Hopp til innhold

Volda-Rjånes kjem ikkje på NTP

- E39 mellom Volda og Rjånes kjem ikkje med når Nasjonal Transportplan blir lagt fram fredag, trur Statens Vegvesen.

E-39 gjennom Volda/Ørsta

E39 skal leggjast om frå Volda til Rjåneset. Men det skjer ikkje i den komande planperioden for Nasjonal transportplan. Etter planen skal ein tunnel gå frå Volda til Furene. Derifrå skal vegen anten i ny trasé gjennom Ørsta sentrum eller via Eiksundsambandet.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

- Vi har sett på desse prosjekta i våre stamvegutgreiingar. Dei er grunnlaget for Nasjonal transportplan, seier strategisjef Kjetil Strand i Statens Vegvesen, region Midt.

- Der ser vi at vi ikkje har plass til Volda-tunnel før etter 2020, og veg til Rjåneset etter 2030.

Ventetid for omveg

Dermed må ein vente i alle fall ti år til før det blir ny veg utanom Volda sentrum.

Fleire har teke til orde for at vegen gjennom sentrum må endrast når Kvivsvegen er på plass, men no ser det altså ut til at trafikken frå Kvivsvegen vil gå gjennom gatene i sentrum i nokre år før eit alternativ er på plass.

- Når det gjeld tunnel utanom Volda sentrum, jobbar vi no med ein kommunedelplan for å finne det beste alternativet. Det blir då grunnlag for ein reguleringsplan, så i løpet av neste år bør vi ha valt eit alternativ der, seier Strand.

Lenger plan for Furene-Rjåneset

Frå Furene til Rjåneset skal også vegen utbetrast, men dette ligg altså endå lenger fram i tid. Der må ein gjennom to år ekstra med planarbeid, mellom anna fordi ein har to alternativ å velje mellom.

Anten skal ein byggje ny veg langs sjøkanten i Ørsta sentrum, eller via eksisterande veg på Eiksundsambandet og kryssing over fjorden til Rjåneset.

- Dersom det skulle kome pengar ser vi moglegheiter til å realisere tunnel bak Volda. Der kan vi ha reguleringsplanen ferdig i 2011. Då er det prosjektering, grunnerverv og bygging som gjenstår, seier Strand.

NTP-lekkasjar

Det er kome to lekkasjar om kva som kan ventast på Nasjonal transportplan som blir lagt fram fredag. Mellom anna skal det bli lettare å byggje fastlandssamband når staten no endrar reglane for kompensasjon.

Etter dagens ordning får eit prosjekt som avløyser eit ferjesamband overført dei pengane ein elles ville brukt til ferjedrift i 15 år etter at sambandet er bygt.

Denne regelen vil ein no endre, slik at ein får pengar tilsvarande 30 års ferjedrift etter bygginga.

Auka rassikringspott

I tillegg er det sagt at regjeringa kjem til å doble rassikringspotten i den komande NTP-perioden. Etter raset i Oppdølsstranda i august 2008 har det vore eit krav at denne potten må aukast til ein milliard per år.

No skal dette vere på plass.

Nasjonal Transportplan for perioden 2010-19 blir lagt fram av regjeringa fredag 13. mars.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL