Hopp til innhold

Sande-øyane nærare å bli landfaste

Øyane i Sande kommune er eit steg nærare å bli landfaste etter regjeringa si regelendring. Og det kan dei bli utan bompengar.

Kvamsøya

Kvamsøya er ei av øyane som no er eit steg nærare å bli landfaste, etter at regjeringa endrar reglane for ferjefrie samband.

Foto: Olav Hustad / NRK

Sande Fastlandssamband har vore under planlegging sidan midten av 1980-talet, og skal knyte Sandsøya, Voksa og Kvamsøya saman med Åram i Vanylven.

- Dette kan no bli realisert utan bruk av bompengar, seier dagleg leiar Jostein Korsnes.

- Etter det vi har rekna oss fram til når det gjeld kostnader, kan vi greie dette berre ved hjelp av innsparte midlar, seier han. Dei skal sparast inn på ferje og andre offentlege tenester.

Heldig NTP-lekkasje

- Dette er tenester som uansett blir brukte i dag, som ein kan bruke til noko meir formålstenleg, fortel han.

Dermed kan øyane i Sande få fastlandssamband utan bompengar, etter at regjeringa tidlegare i veka fortalde at dei vil utvide subsidieperioden frå 15 til 30 år.

Ferjefrie samband skal få pengane som ferjene kostar i 30 år etter bygging.

Dermed vart regjeringa si lekkasje frå den komande Nasjonal Transportplan ei god nyheit for Sande Fastlandssamband. Innsparte midlar skal føre til gratis samband for folket på Kvamsøya, Sandsøya og Voksa, og det er ikkje småpengar dei tenker å spare inn.

- Vi har rekna oss fram til ein pris på om lag 500 millionar kroner, seier Korsnes om sambandet.

Betre kommunikasjon

Kommunikasjonen frå øyane vil bli mykje betre når fastlandssambandet blir realisert, meiner Korsnes. Når ein kan køyre til Åram, og ta ferje til Larsnes, vil tida det tek å reise til kommunesenteret i Sande bli kortare enn det er i dag.

- Det er ikkje naudsynt å slå oss saman med Vanylven, sjølv om vi skal knyttast dit med tunnel. Det vil ikkje bety noko for oss korleis kommunegrensene blir i framtida, seier han.

Alternativ bruk av pengar

Sande fastlandssamband

Kartet viser tre alternative kryssingar frå Voksa og Sandsøya (øvst), til Kvamsøya (nedst i bildet), der både tunnel og lågbru er alternativ.

Foto: Kart: Sande Fastlandssamband

For øyane treng ferjene, så lenge det bur folk der. I følge Korsnes vil ferjene kome til å gå lenge, og dermed vil det vere eit godt tiltak å heller bruke pengane til å gjere det lettare å bu på øyane.

- Det er klart at eit fastlandssamband vil gjere det lettare å bu i utkantane. Det har lenge nok vore trafikk innover mot storbyane, så dette var eit veldig fint distriktspolitisk innslag.

Han meiner sambandet som skal knytte øyane i Sande saman med Åram i Vanylven, er eit langt steg nærare realisering no, og at bygginga kan kome i gang så fort kommunedelplanen er klar. Det betyr at bygginga, som er rekna å ta eit par år, kan kome i gang i 2010.

- Byggesjansane har auka kraftig for oss når vi no veit at det er 30 år, heller enn dei 15 som var før, så det er veldig behageleg, humrar Korsnes.