høglys dag, medan han var åleine heime.

Bodskapen var at byen skulle brenne ned den komande natta, men at Anders Nord og huset hans skulle bli spart, seier Godø.

Då kona kom heim skal Nord ha fortalt henne om opplevinga si.

Ho blei redd og klarte ikkje heilt å tru på det, seier Godø.

Då brannen herja som verst skal Anders Nord ha nekta å forlate huset.

Men kona flykta og folk redda ut alle møblane.

Ifølgje Nord sjølv skal han ha vore i huset heile natta gjennom, fortel Godø.

Huset låg midt i vegen for den orkanaktige stormen.

Om Anders Nord var i huset denne natta, så hadde han god utsikt til flammehavet som kom stadig nærare.

Då brannen stilna stod heimen til Anders Nord igjen.

Nabohusa var vekk.

Møblane som folk hadde redda ut av huset til Nord hadde brunne opp.

Harald Grytten synest historia om Anders Nord er viktig å ta vare på.

Men var det tilfeldigheiter eller eit mirakel som gjorde at huset blei spart?

For han er spørsmålet viktigare enn svaret.

Her er mykje å undre seg over, seier han.

Jan Olav Flatmark har jobba i brannvesenet i Ålesund i 40 år.

- At huset står her i dag er ikkje noko mirakel!

Ei opa mark framfor huset gjorde at det ikkje blei utsett for såkalla strålevarme.

Huset låg med breisida mot vinden. Gnistane fauk over huset og fekk ikkje tak, seier Flatmark.

- Det er tilfeldig at akkurat dette huset står igjen.

Men han forstår at folk undrar seg når dei høyrer historia.

Han har ikkje noko behov for å øydelegge myten som har blitt ein turistattraksjon i byen.

Pastoren trur på fortellinga til Anders Nord.

- Kva hadde han å vinne på å lyge om ei slik oppleving?

I 2012 fekk pinsekyrkja i Ålesund huset til Anders Nord i gåve frå ein næringslivsleiar i byen.

Nok ein gong blei huset redda frå ruin.

Det var i svært dårleg stand, men Vidar Godø og kyrkjelyden har restaurert det og gitt det namnet Mirakelhuset.

No driv dei kafe og museum og held ope i turistsesongen.

Byhistorikar Harald Grytten deler kanskje ikkje pinsekyrkja si tru - men kallar brannen for ei velsigning for byen.

Opp av aska steig det nemleg ein ny, og moderne by.

I løpet av berre tre år blei meir enn 320 jugendstilbygningar oppført i mur.

Heile 50 arkitektar var med i gjenoppbygginga.

Mange var unge og opptatt av det som var datidas moderne stil, kalla Art Nouveau eller Jugend.

Resultatet blei eit bysentrum som truleg er det mest unike og einsarta jugendbybiletet i Europa.

Levestandarden steig og økonomien vaks.

Etter brannen fekk folk det mykje betre på veldig mange område, seier Grytten.

- Til dømes hadde vesle Ålesund på den tida fleire vassklosett enn Oslo.

I dag kjem turistar frå heile verda for å sjå den unike samlinga av vakre murhus.

Mange tar også turen til huset der Anders Nord budde.

Dei britiske cruiseturistane Marian Wood og Maria McGinley koser seg på kafe og lar seg fascinere av historia.

Men trur dei på den?

Dei er usikre.

Og det er akkurat det det handlar om, seier pastoren. Det handlar om å tru.

- Ingen har handfaste bevis for kva som skjedde med huset.

Ein person omkom i brannen.

I tida etterpå blei det gjennomført ei etterforsking i byen. Ein person blei tiltalt for eldspåsetting, men ikkje dømt.

Det er dermed aldri slått fast kva som eigentleg skjedde då Ålesund brann ned ei vinternatt i 1904.

Kjelder:

Bøkene "Viltre Gutt" og "Byen Brenner" av Harald Grytten

Sindre Nakken

Viti/Jugenstilsenteret

Takk til:

Aalesunds Museum for lån av bilde

Hatlehols for tilgjengelegjering av bilda

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal