Hopp til innhold

Krev svar om E39

- Styresmaktene må no bestemme seg for kvar den framtidige europavegen ved Volda sentrum skal gå, krev lokal trafikktryggingsgruppe.

I dag er ferjesambandet Volda - Folkestad ein del av E39. Når Kvivsvegen er ferdig i 2012, er den den som blir europaveg, og europavegen må dermed gå gjennom sentrum av Volda.

Ei trafikktryggingsgruppe som vil ha europavegen vekk frå sentrum, bad i februar om eit møte med Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet, men har enno ikkje fått svar. Planen er at ein tunnel skal føre trafikken utanom sentrum, men gruppa fryktar at det kan ta mange år før den blir bygd, seier leiaren Rolleiv Hjelle.

Fredag blir Nasjonal transportplan for perioden fram til 2019 lagd fram, og gruppa krev at det snarast kjem ei avklaring om kvar den nye europavegen skal gå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL