Hopp til innhold

Vil skifte namn etter å ha sett NRK-program

Andreas Hesselberg (37) i Ålesund vil endre namnet sitt etter å ha sett NRK-programmet "Nomino" sist veke. Han meiner livet er for kort til å ta namneval så seriøst.

Andreas Hesselberg

BLODFAN: – Eg kjenner ingen andre som heiter det same, seier mannen som vil endre namnet sitt til Andreas Geocacher Hesselberg.

Foto: Espen Alexander Schultz Andersen

37-åringen frå Tønsberg kan sikkert kallast både nerd og blodfan når det gjeld geocaching, orienteringsjakt i naturen ved hjelp av GPS. Saman med familien fartar han land og strand på jakt etter nye mål, og vil no rett og slett endre namnet sitt til Andreas Geocacher Hesselberg.

Eg likar å vere litt sprø, og sidan geocaching har blitt ein så stor del av kvardagen min, syns eg det var litt artig. Eg kjenner ingen andre som heiter det same, ler Hesselberg.

Norsk underhaldningsserie. Alle i heile verda heiter noko. Kvifor har me namn? Kor viktige er dei for oss? Og kva ville du heitt om du sjølv fekk bestemme? Programleder: Gøril Grov Sørdal.(1:8)

Blei inspirert av NRK-program

Tobarnsfaren har sysla med tanken før om å endre namnet, men fekk eit spark bak då han sist veke såg det nye NRK-programmet "Nomino", som handlar om namn.

Her fekk han mellom anna møte Knut Hjelle frå Hareid, som tidlegare heitte Mardon, men som nettopp skifta namn. Dermed var det gjort.

– Det var det programmet som fekk meg til å få ut fingeren. Eg har leika med tanken før, eg trur ikkje ein treng å ta dette med namn så seriøst, ein kan like godt vere litt vill og gal, ler han.

Les også:

Applaus frå programleiaren

Gøril Grov Sørdal

Programleiar Gøril Grov Sørdal i NRK syns det ville vore kjedeleg om alle heitte det same.

Foto: NRK

Andreas Hesselberg får applaus frå programleiar Gøril Grov Sørdal. Neste program, tysdag klokka 20.25, handlar det nettopp om vaksne som tek namn etter lidenskapen sin.

– Kult! Tenk så kjedeleg om alle heitte det same, seier ho, og viser til at mange har gjort som Hesselberg etter at namnelova blei mjuka opp i 2003.

Eg trur det viser at namna våre er blitt ein kanal for å uttrykkje kven du er og kva du likar. Og kvifor ikkje? Så lenge det ikkje går ut over nokon ser eg ingen grunn til å at folk ikkje skal leike med namna sine, seier ho.

Berre Hesselberg på jobben

Men Hesselberg han moderer seg likevel litt, når det gjeld å bruke "Andreas Geocacher Hesselberg" på jobben. Andreas Hesselberg arbeider vanlegvis med it, og seier han har tenkt litt på korleis han skal bruke namnet. Han ønskjer ikkje å bli tatt useriøst.

– Eg kjem ikkje til å bruke det nye namnet i seriøse samanhengar, men til dømes vil eg bruke det internt i geocach-miljøet.

– Så dersom eg møter deg og helsar på deg, så vil ikkje du seie noko anna enn Andreas Hesselberg?

– Jau, dersom det er ein uformell samanheng, så vil det jo vere litt artig, seier han.

Far og son på skattejakt

Sonen Isak Theodor Hesselberg

Her er sonen Isak Theodor Hesselberg godt fornøgd etter å ha funne ein skatt saman med far sin.

Foto: privat

Tobarnsfaren har funne over 700 "skattar", og sonen på fire år er også ivrig med på geocaching. Smårollingen har allereie vore med på 170 turar.

Dersom faren no får godkjent namnet sitt av skatteetaten reiser unge Isak Theodor Hesselberg (4) snart på tur med Andreas Geocacher Hesselberg.