Hopp til innhold

Meir til rassikring

Rassikringspotten i Nasjonal transportplan blir auka til ein milliard kroner per år i neste periode.

Oppdølsstranda

Riksveg 70 på Oppdølsstranda i Sunndal

Foto: Eirik Haukenes

Dermed blir ønsket til Nasjonal rassikringsgruppe oppfylt.

- No kan det gå fortare å realisere rassikring langs vegane, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet, medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen.

Det er framleis opp til fylket å prioritere prosjekta.

- Kunne ikkje la vere

Frank Sve

Frank Sve

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Det ville vore uråd for regjeringa å la vere å auke rassikringsmidlane, seier Frank Sve (FrP). Han er leiar i samferdselsutvalet i fylket og ordførar i Stranda. - Vi er eitt av dei fylka som har størst problem med ras. Dette betyr at vi får fortgang og framdrift med dei tre prosjekta som er prioriterte og kan gjennomføre dei i planperioden, seier Frank Sve.

Den neste perioden i Norsk transportplan varer fram til 2019. Dei tre rassikringsprosjekta som Møre og Romsdal har prioritert, er Oppdølsstranda på riksveg 70, riksveg 60 mellom Stranda og Hellesylt og riksveg 63 Eidsdal - Geiranger. Arbeidet på riksveg 60 startar i år.

Tove Lise Torve

Tove Lise Torve

Foto: Trond Vestre / NRK
- Kan ta tid

- Den endelege fordelinga av rassikringspengane kjem i statsbudsjettet frå år til år, men med ein milliard årleg fram til 2019 vil vi nok kunne gjennomføre dei store prosjekta. Det seier Tove Lise Torve (Ap), ordførar i Sunndal. Ho seier at det nok vil ta litt tid, spesielt med Oppdølsstranda, dersom ein ikkje finn måtar å forskottere prosjektet på.