Hopp til innhold

Samferdselsjubel i Møre og Romsdal

- Dette er ein god dag for dei planlagde ferjefrie sambanda, seier samferdselspolitikaren Oddbjørn Vatne. Subsidieperioden for slike samband blir auka frå 15 til 30 år.

I dag får ferjefrie samband nytte dei pengane som blei brukte på ferjedrifta i 15 år etter at sambandet er ferdig. Regjeringa vil i nasjonal transportplan forlenge denne perioden til 30 år. Dette har vekt begeistring hos politikarar i Møre og Romsdal.

Fleire hundre millionar

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordøyvegen er det ferjeavløysingsprosjektet fylket har prioritert som nummer ein. Oddbjørn Vatne (Sp) er tidlegare prosjektleiar for Nordøyvegen, og seier at dette er eit stort framsteg for prosjektet. - Dette vil gje fleire hundre millionar til Nordøyvegen. Det betyr at vedlikehaldet vil vere betalt i 30 år - fylket treng ikkje leggje inn pengar etter at vegen er bygd. Eg håpar på at vi kan få gjennomført ein kombinasjon av ferjesubsidiar og rentefrie lån både for Nordøyvegen og andre av dei fjordkryssingane vi held på å planleggje, seier Vatne.

- Sikker på vedtak

Helge Orten

Helge Orten

Foto: Roar Strøm / NRK

- Dette vil vere eit svært viktig bidrag til å gjennomføre Møreaksen, seier styreleiar Helge Orten. - Håpet mitt er at dei også kan vere meir fleksible når det gjeld bompengeperioden i ferjeavløysingsprosjekt. Eg er nokså sikker på at forslaget frå regjeringa blir vedteke.

- Flaggdag

Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve (H)

Elisabeth Nørve

Foto: Sissel Kvalvik / NRK

- Dette er ein flaggdag for Møre og Romsdal, seier stortingsrepresentant Eisabeth Røbekk Nørve (H). - Dette vil løyse mange flokar når det gjeld å få sett i gang viktige vegprosjekt både i Møre og Romsdal og andre ferjefylke.

Lettare å byggje ferjefritt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL